Ungdommen veks til...
...og blir vaksen. Ja, eg snakkar om meg sjølv! Lite visste eg for nokre år tilbake om at eg ville fryde meg over verandakasser og minidrivhus, rabarbrasesong og kakeoppskrifter! Ok da, det siste visste eg... ;)Eg har fri før arbeidshelg i dag, og eg kosar meg :) Eg har ingenting eg absolutt må ha unnagjort i ein fei, men puslar med akkurat det eg har lyst til. Difor starta eg med å halde senga nokre timar ekstra, før eg tok ein god dusj og ein lang frokost. Deretter trilla eg og bilen til gamle trakter på andre sida av byen. Omsider fekk eg levert dei siste bøkene frå studia på biblioteket på Dragvoll, og så rulla eg ned til Moholtbiblioteket og lånte nye ;) Reisehandbøker! Vi skal jo på storbyferie i sommar! Paris og London blir heilt sikkert stas :) Og veit du kva dei hadde på Moholtbiblioteket? Bokutsalg! 5 kroner per bok - DET kan eg like!
Ikkje verst å komme heim med dei fire bøkene om Elling, ei tekstsamling av melankolske Jan Eggum, og den udødelege Anna Karenina av Tolstoj - for 30 kroner til saman! For ein opptur!
Og den stoppa ikkje der heller, for når eg først var på desse traktene fann eg ut at eg kunne handle på ICA på Moholt for gamle dagars skuld. Der bugna det av urter i grønnsaksdisken :) Eg begrensa meg til basilikum og grasløk,
men dei tek seg godt ut i kjøkkenvinduskarmen (som eg for øvrig har planer om å male). Ikkje nok med det: Eg hadde heilt gløymt at det er rabarbrasesong! Eg måtte kjøpe med meg ein solid bunke, så får vi sjå om det blir suppe ein dag eller om eg frys ned og brukar til pai seinare... Eller begge deler kanskje?
Eg køyrde over Steinan på veg heim att, og det såg ut til at huset med sokkelen klarte seg godt utan oss. Dermed kunne eg med godt samvit vende nasen mot toppetasjen, og kose meg med det nyaste Pondusbladet og fromasjrestar frå gårsdagens sommaravslutning med Aurum. Det stinkar Miracle her, for eg klarte å kaste ei lita parfymeflaske i golvet på badet i dag tidleg, men når dagen er så bra ellers kan eg faktisk leve med det ;)
Viss forresten nokon av dykk mot all formodning skulle lure på kva eg bestemte meg for med omsyn til jordbærplantene i førre innlegg, kan eg opplyse om at det vart leca i botnen og jord oppå. Eg veit ikkje om det var lurt, men krukka ser uansett veldig koseleg ut der den står ute på balkongen :)