Viser innlegg med etiketten kavalkade. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kavalkade. Vis alle innlegg

03 januar 2011

På tide...

...med ei bloggoppdatering? Definitivt! Og tradisjonen tru startar eg bloggåret med eit tilbakeblikk på året som har gått.

Januar
(Gråkallen kikka opp frå tåka)

Mannen og eg starta året med å gjere ting vi ikkje kan. Unnskyld; kunne. Ikkje berre prøvde vi oss på nye matrettar, men vi slo faktisk til og kjøpte oss vår første leilighet! Toppetasjen på Byåsen vart vår på papiret, og nedteljinga til overtakinga tok til.

Februar
Bloggarkivet for februar vitnar om skulearbeid, strikking, OL og tantetilværet. Sistnevnte vart utvida med ein liten Prins nede på vestlandet.

Mars og april
Badekar, oppvaskmaskin, større kjøkken, nyoppussa bad, spisskammers, balkong.... Både bloggarkiv og fotoarkiv er klar i sin tale i forhold til kva som opptok oss i mars og april månad. Overtakinga av leiligheta var eit faktum, og livet i toppetasjen tok til. Eit liv eg kan like :)

Mai
Det ser ut til at balkongen har stått i fokus i mai. I tillegg til prinsedåp, ein Romsdalstur, markatur, og siste skuleveke i vidareutdanninga mi. Det minner meg om at det var ein travel vår igrunn, med skule, eksamen, flytting og det eine med det tredje. Men eg kom då i mål :)

Juni
Tilsynelatande har eg stort sett stått på kjøkkenet i juni. Iallfall dersom arkiva mine speglar sanninga, med rabarbra, urter, diverse bakverk og mamma sine kjøttkaker! Men dei speglar også gode familierelasjonar og vennskap :) Og torevér ;)

Juli
Juli var mykje godt ferie - med mykje aktivitet! Vi var fadderar til ein liten prins i Ålesund, vi feira og kosa oss med familie heime på Vågstranda, vi var på fleire turar i Bymarka og i Romsdalsfjella - med det geografiske høgdepunktet på flotte Trollstolen. Ein herleg månad på alle vis, avslutta med kjærestetur til Paris og London :)

August
Vi avslutta ferien med nokre varme dagar i Sandefjord saman med svigers, før vi vende nasen heimover til Toppetasjen att. Der kunne vi nyte resten av sommaren, kun avbrutt av jobb på dagtid ;) Ein sommar med mange gode minne å sjå tilbake på.

September

Sjå på denne jenta da! Hehe... Utan å ha site på ein hest sidan ferien i Legoland sommaren 1989 sa eg ja til å bli med mi gode venninne frå vidareutdanninga på ridehelg på Hjerkinn i september. Ei kjempeoppleving! Ein dyregod månad i det heile tatt, for vi utvida familien med eit flott eksemplar av ein undulat :) Og ny sofa.

Oktober
Blåhøa i Trollheimen var med på å sette standarden for oktober. Ein kjempetur med gode vener er aldri å forakte! Elles inneheldt oktober besøk frå oversøster &co, nye briller og nye strikkebøker. Dessutan rakk eg også ein blåtur med koret til Åre, og å halde eit innlegg om fysisk aktivitet på Midtnordisk konferanse i psykisk helsearbeid.

November og desember
Dei to siste månadane dette året var fylt med musikk. Først og fremst Aurum, og to konsertar med dei, men også eit besøk til det nye museet i Trondheim; Rockheim. Det har også vore månadane med variabel helsetilstand, noko både aktiviteten på bloggen og med Nikon bekreftar. Men vi avslutta iallfall året med ei hyggeleg julefeiring med svigers, og hyggeleg nyttårslag med gode vener her i toppetasjen.

Det har vore eit innhaldsrikt år på så mange vis, og det komande blir nok ikkje mindre spanande. Eg har trua på at 2011 blir nok eit år der vi får bryne oss på ting vi ikkje kan. Og utfordringar - ja det er utviklande :)

Godt nytt år!

30 november 2009

Å nyte, nyt har nytt :)

Den observante lesar har kanskje fått med seg nyteavtalen eg og Anniken har hatt i haust. Vi lovte kvarandre å finne noko nytbart kvar dag gjennom heile hausten. Som sagt så gjort, og eg har til og med publisert nytelsen her. No tenkte eg å summere opp:

25.08. nytte et gode tilbakemeldingar frå ein kollega. 26.08. var nok ein onsdag, sidan eg har nytt Kammerkoret Aurum ekstra mykje den dagen. 27.08. var eg heime og laga saftig sjokoladekake til Haltdalsturen med jobben. 28.08. nytte eg frisk og god fjelluft der oppe.
29.08. kunne eg tydelegvis nyte restar av sommarsol, for så å kunne sove lenge den 30.08. 31.08. hadde vi haustens første møte i "Tiller strikk og lyrikk" - der vi yngste i kollegaflokken møtest heime hos ein av oss til litt gamlisaktivitet (skravling, kaffe, strikking og dikting...)

1.09. fekk eg vite at prinsesse Gullhår og Keisarnevøen skal få ein liten bror eller ei søster i februar. 2.09. må Mannen ha imponert med sine fingerferdigheiter - men eg hugsar ikkje lenger kva det dreide seg om... 3.09. hadde eg ostesmørbrød med pesteo (nam!) til lunsj, og 4.09. nytte eg ein tur i Bymarka med friluftsgruppa - trass i ruskevéret. 5.09. stod kylling tandoori på menyen her i heimen, og 6.09. var vi på søndagstur på St.Olav-spranget.
7.09. har eg visst hatt ein jenteprat, og det er jo alltid kjekt. (Tru kven eg kasta meg over denne gongen? Kari kanskje?) Den 8.09. var det derimot Mannen som var i fokus, sidan han hadde bursdag :) 9.09. smakte det ekstra godt med knekkebrød med kvitost, og den 10.09. fekk eg visst heile TO pakker i posten (ei bok, og strikkegarn viss eg ikkje hugsar heilt feil...). 11.09. fora vi oss med kyllingwok før vi den 12.09. la ut på campingtur/fjelltur i Berkåk saman med gode vener. 13.09. har eg konstatert at turen var vellukka :)
14.09. fekk Mannen resultatet på masteren sin, og eg kunne nyte synet av ein fornøgd sivilingeniør :) 15.09. kunne eg nyte eit fortsatt raudgrønt fleirtal, samt Kari si heimelaga tomatsuppe! 16.09. hadde vi besøk av ein kjempedyktig sangpedagog (Randi Lundamo) på Aurumøvinga, og vi gler oss til ho kjem tilbake i januar! 17.09. handla eg på Stormberg, og hurra for miljøprofilen deira! 18.09. var vi på fårikålmiddag hos Ladeprinsessa, og fårikål høyrer jo hausten til. Det gjer det nydelege haustveret 19.09. også!
20.09. reiste eg med tog over vakre Dovrefjell til Oslo, der eg 21.09. starta på vidareutdanning i fysisk aktivitet som integrert behandling i psykisk helsearbeid. Eg nytte gode dagar i Oslo, og fekk mellom anna med meg middag hos Inger-Helene og Thomas 22.09., kanotur på Dikemark 23.09. 24.09. åt eg middag saman med Turid på Tullin kafé, og 25.09. kom Mannen også nedover og vi tok ein kikk på operabygget :)
Fødselsdagsfeiring på etterskudd kan vere rett så koseleg, og når det 26.09. også innebar lunsjbuffet på Klekken var det jo ekstra bra :) Lavprisekspressen berga oss 27.09. tilbake til Trondheim, sidan Forden takka for seg då Mannen var på veg sørover eit par dagar tidlegare...

28.09. stod det endeleg fisk på menyen igjen, noko det vart lite av i Oslo... 29.09. var eg og Kari på skravlebesøk hos Karoline, og 30.09. hadde altrekka i Aurum skravlebesøk hos Anne Grete i Rissa. Mykje skravling denne veka med andre ord. Og mykje fisk. For 1.10. hadde vi torsk. Nyte! 2.10. hadde eg fri (og det trengte eg!), og 3.10. kunne vi nyte flott opphaldsver i barteby :) Eg hadde deretter arbeidshelg, og då var det 4.10. greitt å kunne låne bilen til pappa. Dei var nemleg på besøk, og hadde med seg Eiric på lasset. 5.10. fekk vi dermed taco- og wiikveld med han. 6.10. var vi på familietur i Vitensenteret (anbefalast!)

7.10. hadde vi generalprøve med Aurum før Landskonkurransen i kor eit par dagar seinare. 8.10. hjalp gode kolleger meg i ein vanskeleg situasjon, og 9.10. var det Aurum som gjorde meg glad med sin hederlege innsats i konkurransen. 10.10. fekk vi resultatet: Seier i vår klasse :) :) Godt det var søndag 11.10.... ;)

Med Kings of Convenience på øyrene kunne ikkje 12.10. ha fått ein betre start, og med ein god heimekveld (endeleg) kunne ikkje 13.10. få ein betre slutt. 14.10. slo vi til med svelekos, og 15.10. hadde eg kvalitetstid med Ladeprinsessa. 16.10. nytte eg Bymarka nok ein gong, før 17.10. resulterte i eit reint hus og deretter blåbærsmoothies hos gode vener.

Så kjem ei veke der eg ikkje hugsar så mange detaljar, men 18.10. har eg iallfall fått ferdigstilt nokre oppgåver til vidareutdanninga. 19.10. hadde eg besøk av Kari og Kristine, 20.10. har eg ete focaccia, 21.10. har Mannen vore ekstra snill, og 22.10. har eg gleda meg meir enn vanleg ser det ut til. Kanskje til å vere heime åleine 23.10.? Eller til nybilen? Eller Gåtekonserten 24.10.?
25.10. nytte eg den ekstra timen eg fekk før avreise til Oslo. Oslo nytte eg også, mellom anna med kakao og bollar hos Marianne 26.10., gode forelesningar 27.10., Engelen på kino 28.10., taco med Thomas og Silje 29.10., og så gjensyn med Mannen på Dovre 30.10. Dit kom han i vår nye bil, og der blei vi heile helga. 31.10. nytte vi campinglivets luksus saman :) 1.11. var vi tilbake i Trondheim, og eg fekk vere med og feire min eigen fysioengel sin 30-årsdag. Gratulerer :)

Det ser ut til at eg trivst på jobb, trass i at det er mykje å gjere til tider. 2.11. har eg iallfall nytt styrketreningsøkt med Jorunn, og 3.11. internundervisning med ernæringsfysiolog. 4.11. fekk eg god hjelp av serviceinnstilte ansatte på skatteetaten, og 5.11. leverte eg inn ei oppgåve til på vidareutdanninga. Godt før fristen var det, men nødvendig i og med at eg tok ferie 6.11. Å bli vekt av prinsesse Gullhår 7.11. var ein god følelse, og eg nytte glade dagar i Bergen. Cupfinalen 8.11. gav ikkje akkurat det resultatet eg ville ha da men... Cup er cup - og spennande var det :) 9.11. fann eg tilbake til gamle sandkassekunster, og 10.11. gav Knerten og Lillebror gode barndomsminne :)
11.11. spelte Aurum inn nokre salmar komponert av Eilert Tøsse før eg 12.11. kasta meg på flyet til Tromsø for å besøke Åshild og Espen med familie - ein familie eg kosa meg godt saman med 13.11-15.11., ispedd shopping 14.11. og mykje anna kos. 15.11. konstaterte eg at borte er bra men heime hos Mannen er best. Ekstra best er det når Mannen kokkelerer sånn som 16.11.

17.11. gjenoppdaga vi couscous. Kvifor har vi ikkje det oftare? Og kvifor måtte forfattaren bak Luftslottet som sprengtes (som eg las ut 18.11.) dø så tidleg! Fleire bøker takk! Forsåvidt greit å kunne konsentrere seg om studiearbeid, sånn som 19.11., for ikkje å snakke om Aurumarbeid. Ekstraøving 20.11. måtte til no i forkant av julekonserten til helga! Ein etterlengta god, gammaldags laurdag kom 21.11; ein skikkeleg "ordnedag". Då er det så lett å kose seg på søndag, sånn som 22.11. med både gåtur, lutefisk og handballkamp :)

Adventstida nærmar seg, og 23.11. smakte mandarinen ekstra godt. 24.11. måtte eit nytt strikketøy på pinnane. Julegåveproduksjonen står på for fullt! 25.11. nytte eg ein flott fagdag på jobben, og 26.11. var det heimbaka brød som frista. Julegåvestrikkinga heldt fram 27.11, samtidig som heimen vart pynta til advent 28.11. Endeleg var eg klar for 1. søndag i advent 29.11.!
Og 30.11. kunne eg nyte eit tilbakeblikk på ein fin haust, og håpar det samme gjeld for både Anniken og de andre :)

29 september 2009

Oppsummering av sist veke

Grunna eit opphald i hovudstaden har det vorte lite blogging dei siste dagane. Det blir liksom ikkje det same utan bilete, og sidan kortlesaren låg att heime i barteby vart det litt skrint. Men no er eg her, og eg har lagt bak meg ei flott veke på Bygdøy og Gaustad :)
Dag 1
Utfordringar: Finne fram i storbyen, bli student, bli kjent med mange nye.
Sigrar: Eg fann fram, det var slett ikkje verst å studere, og dei nye fjesa var hyggelege å bli kjent med :)

Dag 2
Utfordringar: Lære fleire namn, finne fram til ny plass i byen, gå aleine seint på kvelden i Oslo.
Sigrar: Namna tek til å sitte, null problem å finne fram, og ingen skumle menn verken på bussen eller i gatene. Dessutan særs hyggeleg å ete middag hos Inger-Helene og Thomas :)
Dag 3
Utfordringar: Kano/kajakktur, halde seg vak utover kvelden etter ein heil dag i friskluft ;)
Sigrar: Ingen velt på bøljan blå, og sosialisering med Silje og Thomas på kvelden - som også var trøtte etter flytur over dammen!

Dag 4
Utfordringar: Kondisjonstest, huske anatomikunnskapar, motivere Mannen til å bestemme seg for å komme nedover med toget etter at bilen sovna stille inn på Støren på veg sørover.
Sigrar: Eg er i gjennomsnittleg god form, eg hugsa passe masse anatomi, og Mannen lot seg overtale til å komme nedover. (Det var bestemora som overbeviste han, ikkje eg...)
Dag 5
Utfordringar: Danseliknande aktivitet. Og det var det.
Sigrar: Danseliknande er ikkje det same som dans ;) Også fekk eg jo endeleg sett operabygget, og det var jo flott :)
Laurdag var vi i Hønefoss der svigerbestemor spanderte lunsjbuffet på Klekken til heile slekta i samband med diverse fødselsdagar i det siste. Det var eit hyggeleg gjensyn med svigerslekta. Vi tok oss også tid til å besøke dei andre svigerbesteforeldra og barnebarna, før vi for attende til Bygdøy. For på søndag drog vi allereie på formiddagen med lavprisekspressen oppover til barteby. Turen gjekk ganske bra, og høgdepunktet var tre moskusar på Dovrefjell :)

Om fire veker er det ny samling i Oslo, og eg kjenner eg gler meg. Det er veldig kjekt med litt input
:)

Og inntil då: Er det nokon som vil selje oss ein bil?

04 april 2009

Positive dagar :)

Jajamensann :)
Det går mot påske. Eg har så smått teke til å pynte huset.
Konserten på torsdag gjekk fint.
Arbeidsdagen i går bestod i å gå tur i marka.
Privatlivet i går bestod i at Mannen fekk seg fast jobb! I Trondheim! Frå juni!
I dag skal eg få massasje av Helene før eg skal på jobb.
På jobb skal eg lage kake.
Og ete kake.
Og ete pastasalat á la Torill.
Og eg skal jobbe saman med så mange koselege kolleger!
Eg har lånt Ringenes Herre på lydbok = eg kan lese og strikke samtidig!
Om 3-4 dagar tek eg påskeferie. Dovre, Hønefoss, Berlin, Hønefoss, Dovre, Trondheim.

Herlighet så positive dagar eg har! :)

02 januar 2009

Tradisjonen tru...

...kjem no ei kavalkade over mitt 2008.

Januar:
Eg starta i 100% vikariat som miljøterpeut ved Tiller dps. Ein triveleg og spanande arbeidsplass, der eg med min fagbakgrunn fekk ansvar for fysisk aktivitet i behandlingstilbodet. Trivsel på jobb og trivsel heime prega januar. Vi kjøpte oss nemleg akvarium, og starta dermed vårt eige lille økosystem oppå kommoden i stova. Mange besøkande har kommentert plasseringa av ein stol rett framfor kommoden, men den er altså eit teikn på vår fasinasjon, og ikkje minst ein invitasjon til gjestane om å sette seg ned og ta ein kikk. Andre trivselstiltak dene månaden var oppstarten av quizlaget "Pianøttknekkerne" som meir eller mindre kvar onsdag heile vårsemesteret møtte til kamp på Pias café i Elgsetergata.

Februar:
I februar fekk vi massevis av yngel i akvariet, og det var stor stas. Omtrent på linje med å bli foreldre vil eg tru ;) Elles vitnar bloggarkivet om at strikking prega februar. Mitt første lueforsøk til dømes...


Mars:
I mars fekk eg til lua slik eg ville ha henne, og i tillegg strikka eg påskepynt. Endeleg kom eg inn i kormiljøet igjen også, og gjekk frå å vere Aurum sin førstefan til å bli førstealt. Stor stas må vite. Påska vart feira i Hønefoss der vi fekk møtt mange vener og mykje familie. Siste dagen i månaden feira vi papirbryllup med god middag på Nattergalen. Elles vart vi nok ein gong påmint kor viktig det er å få på plass Vågetunnellen og Tresfjordbrua heime, når nok ei dødsulykke fann stad i starten av månaden. 30 menneskeliv dei siste 30 åra... Bru og tunnell kjem om 10 år. Om 10 menneskeliv med andre ord.

April:
Ein roleg månad dette. Settlers, øvingshelg med Aurum, og herleg rekreasjonstur til vakre Romsdal :)

Mai:
Den lille keisarnevøen min kom til verda i starten av mai, og har naturlegvis vore til stor glede for heile slekta. Han har også vorte offer for litt av mine strikkerier - meir eller mindre frivillig. I mai tok vi dessutan turen til Sverige saman med Kristine for å kjøpe billeg kjøtt, men først og fremst for turen i seg sjølv sin del. Det var også tid for quizfinale, og vi kom på fjerdeplass samanlagt, etter bronsefinale mot våre "erkefiendar" Pianøttene.

Juni:
Kun to veker sommarferie i 2008, og dei vart avvikla i juni. Då var vi først på besøk hos oversøster med familie på Osterøy, og deretter ei lita veke i London. Vi kosa oss veldig med mange obligatoriske turistgjeremål, og ikkje minst med musikalen Mamma Mia :) Ein flott storbyferie var det. Vel heimkomne bar det direkte til utdrikningslag for Kari, med mellom anna gocart og laserX. Artig! Siste helga feira vi mamma sin 60-årsdag på Toftemo, med nesten heile slekta på plass.

Juli:
Vi grilla ein del i juli. Vi hadde besøk av besteforeldra til Steffen, eg fekk fast jobb, Kari og Torbjørn vart smidde i hymens lenkjer, og Åshild og Espen fekk ei nydeleg lita tulle :)

August:
Både mine og Steffen sine foreldre var på besøk denne månaden, og kjøleskapet vart fylt opp. Kristine og Gunnar forlova seg, vi var i etterpålag for Mari og Lars Eirik, eg plukka blåbær og laga syltetøy, og handballjentene tok OL-gull. Eg likar Marit Breivik. Sist men ikkje minst vart den lille keisaren døypt.

September:
Steffen fylte år og vi prøvde sushi for første gong. Det blir nok ikkje ein favoritt, men det var heilt greit altså. Midt i arbeidshelga mi var vi på telttur i bymarka saman med to gode vennepar, og vi hadde ei langhelg hos svigers der vi også fekk møtt Åshild og Espen si vesle håpefulle. Også vart Emma Tallulah født.

Oktober:
Oktober var prega av førebuingar til Prahaturen med Aurum fram til vi siste helga reiste avgarde. Det vart ein bra og sosial tur, med tre sigrar i den internasjonale korkonkurransen vi deltok i!



November:
Aurum levde på gullbølga, eg og Steffen laga baccalao for først gong (nam!), vi var på tur på Våttåkammen, den første snøen kom, og eg kosa meg med å pynte til advent :)

Desember:
Når ein ikkje har eksamenstid kan ein verkeleg nyte adventstida slik som eg gjorde i år. Eg elskar advent! I tillegg til berre å kose meg med strikketøy og ullpledd, hadde eg og mi niese Ladeprinsessa ei flott Luciakonsertoppleving med Cantus i Vår Frue kirke, eg fylte 26 år, og så kom jula. Og med jula kom reisinga og feriekjensla! Ei veke i Hønefoss og ei veke i Romsdalen er ikkje å forakte. Jula vart behørig feira hos svigers, og nyttår hos mamma og pappa. Ei herleg jul på alle vis!

No er 2009 i full gang, og eg ønskjer året hjarteleg velkomen. Dette blir eit spanande år, med overhengjande fare for endringar. Eg gler meg.

15 januar 2008

Liste

Vi er to veker ute i 2008.
Vi har vore forkjøla begge to.
Eg har komme litt meir i gang i den nye jobben, og Steffen er i gang med nytt semester og vidare fagvalg.
Vi skal bli tante/onkel i april, så strikkeproduksjonen er iverksett.
Eg har vore på kafé med teiknspråkkollokviegruppa.
Kari, Ingvild, Kristine og eg har sett film.
Vi har hatt middagsbesøk av gjengen frå Lade.
Eg er SÅ ferdig med å pendle til Namsos.
Steffen har baka fire brød. Eg har ikkje baka noko.
Eg les om Jack the Ripper, medan Steffen har teke til på Ringenes Herre.
Eg har kjøpt to scrappebøker.
Vi har vore kjærestar i seks år (den 13.01) og forlova i to (den 14.01).
Eg prøver å finne ein billeg bilverkstad.
Vi har vorte med på eit quiz-lag.
For dei av dykk som strikkar kan eg anbefale Norsk strikkeforum.
Vi har kjøpt oss fleire spel (Fantasi og Ticket to Ride).
Eg har kjøpt oss ei ny plante.
Vi har innvia dobbeldyna.
Det har kome litt snø, men den er nesten borte igjen.
Eg har fått lønn.
Eg har rydda ut jula (det var fire gjenstandar...)
Vi har gått tur på holka i skitrekket.
m.m.

03 januar 2008

Årskavalkade

"Vi må sjå framover" vert det sagt, og vi høyrer etter som veloppdragne barn. Kvart nyttår ser vi framover og ramsar opp ei rekke ting vi skal oppnå i løpet av året vi har framom oss. Men nyåret er også tida då alle ser bakover. Kva har skjedd det siste året, kva har vi oppnådd, kor tidleg sprakk nyttårsforsetta? Eg tillet meg å starte 2008 med å sjå bakover.

Januar:
Steffen humpa rundt på krykker etter å ha brekt tåa jula 2006. Han hoppa av skulen i Porsgrunn og brukte tida på jobbsøking. Etterkvart fekk han jobb i Norstat, og brukte fleire kveldar i veka på å ringe rundt til folk og spurde rare spørsmål om diverse. (Jammen fekk han litt rare svar innimellom også!) Sjølv jobba eg på instituttet. Også må vi ikkje gløyme nyttårskonserten med Viken Oratoriekor! Også var vi på innflytningsfest hos Åshild og Espen. Og Anders Jacobsen vann hoppuka.

Februar:
I februar var vi mellom anna på besøk hjå oversyster. Eg skulle i utgangspunktet på kurs, men då dette vart avlyst hospiterte eg hjå ein tidlegare praksisvegleiar. Interessant! I Bergen fekk eg dessutan kjøpt kjolar til brudepikene våre! Februar var vel ganske prega av bryllaupsførebuingar. Vi var i Romsdalen og hadde samtale med prest, eg hadde prøvetime hjå frisøren, vi skreiv kontrakt på lokala osb. Ting tok til å forme seg med andre ord!

Mars:
Siste dagen i mars var den store dagen vår. Dei tredve føregåande dagane bar naturleg nok preg av dette. I starten av månaden hadde vi utdrikningslag i Oslo. Deretter gjekk det ganske slag i slag, og plutseleg stod vi på kyrkjetrappa og smilte som best vi kunne. (Ikkje at det var så vanskeleg!) Dagen var framifrå på alle måtar, og vi gløymer han aldri!

April:
Påske. Hvetebrødsdagar. Ferie. Og så var det attende til kvardagen i Porsgrunn. Der kjøpte vi oss nytt kamera, og det har vi verkeleg hatt mykje glede av! I tillegg hadde vi eit lite etterpålag for venene våre der, og mot slutten av månaden fekk eg meg omsider ein tur på toppen av Ringkollen. Sanneleg på tide! Steffen slutta som telefonintervjuar og starta som konsulent ved opptakskontoret til Høgskulen i Telemark. Eg kunne dermed titulere meg som "konsulentfrue". Stilig, ikkje sant?

Mai:
Tja...Mai? Eg trur ikkje det skjedde så mykje i mai. Vi gjekk litt turar, og vart betre kjent med vårt nye familiemedlem Nikon. Vi feira nasjonaldagen i Bærum, og hadde vår første Harrytur til Strømstad.

Juni:
I juni nytte vi finveret. Vi køyrde litt rundt i nærområdet og knipsa bilete. Høgdepunktet var vel kanskje likevel turen til Sverige. Vi hadde også besøk av Åshild og Espen. Koseleg, koseleg!

Juli:
Heile familien min møttest på sørlandet for å feire ein treårsdag samt eit rubinbryllup. Det er ikkje så ofte alle er samla slik, så det var veldig kjekt. Etterpå var oversyster med familie på besøk i Porsgrunn. Eg avslutta praksisen min der nede, og dei to siste vekene i juli gjekk med til pakking og vasking. Flyttinga stod for tur, og siste helga i månaden køyrde vi flyttelasset til Steinan.

August:
Flyttinga overstått! Etter ein tur til Romsdalen starta studia våre og jobben min. Steffen starta altså på den mastergraden han eigentleg ville ved NTNU. Pendlinga til Namsos tok til for min del, og denne skulle komme til å vedvare fram til jul. Teiknspråkinnlæringa starta også -kjempeartig! Og omsider fekk vi internett.

September:
Eg vert stadig meir engasjert i døvepolitikk, og lærer stadig fleire teikn. Eg trivst godt i Namsos, men pga pendlinga er eg kontinuerleg på jakt etter jobb nærare bartebyen. Også var Håvard på besøk :)

Oktober:
UKA i Trondheim gjekk av stabelen i oktober, og denne gongen fekk vi med oss tre konsertar; Kings of Convenience, Muse og Travis. Like gode alle tre, kvar på sin måte. Vi hadde dessutan besøk av Jakob, noko som alltid er like triveleg. I tillegg kom gullet "hem". Gratulerer Brann!

November:
Vinteren kom. Vi hadde Viken juleselskap avdeling Nidaros. Vi leverte oppgåva om å vere døv i høyrande skule. Eg fekk jobb i Trondheim. November var ein bra månad :)

Desember:
I desember avslutta eg engasjementet i Namsos og starta så smått i ny jobb på Tiller. Sehr spannend! Eg var dessutan særs kulturell i desember; teater, hopprenn og kammerkorkonsert er noko av det eg fekk med meg før turen gjekk heim til Romsdalen for julefeiring saman med opphavet og oversyster med familie. Det er alltid godt å kome heim :) I mellomjula køyrde vi vidare til Heradsbygda, og jammen er det alltid godt å kome dit også! Eg er den heldige vinnar av to familiar :)

Og sånn gjekk no dagan. Er det no eg skal sjå framover? Ok. På svært kort sikt satsar eg på å bli frisk. På litt lengre sikt skal eg finne meg endå meir til rette i ny jobb, sette mosjoneringa mi litt meir i system, og i det heile tatt bli eit betre menneske ;) Også trur eg kanskje at eg muligens har bittelitt lyst til å synge i kor igjen, men det får eg sjå meir på etterkvart.

Godt nytt år!