Sommer på jorda :)
Endeleg fekk vi nokre sommardagar i Trondheim også! Det gjer så godt å få litt sollys :) Med besøk både herfrå og derfrå er det kjekt å kunne bruke balkongen og Kyvannet også! Denne veka har vi hatt besøk av minstebror til Mannen, og av mine foreldre. Veldig kjekt for meg når Mannen og onkel lagar middag medan eg ammar, og når mormor og morfar byssar medan eg heng opp klesvaska ;)
Jammen har vi det ganske så bra alle mann her i toppetasjen. Så blir det jo litt spanande for den nybakte mor når Mannen startar på jobb att over helga. Då kan ingen smøre brødskiver til meg når eg har opna meieriet for eksempel! :P Men vi skal nok få det til saman eg og Lille Trille. (Snakk om upassande kallenamn forresten... Han er ikkje akkurat nokon Trille, sjølv om han legg på seg som berre det! Til vår og helsesøster si store begeistring :)