mandag 30. november 2009

hekleboks

Denne boksen har eg vist her inne før. Han er ein fair-trade-boks som eg liker veldig godt. Han har ein god størrelse og er kunstnarleg utforma. No har eg funne eit bruksområde til han...



Han er nemleg blitt min hekleboks, Oppi han ligg det ferske hekleprosjektet mitt. Det er ikkje så stort, så det går heilt fint.



Eg har nemleg tenkt på hekle ei pute til hyttehuset, ei pute i sukkertøyfargar. Eg hadde nemleg to halve genserar som eg hadde byrja strikke til ho som no snart fyller sju då ho ein gong skulle bli eitt. Ja, tida går. Det har aldri blitt noko meir av strikkeprosjektet, og i helga rekte eg opp heile stasen.



Det blei mange små fargerike nøster som no skal bli til pute.



Eg skal ha kvit kant rundt alle hexagonrutene, men har foreløpig ikkje kvitt garn.

I mellomtida heklar eg fargane. I går blei det fire ruter. Eg er ikkje ein resarheklar enno, så eg er godt nøgd med det.


Mjukt og godt ullgarn, Sisu frå SandnesGarn.


Og så blir det ekstra kjekt med slik ein kjekk boks av papir til å ha hekleriet i.
Ikkje juleinnhald her, altså. Eg er i eit anna modus akkurat no, he he.

søndag 29. november 2009

Sopptur

Byturen i går var ein kjekk tur. Eg hadde dårleg tid, og var derfor meir effektiv enn eg plar vere. Det er noko med å vite kva ein skal ha og ikkje bruke masse tid på å gå rundt og sjå kva ein synest er fint.



Denne fluesoppen hadde eg bestemt meg for å kjøpe. Liselotte (Slagt en helllig ko) hadde så fin soppestemning på kjøkkenet sitt her om dagen, og eg lar meg lett smitte. Eg har no bestilt den lysande fluesoppen på Sprell.no, og så fekk eg gjennom ein norsk bloggar (eg klarar dessverre ikkje hugse kven) vite at glassoppen lot seg kjøpe hos Søstrene Grene.



Bånn gass inn gjennom dei trange butikkorridorane fór eg med ungar på slep, raska med meg soppen (dei hadde berre ein igjen... puh, akkurat i tide då), saug til meg synet av massevis av anna krimskrams og fann fleire soppar som berre kraup oppi korga mi...



Herlege småsoppar som anten skal pynte treet eller plasserast rundt omkring etterkvart.



Eg kan ikkje nekte for at eg er smitta av bloggarsmakar. Nei, eg kan ikkje det.
Men gjer det noko?

Så er han min...

... kubusstaken frå Mogens Lassen.



No need to say more! :-)
Det er kjekt å pynte med ny pynt i stova.



No er me også klare for adventstid.

fredag 27. november 2009

I morgon...

blir denne min.... Jippi!!!


Eg har funne utsalgsstad, og i morgon fer eg avgarde for å hente han heim.
Gjett om eg gler meg, då.

torsdag 26. november 2009

Det nærmar seg adventstid

Eg er så glad i adventstida, og no står ho for dørene nok ein gong. Dermed må me begynne å gjere oss klare.


Og i år kan eg ta fram dette herlege adventslyset som eg kjøpte på Illums i oktober. Eit fargerik lys med varme barnemotiv kan vel passe godt i ein heim med tre små.

Ein snømann med eit godt glimt ser løyndomsfullt på små jenter. Mon han veit noko dei ikkje veit...



Ein engel kjem med ei stjerne..



Og ein pepperkakenisse jublar over gåva han har fått.

Dette lyset skal me brenne kvar dag frå 1. desember her. Då eg tok det fram i går kveld var jentene forundra over at me skulle brenne det ned. Eg skjønte vel ikkje heilt kva dei meinte, for me brenn jo altid lys ned. Men eg trur rett og slett at dei aldri har reflektert noko vidare over akkurat det. No blir det så konkret når motiva forsvinn etterkvart som me brenn.
Nesten synd, men som det skal vere.


Og i vindauget står den meir vanlege, vaksne varianten og ventar. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal pynte desse, om dei skal få stå i si enkelheit, eller om eg skal dandere dei litt meir. Sannsynlegvis blir det det første.

No har eg berre lyst på ein tur i skogen for å finne ein liten meter med ein grantopp som eg kan ha i ei sinkbøtte, men dei veks vel ikkje på trær, ha ha... Det er vel nett det dei gjer. Ein må berre finne treet først, og det er ei større utfordring.
Ha ein god dag!

tirsdag 24. november 2009

Sol, sol kom igjen

Eg skunda meg å ta bilete i føremiddag då sola var så vennleg å smyge seg inn mellom lette gardin. Ho har vore bortgøymd ei god stund no, og då merkar ein veldig godt når ho plutseleg avlegg besøk.



Slike stunder blir litt magiske på denne tida, og eg fekk ein liten assosiasjon til vårsol når ho skein rett inn i stova. Ho ligg så lågt no, så ho skin rett i auga når ein ser mot vindauga. Det er ikkje eg imot.



Eg trur dokka til minstejenta heller ikkje har imot litt sol. Ho kosar seg i stolen sin.



Og eg måtte kose meg ekstra godt med kaffikoppen.
Alt på grunn av sola.
Det er andre som også nyt slike augneblink.

mandag 23. november 2009

Smør på flesk, sinkhus og lys

No er det sinkhustid.
Mine sinkhus har stått framme i eitt år dei, eg synest dei oppfører seg greitt heile året, eg. Men no blir det oftare tent lys i dei, og det er jo meir kos påmørke kveldar. No står dei her på denne bokhylla saman med ein trollhassel eg også har ståande der.



Og den trollhasselen har eg lysslynge i, men det blei kanskje i voldsomaste laget, smør på flesk.



Så anten må husa flyttast, eller så må lysa i dei eller i trollhasselen vere slukka. Me får sjå. Den sterkaste vinn...

søndag 22. november 2009

"Nytt" salongbord

Salongbordet her i heimen er i utgangspunktet kjedeleg, vil eg seie. Derfor har eg forsøkt å friske det litt opp ved å leggje ei glassplate på toppen med noko under. Den løysinga er eg ganske fornøgd med.

Det siste året har eg hatt eit marimekkostoff under. Det har fungert godt, men no var eg klar for noko nytt.



Eg tenkte eg skulle prøve meg på tapetet eg kjøpte hos Susan Liebe.



Og slik blei det. Tapetet er ikkje skrikande i fargane, det er meir dempa pastell, kan eg tenkje meg. Og det passar godt i stova vår.



Eg veit ikkje kva eg synest eg... Litt kjedeleg kanskje...

Me får sjå kor lenge det blir liggjande. Det er jo heldigvis enkelt å fornye.

(Glassplate med "duk under" på bordet er kjempepraktisk med små barn. Duken ligg rein heile tida...)

fredag 20. november 2009

Perlekunst

Jaja, så er mitt armband av hamasperler ferdig. Eg såg på danske Liselotte sin blogg Slagt en hellig ko ideen om dette armbåndet, og kunne ikkje la det liggje.



Det flyt nemleg av slike perler i heimen, og det finst vel grenser for kor mange perlebrett ein kan ha. Derfor syntest eg dette var ein herleg ide, og lett gjennomførbar også. Einaste innkjøp var ein svart tynn strikk. Og vips (som Pulverheksa seier når ho tryllar), så var armbandet der.



Dette må vere mitt for det er for breitt og stort til jentene, men dei skal få prøve seg på sine no. Seksåringen klør i fingrane, me må berre kjøpe ny strikk først. For det gjekk med eit lite brett til dette armbandet.


I dag har eg hatt det på meg på jobben. Kanskje litt spesielt, men eg diggar det.



Og det er det viktigaste. Det er nest som å ha med småjentene mine på jobben, dette.

torsdag 19. november 2009

Litt meir novemberstrikk

November er ein fin strikkemånad. Det er mørkt, surt og vått ute, inne er det varmt, triveleg og lunt, og føre oss ligg jula...



I går fekk eg det føre meg at eg skulle strikke opp meir restegarn. Tidlegare har eg strikka caliometry-band til jentene her (mønster på LindaN sin hobbyblogg), men dei er litt for kalde no synest eg. Dei er litt knappe om øyrene. Derfor utvida eg caliometryen litt slik at han fekk breiare kantar og dekka meir av hovudet.



Her er resultatet, og han satt godt på hovudet til seksåringen her.

Og av alle ting, sidan er nett har lært meg å hekle, heiv eg meg utpå med blomar... Ikkje perfekte, ikkje heilt slik dei skulle bli etter mønsteret, men fullt dugande for ein nybegynnar.



Seksåringen her synest dei er heilt topp, og ho fekk velje knappar til å ha inni.



Og her er siste prosjekt (litt grått bilete, men men). Det er eit baktusskjerf. Og det er Gurimalla som har gitt meg inspirasjonen.

Fireåringen her skal få. Ho elskar å pynte seg og startar ofte dagane med å entre kjøkkenet på desse litt for store skoa frå Assessorice. (Eg har etter gammal tradisjon frå barndommen min lagt litt bomull innerst i tåa. Ho ville nemleg på daud og liv ha desse skoa sjølv om dei ikkje hadde storleiken hennar. Trur det må vere den høge hælen...)



Tenkjer eit baktusskjerf blir midt i blinken for henne. Iallefall om eg legg inn litt sølvtråd eller noko...

Handarbeid er kjekt i november!

tirsdag 17. november 2009

Mi svane

Eg har ingen designarsvanar her eller i hyttehuset. Dei ligg i ein annan kategori enn der eg er.
Men her ein dag fann eg mi eiga svane. Denne kunne eg ikkje gå forbi på Fretex.



Lampa gir meg assosiasjonar til ei vakker, kvit og fredeleg svane.
Det rare er imidlertid at eg hata ei liknande lampe me hadde i barndomsheimen min for lenge sidan. Eg var flau over den stygge lampa, og eg kunne ikkje i mine villaste fantasiar forstå kvifor mor mi ville ha ein slik. Men no, derimot, no er tonen annleis.



Og gjett om ho blei sjuk på ei slik lampe då ho såg min. Det finst fleire av dei på Fretex, men ikkje så kvite og fine som denne då.

Eg skal ha lampa i hyttehuset og så lurar eg på om eg skal gi stamma ei anna farge.
Usikker der...

Men fint trur eg det blir uansett.

mandag 16. november 2009

Det nærmar seg

Det blir lite hyttehus her inne for tida. Saken står nemleg på vent, og me kan ikkje vere i huset no fordi det er for kaldt. Me har rive vekk desse lyse veggane på biletet og no er det berre mørke panelte veggar som står att. Nye vindauge til heile huset er bestilt og i januar blir dei skifta, huset isolert og ny kleding kjem på. Det nærmar seg noko. Spennande.





Dette biletet er frå i sommar. Og dette er den eine stova utanfor kjøkkenet. Eg vil gjerne rive veggen inn til kjøkkenet og no driv eg og vurderer om me skal ta vekk heile veggen eller la litt stå igjen. Eg tenkjer kanskje at me set opp ein kjøkkenbenk som går der kor veggen (og minisofaen) står i dag. Så kunne me hatt ein god sitjebenk inntil kjøkkenbenken på stovesida. Det er litt digg å ha selskap når ein romesterer på kjøkkenet, for praten si skuld, ikkje sant...


Ja tankene flyg, meiningar endrast og ting tar tid.
Det er vel slik med store prosjekt.


No må eg rette stilar, sukk.
(Dette var berre eit døme på at tankar flyg når ein sit og skal til med noko kjedeleg. Lærarar er ikkje betre enn elevar der, he he. Iallefall ikkje denne læraren.)

Ha ein god dag!

lørdag 14. november 2009

Hekle hexagon

Det som er ingenting for nokon er mykje for andre. Såleis er det med mine hekleruter. Eg har lenge ønska å lære meg å hekle, men det har liksom aldri blitt noko av. No i veka blei det likevel noko av fordi eg inviterte heklande venninner på handarbeidskveld. Det er alltid triveleg.



Og då hekla eg meg den første bestemorruta ever. Oransje farge, ikkje fin, men likevel, ei heil bestemorrute. Eg har nemleg så lyst å hekle meg eit bestemorteppe til å ha i hyttehuset. Og eg vi ha det fargerikt meg kvit ramme rundt, som så mange andre her, helst i bomull. Kanskje det blir for kaldt? Eg veit ikkje heilt...



Eg har ikkje mønster, men hos Liselotte i Danmark, ho som har den vidunderlege, kvardagslege, lune, varme, inspirerande og kloke bloggen Slagt en hellig ko, fann eg denne oppskrifta på hexagonruter. Og dermed prøvde eg meg på det då...



Moskane mine er ikkje jamne og fine, tvert om er dei skeive og noko lause. Men eg har fått det til!!! Og det er eg stolt over, he he.



No gjenstår det berre øving og øving.

fredag 13. november 2009

Ikkje så verst igrunnen

Det kan sjå ut til at eg er litt inne i ei handarbeidsøkt for tida. I motsetnad til mange bloggarar her som ausar av kreativitet og pågangsmot, så er vel eg heller moderat. Men til å vere meg då, så har eg vor flittig den siste månaden. Eg har sydd litt, lært meg å hekle (for tre dagar sidan) og strikka.



Og eit større strikkeprosjekt blei ferdig i går. Ei av jentene mine fekk seg ein ny tunika/kjole.



Han er strikka i Lerke frå Dalegarn og oppskrifta er henta frå eit hefte som heiter retro. Mønsteret her er nemleg eit gammalt mønster frå 70-talet.



Så no kan jenta mi berre danse og leike i nye klede. Ho elskar nemleg det. Det går vel ca 4-5 skift kvar dag og kleda flyt på rommet hennar.



(Eg trur ikkje eg orkar tenkje på korleis tenåra blir om dette blir ein vane.)
Førebels vel eg å sjå sjarmen i dette. Eg storkosar meg når jentene dillar omkring i heimen.



Så får de alle ha ein god fredagskveld.

Skeive fuglar

Når mor skal teikne mønster, blir det mange forsøk. Ho er nemleg ikkje talentfull i det heile, og det nyt dei små jentene hennar godt av, he he.



Då mora skulle sy ein fugl her ein dag, blei det nemleg slik at det låg skeive papirfuglar over heile spisebordet. Seksåringen og fireåringen såg ikkje anna enn potensiale i dei, og dermed blei det mange fargerike fuglar som fekk fly rundt i heimen den kvelden.

Så når mor sin fantasi avgrensar, tek småttisane over.
Kjekt!

No er det natt, alle søv her i huset og det må eg også gjere. Tenk at det er ny helg allereie i morgon...

mandag 9. november 2009

Av-dag

Det er herleg med ein fridag innimellom. Ein dag som er av maset, off - rett og slett. I dag har dagen vore slik, ein av-dag. Ein slik dag kan gjerne starte med eit lys til morgenkaffien og avisa. Eit lys gir slik ein ro, og alt blir forsterka. Eg elskar det.



Men så aukar tempoet også på ein slik av-dag. I dag blei det ein bytur. Å gå i byen på dagtid er så herleg, for då er tempoet også annleis. Det er roligare og folk er mindre travle. Det elskar eg også.



I dag fekk eg med meg heim ei hjartekakeform og eit hjarte til pepperkakene. Begge frå Åhlens. Det er noko med hjartene, dei er liksom så mykje meir enn seg sjølv. Større, på eit vis.



Denne jula skal eg lage store pepperkakehjarte med raud eller kvit sløyfe i som skal henge i kjøkkenvindauga. Dei skal i desember få merke etter små barnetenner, for det høyrer til eit pepperkakehjarte. Og kakeforma skal gjere små barnehjarte glade når dei feirar bursdag i januar.



Men kakebaking og juleførebuingane skal ikkje overta kvardagen enno. Eg storkosar meg med det, men førebels er det av-dagar som rår.

Det kan vere godt i november.