søndag 14. oktober 2012

Stoveblikk

Haustferien er definitivt over, me er heime igjen frå hyttehuset og kvardagen står for tur. Det er kjekt å vere vekke, men alltid kjekkast å kome heim.

Det slår meg at det er eit sommarhus me har laga. Alt er så lyst der, godt og lyst. Heime har eg drista meg til svart vegg og meir natur, mens hyttehuset forblir sommarleg. Slik skal det vere! Det er trass alt om sommaren me tilbringer mest tid der.


Så her er stova då. No med hjørnesofa ettersom tresetaren av same slaget blei for liten for familie på fem med stadig voksande ungar. Og eg har ingen problem med å slenge meg nedpå i hjørnet eg. 


Eg malar framleis møblar i fargen isvann. På seinsommaren fann me ein mørk furutv-benk som blei mala, og den løysinga blei me nøgde med alle saman. Tidlegare hadde me tv-en gøymt inni eit stort skap som me etterkvart fann ut at blei for dominerande. No er det heile meir lyst og opent.


Så har me leikekroken, sjølvsagt. Her flyt det meste ut i løpet av dagen, men med gamle kassar på hjul er ryddetid rimeleg enkelt.

Jepp, slik har me det i den eine stova no. Den andre kan de berre glimte såvidt til høgre i siste biletet.

Ha ei fin oktoberveke!

(PS! Eg kjøpte meg nett Kamille sitt juleblad, og blei plutseleg veldig klar for jul...)

lørdag 13. oktober 2012

Entréblikk

 Ein tur innom i hyttehuset i hausferien, nokre fleire skritt vidare. Her er ein krok i entréen. Døra er pussa ned for å klargjerast til maling, men eg vil ikkje male enno. Ho er fin som ho er synest eg. Farmor sin gamle kommodespegel er mala og knaggknottar hengde på veggen.


Denne veska pynta opp litt no i ferien, som på eit forunderlegvis gjekk fort ;-)


Ja, eg skriv ikkje mykje her for tida. Kanskje det blir meir utover vinteren no? (Berre synd det fine biletlyset tapar seg for kvar dag som går.) Eg les like fullt mange bloggar og storkosar meg med dei.

lørdag 10. desember 2011

Midt i julestria...

fór me til hyttehuset forrige helg. Det var klart for ei bursdagsfeiring, og me ville vekk litt frå kvardagen.


Det er noko med lyset her, det er mykje lysare i hyttehuset enn i heimen, og akkurat i desse mørke tider kjennest det ekstra godt med det lille ekstra lyset. Hyttekjøkkenet er godt gjennomlyst, og eg synest det er fint, eg. Det gule sommarteppet måtte skiftast ut med eit anna for å fjerne litt av sommarkjensla akkurat no. Men huset framstår ikkje akkurat i juleprakt, he he.


Vel, litt jul blei med heimefrå. Nemleg desse nydelege kremmarhusa Borghild har sydd og som eg fall sånn for. Pastelljul i spisekroken vår.


Og så glimta sola plutseleg til og ga stova ein glød eg berre måtte fange med kameraet.



Postkontoret til jentene, kor dei leikar heftig kvar gong me er her (dei skriv brev og sendar rundt om i huset) blei denne helga endra til juleverkstad.


Minstemor i aksjon.


Julerose var resten av julepynten, og ho var ei gåve til bursdagsbarnet som ikkje var meg eller ungane. Planten er superkjekk ettersom han kan plantast ut seinare og blomstra tidleg tidleg på året.


Ja, og stjerna, sjølvsagt. Denne stjerna er frå oldemora mi, og ho har no fått fast plass i hyttehuset. Her hang ho som heime hos oldemor, så her skal ho få skinne og minne så fint.

Men no er me heime igjen, klare for dei siste innspurtsvekene før jula.
Måtte dei bli gode for einkvar...

mandag 1. august 2011

Ein kjøkkenvegg med herleg kopp

Hylla på kjøkkenet har fått ein ny kopp som stod på Fretex og venta på meg i forrige veke. Eg har nemleg gode kjensler for emaljekoppar sidan me berre hadde slike på ei hytte i barndommen som eg har så gode minne frå. Den gongen var koppane raude og brune, men dei hadde nett slike blomar som denne blå her. Derfor hoppa hjartet mitt over eit slag då eg såg koppen stå og vente på meg. Eg leita etter fleire, men nei.


Desse emaljekoppane er faste heimelaga-saft-koppar, og det er kjekt med ein ny. Dei andre er frå IB Laursen.

Dette er eine veggen på kjøkkenet, den som går ut mot gangen. Døra har tavlemaling, men berre eitt strøk, så ho er enno ikkje tatt i bruk sjølv om dette eine strøket kom på i fjor...


Me har hatt mange fine veker i hyttehuset, denne sommaren med stor vekt på hage. Drenering og planering tek tid og krefter. Og så pausar me litt med kos med barna, turar (dei to eldste jentene drog med faren sin til Preikestolen førre veke medan eg tok minstejenta på ein mindre krevjande tur), bibliotek (på dei grå dagane), bading etc. (Og så meklar me når ungane går i totlevase saman (les:kranglar). Det er ikkje til å stikke under ein stol at slikt skjer, he he.) Innimellom drar me heim for å klippe plen og ta turar innom Fretex etc. Når hytta ikkje er så langt heimefrå, går slikt an.
Og på ein heimetur var eg inniom Ikea og såg ei lampe eg berre må ha når nye pengar kjem inn på kontoen. Ho er enno ikkje komen på websidene, men eg trur ikkje eg vil vere åleine om å falle for henne. Eg drøymer om å lage ein tøff arbeidsplass her heime også, og der skal ho i så fall få vere. Akk ja.

Nye dagar kjem, me er litt her og der. Så får me sjå.


Gode kvelden til dykk!

lørdag 30. juli 2011

Gjesterommet

Dagane går så smått vidare. Det må dei. Og det trur eg er godt for alle. Dei grufulle hendingane vil ligge i minna alltid, men også rosetoget, minnekonserten i dag (Himmel kor fantastisk han var og kor imponert eg er over kva folk får til!), korleis Norge mobiliserer demokrati og samhald i ekstreme situasjonar. Eg blir rørt når eg les internasjonal media kommentere dette, eg blir stolt og eg fortel ungane mine at dei er svinheldige som får leve i verdas beste land. Takk Norge!

Kvardagane som har gått har mellom anna resultert i eit nokså ferdig gjesterom eller arbeidsrom for mor sjølv i hyttehuset. Her kan eg sitje og gjere førebuingar og etterarbeid til lærargjerninga mi. Kjekt med trivelege omgivnader når slikt arbeid blir for trøyttande. Rommet er lite, men kom inn så skal du få sjå...


Me har tapetsert ein vegg med eit tapet som eg synest er herleg nostalgisk og som er kjøpt på Retrovilla.


Når me får gjester (mellom anna ei herleg tante som brukar mykje tid med oss og ungane våre), så kan dei liggje her. Og dei ligg heretter på ei palleseng. Riktignok skal det kome hjul under pallane, dei er innkjøpte, men ikkje påskrudde. Eg var innom Ikea for å få fatt i, men dei hadde slutta å selgje slike no...? Heldigvis fann eg hjul på Clas Olsson.

Det strikka sengeteppet fann eg på Fretex, og fargane passa perfekt til meg. Her er det gjenbruk av det meste. Nattbordet har vore ein knall rød krakk frå ei bestemor, skrivebordet er frå svigermor, rya er frå Fretex, stolen frå Finn...


Her skal eg sitje ein del, tenkjer eg.


I den tankefulle veka har eg fått sydd litt også. Denne posen har kome til...


Med ein viss fare for overdriving av det småmønstra...,
eg diggar det!


Medan eg sat med symaskin og radio prøvde eg meg også på mi første liftgardin.

Etterkvart skal det inn litt puter og nokre kontorting.



Slik går dagane framover. Det er godt å gjere noko med hendene når ein er litt utafor.
Håper det går godt med dykk alle.

tirsdag 26. juli 2011

Ein mandag etter ein fredag me aldri vil gløyme

Etter stans i kropp og sinn i fleire dagar, vaknar ein til ein kvardag som er, men som ikkje er likevel. Han er nummen og apatisk, men sterk og medviten. Me gir oss ikkje! Med "bøygde Rygg, med svære Saar" reiser me oss, reiser Norge seg.


 

I dag har det vore stille eitt minutt i Norge og Norden. Det er rart kva ein knyttar slike augneblinkar til. Eg laga sitronlemonade og stoppa opp. På radioen høyrde eg at bilar langs vegane hadde stoppa, at butikkansette tok kundane med utanfor for å vere stille saman, at skjermar gjekk i svart.  


Fellesskap!


Og når radioen er med meg, blir dagens prosjekt prega av det ufattelege som  har skjedd. Når eg ser desse bileta mine, høyrer eg radiostemmar og føler sorga. Men livet går vidare. Ein av AUF-ungdommane syntest det var tøft å komme på Gardermoen og sjå at ting gjekk føre seg på normalt vis. Det forstår eg så godt. Eg høyrer W. H. Audens "Stop all the clocks" i bakgrunnen. Og eg føler så med.


Safta eg har laga i dag ber minne i seg.


Etter sitronlemonaden blei det ripssaft. Det høyrer sommaren til.


Mykje sukker!


Mykje saft.


Mykje lys og mykje varme!

Eg føler med!


onsdag 6. juli 2011

Vedovn i juli

Det er kanskje heilt feil årstid no å fokusere på varmesenteret i heim og hytte, men sidan sommaren til no har vore så kald, så gjer eg det likevel. Vedbaljen er likevel tom for ved, og slik må det jo vere i juli.
Vel, eg må jo konstatere at det nokre kveldar hadde vore herleg med fyr i ovnen.  


Sist helg sette eg opp denne setninga som eg tykkjer er så fin. Ho er henta frå eit kjent dikt av ein kjent og kjær norsk avdød forfattar. Klarer du oppgåva?


Varmekroken vår fekk litt meir innhald med denne setninga. Og minstemor på snart tre synest det er kjekt å peike ut sin bokstav her. Kanskje ho skal få øve seg på å plukke ut fleire av sine. 


Og her er bonden sitt moderne gjøkur (som han har døypt innstallasjonen).
Fuglen reiv eg av ei slik lyslampe ein kan kjøpe på Ikea og sette oppå taket på fuglehuset frå Nille.


Eg bytta ut vedbaljen med ein krakk no for sommaren. Det passar betre, sjølv om temperaturane ikkje overbeviser meg, he he.

PS! I går bestilte eg tur til Berlin for meg og bonden. Norwegian hadde tilbod som sa 199 kroner for ein veg, og dermed heiv eg meg over. Ungane blir hos mormor. Det skal bli herleg. No må eg berre setje meg inn i Berlin. Og eg er takksam for innspel også på det.

Gode dagar framleis.