Viser innlegg med etiketten Teknikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teknikk. Vis alle innlegg

søndag 30. juni 2013

Lys, bad og byggelivet går vidare

Når eg, Eirik og ongane kom opp på hytta fredagskvelden hadde alt min far våre i gong med arbeidet sida tidleg på dag.
Rørleggaren hadde våre der å gjort klart sisternene til toaletta og vi hadde fått spottar, ein del brytara til lys og kontakter hadde kome på plass.

Også i stova/kjøkken falt valget på kvite Sg Junistar Led spottar


Lys i stoveglasa i sommarnatta

Brytara - Elco Pluss - Varmestyringstermostatar frå Micormatic
I siste øyeblikk klarte eg å bestemme meg for sølv brytara med svarte rammer. Problemet med siste liten bestemmelsar er at alt ikkje alltid koordinerar med alt. Derfor er no termostatane til varmekablane kvite fortsatt, litt usikkert om dei berre må være slik, eller om vi får deksel til dei i sølv... Truleg ingen kjempe krise sida det er snakk om på ein i gangen, bada og boda, men vi får sjå kva vi får til.
 
Termostatane er frå Micormatic og er ei type "ring hytta varm" løysing. Kan skrive meir om denne etterkvart som eg lærer meir, men i all hovudsak skal vi kunne styre tempraturane via mobiltelefonen og systemet har ganske mange fuksjonar som kan leggast til ved behov. Det skal være svært energieffektivt og muligheiter for å stille inn mange ulike tempratur soner og progtam. Type eit trykk og alle varmekilder går i "avreise" modus når vi forlet hytta osv.
 
Test av utelampar - Sg Metro Led - Ikkje så lett å teste utelys i sommarnatta, og at hytta enda ikkje er malt gir ikkje heilt rette bildet, men vi fikk iallefall danna oss eit inntrykk.
Sida rørleggaren hadde våre innom å montert sisternene til toaletta kunne vi no starte der. Har eit lite håp om å få bytte ut Portapottien i campingvogna med ein litt meir normal do inne i hytta til sommarfeien startar (Berre tre helgar att å jobbe på.. vi håpar at det går :))
 
Lisjedo - Kassa ferdig bygd og membranen er klar. I tillegg la eg på eit lag med Trestjerner Gulvmatt på veggane slik at dei skal tåle vask og vattensprut bedre. (Var ikkje lett å bruke golvlakk på veggen sida den var litt for tyntflytande, men eg var litt ekstra oppmerksom på drypp og søl så gikk det bra. Var nok Sunnmøringen i meg som tenkte det var best å berre bruke den lakken eg alt hadde enn å kjøpe ein ny kun for dette.) 
På badet kom vi ikkje like longt denne helga, men doet vart iallefall innkapsla i kassa.. Her må vi no berre finne litt inspirasjon til valg av fargar og matereale.
I tillegg til lys og bad har vi også fått fullført den siste veggen inne på det største soverommet og starta på brannvegg og underlag der ovnen skal stå.
 
Hovudsoverommet og plassen til peis/ovnen - Veggen mellom stove og soverom er no tett.
Har hatt mykje framgong denne helga, men også fått tid til å kose oss litt. Med to små med på byggeprosessen krever det litt underhaldning og avbrekk i bygginga. Heldigvis har dei godt selskap i kvarandre og er flinke å finne på ting i lag, det kjem godt med når mamma og pappa bygger hytte :)

Pølsegrilling, jordbær med vaniljesaus og gode hjelpara.

 

lørdag 12. januar 2013

Sentralstøvsugar

Etter gode innspel på bloggen og råd frå kjentfolk, har vi gått for sentralstøvsugar på hytta. Etter litt leiting fann vi ein med grei sugekraft og som samtidig var lite plasskrevande. Budplassen er det ikkje mykje av på hytta, så greit med ein lite plasskrevande sugesentral.

Etter mykje vurdering gikk vi for Cyclo Vac GS-111. Eit sugepunkt på loftet og eit i gangen, i tillegg feieluke på kjøkken for å sleppe å drage fram støvsugarslangen for smulane på kjøkkengolvet, berre å koste dei inn i sugesprekken (virka veldig praktisk ;-) )

Eit par dagar etter bestilling kom den i posten frå www.sentralstovsugerbutikken.no akkurat tidsnok for at Eirik kunne ta med rørpakken opp på hytta denne helga :-)

Kjøpte komplett pakke

Sugeluke/sugelist på køkkenet

Bilda over er lånete frå nettbutikken.


 Var ikkje lett å skulle samanligne støvsugarane, vanskleg å vite kva vi treng av Power og kapasitet på ei hytte, men med "Fornøgd eller pengene tilbake- garanti" så kan det egentlig ikkje slå feil :-)
Denne hadde gjort det godt på ein test på sugekraft og var anbefalt for leiligheiter og små boligar, satsar på den passa godt på hytta.

mandag 22. oktober 2012

Byggeboligmessa og boligalarm

På søndag tok vi med oss borna på "Gjør din bolig bedre"messa. Det var litt stress å drage med seg to små inn i folkemengda i Sunnmørshallen, folk over alt, to små som helst ville gå sine egne vegar og etterkvart to ganske svette foreldre som ønska å få sjekke ut litt av det messa kunne by på.
Vi fikk ikkje hamstra inn mange kuppa, men enda opp med eit abbonement på boligalarm frå Sector Alarm.
Vi fikk ordna oss med eit godt messetilbod, og når hytta står klar skal dei få passe på hytta når vi ikkje er der. Dei har tjenester ved innbrudd, brann, vannlekasjer og frostsikring. I tillegg kan dei rykke ut om vi plutselig skulle stå der uten nøkklar eller ha reist frå hytta å lurer på om vi har slått av kaffetraktaren eller låst døra.
Igrunn ganske betryggande å ha nokon i nærleiken som rykker ut om alarmen går, særlig når vi har lang veg til hytta.

"Alltid noen hjemme" som Sector Alarm seier :)