Viser innlegg med etiketten Pipe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pipe. Vis alle innlegg

fredag 16. august 2013

Sommarjobben er over - No er det tilbake til helgejobbing

Då har Sander og Eirik kome heim frå siste del av sommarferiejobben. Dei har gjort ein god innsats denne siste veka. Vi har fått gjort meir enn vi hadde drøymt om i løpet av sommaren. Der vi er no, hadde vi eit lite håp om å være til jul. No ser det ut til at vi vil være innflyttingsklar om nokre veker :)
 

I dag kom det to flinke kara frå Kvekroken Entrepenør AS å hjelpte oss med pipemonteringa. Vi har vurdert litt fram og tilbake om vi skulle prøve oss sjølve, men kom til at det var best å la profesjonelle ta seg av pipa. Litt kjedelig om det skulle vise seg at vi gjorde noko feil og fikk vannlekasje eller kanskje brann. Vatn og ild er ikkje noko å leike seg med.
No er det iallefall klart for peiskos, ikkje verst! :)
Nesten alle foringar er på plass rundt vindua og nesten alle dører er sett inn.
 
 Utenom pipemontering har det i dag kome på plass fleire dører og nesten alle vindusforingane.

No startat den store listejobben, i tillegg må kvitevarer settast inn, badet byggast og trappa monterast (Pluss MASSE små prosjekt ;).
Håper å kunne sende søknaden om brukstillatelse til kommuna om 2-3 veker :)
* L Y K K E *