Heilt i starten av hyttebygginga kjøpte mi mor ei lokal barnebok frå Romsdalen med sagnet om Trollveggen i. Særleg Sander har likt denne boka godt, og det er kjekt å få kjøre forbi Trollveggen på veg til og frå hytta med heile brudefølget øverst på veggen som går heilt opp til stjernene.
Inne i denne boka var det også ei oppskrift på Romsdalshorn. Det har våre ein tolmodig gut som har venta i spenning på at kjøkkenet skulle bli brukbart. Denne helga var alt klart for å kokkelere litt :)
Mykje matlaging denne helga :) Arbeidsbenken på venstresida er utruleg kjekk for kokken :) |
Vi har fått tatt første strøket med kvitmalinga utandørs på dei få attståande stadane. Det meste har fått to, men står att nokre vannbord og ein vinduskarm før vi kan krysse utvendig maling av lista før vinteren.
Alle flater malt |
Lister og panelovnar - 1. et er snart ferdig lista |
Hovudmålet for helga var å få fliser på golvet på det største badet. Som bildet under viser kom vi i mål med det, berre fuginga att.
T.V.: Har blitt ein del beising også denne helga, lister og kottdør har fått farge. T.H.: Badet ferdig flisa. Fargen ser litt mørkare ut på bildt enn den virkeleg er. |
Kommande helg er eg på blåtur med jobben og det kan derfor være vi ikkje får jobba på hytta, tida får vise, må vel ha tid til anna også, innimellom.