Viser innlegg med etiketten Fuktsperre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fuktsperre. Vis alle innlegg

fredag 7. november 2014

Vi bygger fortsatt

 
Ivrige blogglesara har venta tolmodig på nye oppdateringar på bloggen. Vi har ikkje våre på latsida sjølv om det har våre stille på bloggen. Vi har i somar og haust jobba mykje med uteområdet rundt hytta, singel har blitt trilla og gras har blitt sådd, til våren skal vi sette opp ein skigard og då kan vi nok sjå oss svært godt fornøgd med uteområdet. 
 
Oppsida av hytta, mange turar med singel i trillebåra har blitt trilla.
 
Inne i annekset har vi kome godt i gong. Vi har tatt det i eit behagleg tempo å prøvd å ikkje stresse med det. Å bygge hytta var energikrevande, så for å ikkje gå tom/lei har bygginga i annekset blitt tatt litt no og då, med lyst og glede. Målet var å få isolert og plasta før kuldegradene sette inn, det har vi klart. Vi har fått inn isolasjon i veggar og tak, plasta og er nesten ferdig med utlektinga.
I tillegg har det meste elektrorør og spottkasser kome på plass. 
 
Bilder frå annekset; Her kjem to soverom, bad, liten kjøkkenkrok og opphalsrom.
 Denne helga har Lidvar (min far) frakta første lasset med panel til annekset opp på hytta. Kjenner litt grøss mot å skulle ta fram malarkosten att, men har god beisetrening, så dette skal gå greit.
Slit litt med valg av fargar, er så mykje som er fint. Om nokon har tips om fargar som hadde passa i eit lite fjellhytte anneks så tek eg gjerne imot tips.

søndag 31. august 2014

Tilbake til gamle kunster

Denne helga var ongane plasserte hos mormor og morfar, Karoline og Eirik reiste på hytta for å gjære ein skikkelig arbeidsinnsats på annekset.
For eit par veker sida kom svaret frå kommuna med godkjent bruksendring og alt var derfor klart for å innrede det etter den opprinnelege planen. 

Denne helga sto isolering på planen. Sjølve bygget har våre klart ei stond, men vi har valgt å konsentrere oss om utendørsarbeid med terasse, tomta rundt hytta, og maling av hytta og annekset i sommar.
Klart til isolering

Det var ingen veg utenom, isolering er ingen favoritt hos nokon av oss, men med godt mot og i kvite eingongsdressar frå Jula med hette og gode hanskar fikk vi gjort mykje i løpet av ein effektiv laurdag.
Søndag fikk vi isolert resterande og vi fikk også laga nokre kubbingar i taket der innerveggane skal gå. Tilslutt fikk vi starta med dampsperra, men denne hadde vi berre med ein rull og gikk tom ganske kjapt. Uansett må vi seie oss fornøgde med innsatsen denne helga :) Vi hadde ikkje regna med å være så effektive, men det merkast både på isoleringa og plastinga at dette er kunstar vi har gjort ein gong før under hyttebygginga.

Ferdig isolert
 
 
Kubbing i taket og start på fuktsperre
 
 
Utsikta frå soverommet på annekset

Tilslutt vil vi dele eit lite tips: Vi malte to store eineknaggar med same farge som hytta, slik fikk vi eit perfekt oppheng for hageslangen.

 

søndag 21. april 2013

Lite soverom nr 1 i 1. etasje nesten ferdig

I dag har Eirik fullført veggar og golv på det eine av dei to små soveromma i 1.etasje. Berre å behandle golvet, montere på vindusforingane og montere dør og lister att ;) (går frammover, men utruleg mykje jobb att fortsatt).
Fargen vart vedlig bra, håpar den går godt i lag med golvfargen som vi har valgt til resten av hytta. Håpar å få starta med golvbehandling neste helg, så tida får vise.

Eit golv blir til - Dampsperre, lekt, isolasjon, furuplank

Medan Eirik snikra har eg og ongane kosa oss ute i hele dag, trilla lange turar og bygd sandslott i sanden rundt hytta.
Snøven har smelta mykje den siste veka på Bjorli. Det varfleire stadar spor etter store mengder smeltevatn i elvar, grøfter, og vegar, fleire hytter hadde fått dammar i oppkjørselen og vegar øydelagt av smeltevatn. Heldigvis for oss ser det ut til at dreneringa på vår tomt fungerer optimalt. ( Takk til vår grunnentrepenør Kvekroken Entrepenør for godt dreneringsarbeid). Tross stor snøsmelting var det tørt og fint rundt hytta vår.

Hytta og gata vår
Vintersesongen er no over på Bjorli, langrennsløypene er stengt/regna vekk og skitrekket hadde si siste helg denne helga. Snøven er ikkje longt frå vekk og det er ikkje same folkelivet i gatene som før i vinter.
For oss hyttebyggara er det igrunn heilt greit, hyttebygging blir litt lettare uten all snøven rundt hytta :)

søndag 27. januar 2013

Endelig tilbake på hytta

Sist helg var vi opptatt med andre utskeiielsar, så sjølv om lengselen til å få jobbe med hytta var stor, måtte vi ta ei helg "fri".
Denne helga var det igjenn tid for hyttebygging, eg skulle få mi første helg på hytta på lenge :) Kjekt å få kome opp å sjå kor fint det går og kor bra det blir <3


Trollveggen i Romsdalen


Trollveggen i Romsdalen. Morgonsola skein på vegen opp mot hytta

Det er veldig kaldt på Bjorli (-23 fredag), så for å unngå overnatting i campingvogna reiste vi oppover tidlig laurdagsmorgon. Kl 1015 var eg, Eirik, min far og min onkel Ole klare i termodressane til ein effektiv arbeidsdag.

Vi fikk på siste delen med dampsperre og kunne fyre opp varmen frå byggvarmaren.
Isolasjonen i hytta gjorde virkelig jobben sin, varmetapet er alt no minimalt og det gikk ikkje lenge før varme ytterkle var overflødig inne i hytta.


Loftet er klart for panel
1. et ferdig med fuktsperre og delvis ferdig lektet.

Vi fikk festa på lekter i nesten heile 1. etasje før vi plutseleg ikkje hadde meir. Epost er alt sendt til Familiehytta, så har god tru på at vi til neste helg kan fortsette arbeidet med lektinga.

Det var NYDELIG vær på Bjorli denne helga og eg måtte ta turen ut å ta nokre skrytebilder av hytta ;-)











Tomme for lekter var det berre å gå vidare å starte på den første deleveggen i 1.etasje. Deleveggen kom relativt kjapt opp, Pre-cut lengder hadde nok sine fordelar.

Stor borremaskin og ekspressspiker festa den første deleveggen

Byggeteamet frå FH-Bygg bærte inn materealet som skal inn i hytta etterkvart for oss før dei avslutta arbeidet. Skal tru om det var tilfeldig at deleveggen akkurat fikk plass?

 


Eit soverom til høgre og kjøkkenkroken bak "veggen" til venstre

Utpå kvelden sette vi kursen heimover, 4 sletne arbeidara godt fornøgde med helgas/dagens innsats og progresjon.

søndag 13. januar 2013

Helg igjenn

Det har blitt standaren for helga her i familien at vi prøva å bruke den på hyttebygging. Enten begge eller iallefall Eirik og gode hjelpara.

I helga skulle Eirik, min far og min onkel ha dugnadshelg igjenn, men det vart med den eine dagen, sjukdom korta ned helga.

Heldigvis, fikk dei gjort mykje den dagen dei fikk jobba :-) Store deler av første etasje har no også fått lekter og boksar til spottane er på plass.
Nermar seg no tid for deleveggane, kjenner det blir spennande å få kjenne på romfølelsen :-)

Under er eit lite bilde frå helgas framgong:



Her kjem veggar til bad om ikkje lenge :-)

lørdag 29. desember 2012

Siste innspurt 2012

Då har siste innspurt blitt gjort på hytta for i år, eg har fått heim kjærasten og det blir familiekos resten av jula.

Med god dugnadshjelp torsdag og fredag, og ein god arbeidsdag på Eirik aleine på laurdag, har dei fått gjort mykje. Golv på kryplofta, kneveggar på loftet, litt isolering, mykje plasting og ein del lekting. I tillegg kan vi feire å ha fått opp starten på den første innerveggen.


Bilder frå fredag og laurdag:
Fuktsperre og spotkasser på plass på hemsen.

Lekting av veggane og konturen av ein delevegg på loftet.

Fuktsperra på plass i 1.et og lekting av taket er starta. Vi har våre heldige å få lånt eit stilas, dette vil lette jobben i taket på frambygget, var litt utfordrande under isoleringa med berre ein stige å hjelpe seg med, stilas gjære nok susen.  

Lekter på plass på loftet
 

Romjulsdugnaden har våre svært effektiv, mykje har blitt gjort og det nermar seg tida for fleire viktige beslutningar.
Valg av fargar for vegg og tak må tas, og sida vi skal beise før vi snikrar opp panelen er det snart tid for å starte malarvirksomheita.
 
Vi må gå i tenkeboksa og gjære nokre valg :)
 
 
Tilslutt eit lite spørsmål til våre lesara:
 
Sentralstøvsugar, JA eller NEI?