Denne helga reiste Eirik på hytta aleine. Vår søndag går denne helga vekk til familieselskap, så for effektiviteten si skuld vart eg heime med ongane og han fikk reise på hytta i fred og ro frå fredag til laurdag.
Hovudoppgåva for helga var flising av golvet på lisjedo.
Nermar seg eit ferdig lisjedo :) |
Når flisene var lagt hadde han eit par andre småoppgåver på planen. Eg mala for nokre helgar sida ventildekselet (heiter muligens ikkje det, men de ser av bildet kva eg meina...) og rundt ventilopninga på boda. Dette fikk han montert.
Han fikk også jobbe vidare med hjørnet der peis/vedovnen skal stå.
Ein liten snik kjik på fargen vi har valgt på hytta |
Plate for ovn er støypt |
Til neste helg har vi fått barnepass til arvingane og då får vi oss, forhåpentlegvis, ei svært effektiv helg med hyttebygging før vi skal være alle fire på hytta nesten ei heil veke på sommar"ferie".