Viser innlegg med etiketten papir. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten papir. Vis alle innlegg

torsdag 10. mai 2012

Dukkehus Før&Etter

Det er ikkje ofte ein kan skryte på seg å ha pussa opp eit heilt hus på ein dag! 
Men det har eg faktisk gjort ;) Eg har tapetsert, lagt golv, måla og møblert. Sjølv om huset riktignok er i mini-format så var det skikkeleg moro! ;)

Dette er eit gammalt Lundby- dukkehus som søstra mi hadde når ho var lita. 
Eg fekk det av ho før Ariel kom til verda, så dette er eit prosjekt eg har hatt på vent ei stund.
Og som de ser har det fått hard medfart og trengte litt Love&Care ;)

Dukkehus Før;

 Dukkehus Etter;

 Det eg brukte av utstyr;
Kvit måling
Måleband
Scrappeark frå Panduro
Kartong frå Bazzill
Skjærebrett
Limstift

 Først måla eg dei fleste kortveggane og badegolvet med kvitmåling. Når dette hadde tørka tok eg mål av dei veggane som skulle "tapetserast". Eg brukte måleband slik at det var enkelt å kome til. Så brukte eg skjærebrettet mitt slik at alt var beint og hadde rette mål. Scrappearka festa eg med limstift. Veggane vart romantiske med 
sommerfugler og roser. Til golv fann eg scrappepapir med 
tregolv-struktur, veldig fornøgd med det ;)
Desse arka vart også kutta etter 
mål og limt fast.

 Taket på huset(som ikkje er komt med på bildet ser eg)  er også nytt. 
Der har eg "lagt" grå kartong frå Bazzill.

 Dukkehusa frå Lundby er jo fortsatt i salg, som de sikkert veit. 
Og det finns stort utvalg i møbler og stæsj. Eg har samla litt dei siste åra (og meir skal vi ha ;)
Så det meste av møbler i huset er frå Lundby, men dei 2 sofaborda, den kvite sofaen og det kvite skapet fann eg ifjor sommar i ein hobbybutikk i Danmark. 
Eg husker dessverre ikkje kva merket 
eller butikken heiter.

Til slutt det viktigaste av alt;
Huseigaren vart meget fornøgd då ho kom heim frå 
Barnehagen og huset stod ferdig til leik :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. mai 2011

Fin oppbevaring :)

Med papir- rullane eg viste i forrige innlegg har eg dekorert esker.
 Kjekke å ha til oppbevaring, og det får ein jo aldri nok av. Samtidig så vart dei 
fargeklattar i interiøret :)


Denne gongen har eg brukt esker bestilt frå Panduro, 
men ein kan like gjerne bruke for eksempel sko- esker. Den rosa boksen har eg "tapetsert" 
med gåvepapir (brukte limstift) og lokket måla eg grønt. Labelen foran hadde eg i scrappesakene mine (denne er også måla grøn)


Eska med muffins på, der er lokket "tapetsert" med eit scrappeark,
 boksen har sin opprinnelege farge. Og denne har også fått ein label på. Denne blir fin å oppbevare muffins- formene mine i :)


Det vesle bordet eg har styla eskene på vart også utsatt for papir i si tid ;) 
Denne har fått scrappeark med decoupage lakk over og under.


Den største boksen er ein Tilda- boks. 
Eg frykter at eg er blitt hardt angrepen av eske- dilla! ;)
Men oppbevaring er vel ikkje det verste å utstyre heimen sin med?


Eg ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. mai 2011

Eg ♥ Papir

Papirsamlinga mi blir stadig større. 
Etter ei bestilling frå Panduro har denne korga med gåvepapir og
 tapetprøver fått besøk av nokre Tilda-ruller.


Gåvepapiret frå Panduro er av god kvalitet. 
Og det er mange lekre design å velge blant. Når rullen er på 10 meter og koster 59 kr, 
synast eg at det er ein fin pris.

(obs! Gåvepapiret øverst til høgre er frå Åhlens)

Og det er veldig kjekt å ha litt utval i papir, ikkje berre til å pakke inn gåver. 
Det kan brukast til så mykje anna og. Eg har drive med litt papirhobby i det siste. 
Det kjem snart på  bloggen ;)

Tellaren på bloggen tikkar trufast mot 100 000 besøk. 
Heilt utruleg! Og det må jo feirast!! 
Følg med, følg med ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails