Viser innlegg med etiketten syrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten syrom. Vis alle innlegg

torsdag 30. desember 2010

Bok Som Fekk Det Til Å Klø I FingranE ;)

Eg fekk mykje fint til jul i år. 
I dag har eg lyst å vise dokke ei bok eg fekk frå min Kjæres foreldre. 
Og den har dei handla i min yndlingsbutikk i Winchester; 
Cath Kidston !


Min kjære sin Mamma har også stor interresse for sying
Og fann denne fantastisk inspirerande 
boka til meg.


Boka heiter SEW! av Cath Kidston. 
Og inneheld mange flotte syprosjekt i dei herlegaste blomster og pasteller. 
Bildene i boka er så flotte og inspirerande.
Akkurat slik eg elsker det! :)


Desember har egentleg vore ein litt laber månad for meg, når det gjeld sying og andre kreativiteter. Men når eg sette meg ned å bladde i boka kom
 kløen i fingrane til å lage noko tilbake 
for fullt!


I dag har eg vore ein tur på syrommet, og snusa litt i stoffa mine (hehe, tekstilstoff altså ;) 
Eg har knipsa litt bilder, og så smått begynt å planlegge litt syprosjekt. 
Men eg venter til etter nyttår med å starte på dei. 
No er eg for opptatt til å ete snop og kose 
meg med familien min ;)


Boka SEW! av Cath Kidston kan du blant anna
 bestille hos  Amazon om du skulle vere interressert i det :) 
På linken kan du også bla i boka!


I morgon reiser vi til min Kjæres familie for 
å feire Nyttår der. 
Difor benytter eg anledninga no til å 
ønske deg og dine eit fantastisk godt Nyttår!

Stor Klem frå Bjørg :-)

søndag 10. oktober 2010

DIY; Sengegavl

For litt sidan fekk eg hjelp 
av min kjære å lage ein sengegavl til gjeste/hobbyrommet. 
Det er slett ikkje vanskeleg, og det kosta meg berre 99 kr.


Du treng ei treplate(Vi brukte deler av ei seng vi skal kaste)
skumgummi eller liknande (tjukkelse vel du etter kor mjuk du vil ha den)stiftemaskin og stoff  (eg kjøpte eit blått laken på Ahlens til 99 kr ;)
Så er det berre å stifte i veg, og du har ein sengegavl!


Eg angrer litt på at vi ikkje brukte tjukkare skumgummi til gavlen. 
Men eg har tenkt å løyse det med å sy puter som skal henge på den.
Så prosjektet er ikkje 100% ferdig (ikkje er den skrudd opp på veggen heller ;)



Helga vår har vore kosleg og sosial. 
I dag har vi blant anna vore på middag med mine foreldre og eg har atter ein gong 
"snoka" i Pappa sitt verksted...


 ..Og ingen overaskelse (men til min kjæres "fortvilelse") vart det med meg 
nokre skatter (skrot, som min kjære seier ;) heim, så no er plutseleg oppussingslista 
mi meget lang igjen ;)


Men det er no sånnt eg elsker å drive med. 
Så eg skal nok overleve ;)
Eg håper alle har ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)
(som synast det er grådig kjekt at så mange har tatt lodd i  min Give Away,
 link øverst til høgre. Pst; framleis lodd igjen ;)

søndag 26. september 2010

Noko rart, men nyttig på hobbyrommet ;)

Mi snille Mamma var medeigar i ei handarbeidbedrift, der dei og hadde butikk. 
Då ho trekte seg ut av dette for å arbeide i helsevesenet 
fekk ho med seg mykje kjekt ;)

Ivrig som ho er fordi eg endeleg har fått interesse for sying (noko ho har "masa" om lenge) 
har ho tidlegare utstyrt meg med 
symaskin, stoff og blonder.

Også spurde ho om eg trengde litt sytråd
Og det gjorde eg jo...

Då troppa ho opp på døra hos oss med eit heilt 
butikkstativ med sytråd! :)


Eg måtte flire litt først. 
For dette var jo noko spesielt å få inn i hus ;)

Men det er jo superpraktisk
Eg har kjempegod oversikt over fargane, og utvalget er for å seie det mildt meget bra ;) 
Og tråd har eg i "evigheter" framover ;)

I grunn så syns eg det var litt kult og! (hihi ;)
Tusen takk snille Mamma mi :)
Eg håper alle har hatt ei nydeleg helg! :)

Klem frå Bjørg :-)

Pst; husk å ta lodd i min Give Away. 
Link øverst til høgre!;)

mandag 9. august 2010

Sy/Hobbykroken min :)

Endeleg er det klart for visning på dette rommet,
 som eg har snakka om ei stund ;)
Eg er endå ikkje ferdig med gjestedelen, 
men det kjem :)

Aller først må eg vise dokke utgangspunktet då vi flytta inn..


Eg er som de veit veldig glad i rosa, men det får vere måte på ;) 
Det einaste eg var fornøgd med var utsikten og tregolvet ;)

Før vi flytta inn målte eg rommet i fargen Latte. 
Noko eg angrer på idag. 
Då eg skulle lage til hobbykroken,var det like før eg starta å måle det om igjen. 
Men mannen sette foten ned ;) Han meinte det ville vere meget unødvendig!
Vi skal nemleg isolere rommet innvendig. 
Så då blir veggane nye og kvite :)
Golvet skal også målast,
 eller slipast ned og oljast.

På rommet hadde vi satt ein pult vi hadde frå før. 
Laga av MDF plate og stålbein og kommode frå IKEA.
Bildet er tatt undervegs i organiseringa ;)


Eg sydde eit forheng av laken kjøpt på Bruktbutikken til 10 kr 
og blonder eg hadde liggande.

På skuffene sette eg på veggord frå Foto1
og vips vart det meir min stil ;)

Som de ser er pulten lang, 
på eine sida av kommoden skal eg scrappe
 og på den andre skal eg sy :)

I kroken ved sidan av sette vi opp hyller. 

Undervegs;


Ferdig;

Hylla som rommer bånd og blonder kjenner de kanskje igjen? 
Det er egentleg ein tørkerullholder kjøpt på Bruktbutikken, 
og såg slik ut;


Etter gode forslag frå dokke, fallt eg for Marny Alice sin ide,
 om å oppbevare nettopp bånd og blonder på den ;)
Tusen takk for ideen :)

Eg spraya hylla kvit,
 og sette på ein ornament- stickers frå Hilde Heimdal.


glaskarmen ved sidan av symaskina har eg sett små fil de fer korger frå Jotex,
 som inneheld det som er kjekt å ha for handa.
Kammerlysestaken var raud, 
og vart spraya med zink.



Utsikten er som de ser på bildene 
(sjølv om veret var grått når eg tok bildene) 
heilt fantastisk. 
Inspirasjon i seg sjølv ;)

Den kvite kassa kjøpte eg på Plantasjen. 
Planen er å fylle denne med scrapbooksaker, 
sånn at eg har god oversikt :)
Ein blomst og oppslagstavla eg har laga 
av ei ramme, stoff og hønsenetting har og fått plass her.


Her er det godt å sitte ;)
hyllene har nokre av hobbybøkene mine og 
dei nye lyshusa frå Jotex fått plass. 
Eg må innrømme at eg ikkje er heilt ferdig med organiseringa ;)



Ting tar tid, 
når eg heller vil sette meg ned å sy ;)

Eg har gått litt amok på Panduro etter at eg vart "hekta" på sying. 
Dei to siste dagane har eg kosa meg med å sy 
putetrekk og diverse av desse 
søte stoffa :)


Det var ein titt innpå syrommet mitt. 
Det blir nok fleire besøk her, etterkvart som eg blir ferdig :)
 Det vart visst eit langt innlegg så eg håper de ikkje er lei av det allereie ;)


Eg håper alle får ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 5. juli 2010

Stæsjing ;)

Eg er såvidt begynt å kome litt i orden på sy/gjesterommet
Men mykje som gjenstår. 
Eg hadde fått det for meg at eg måtte måle vegger og golv. 
Men min kjære fekk meg til "fornuft" ;) 
Vi skal jo snart rive vegger og tak for å isolere der likevel, 
så det er jo dobbelt- arbeid ;)
Eg skulle gjerne hatt det kvitt
no har det ein lysbrun farge..


Eg har fått opp den gamle Amerika- kista som stod i kjelleren. 
Og pynta litt over den ;)
Her er fortsatt litt tomt
meir kjem!


Her har nokre av funna frå bruktbutikken fått plass. 
Dei er spraya med kvit og zinkspray frå Europris.
Dei såg slik ut før ;)



✿ ✿ 


I rammene har eg plassert diverse scrapbook- papir
Eine ramma er tom og huser eit wallstickers 
(eg var så heldig å få av Hilde Heimdal)
 på veggen inni.
Eg fekk og eit hjerte av Hilde, 
som pynter opp inne i den minste ramma.




Det er ihvertfall ein begynnelse på 
make-overen på dette 
rommet;)


Min kjære har fri denne veka. 
Vi skal arbeide ein del heime med nokre prosjekt, reise litt på tur osv. 
Så eg tar ei lita pause frå blogginga. 
Men kjem sterkare tilbake om ikkje lenge
Har mykje spennande å vise dokke ;)

Tusen takk for alle koslege helsingar de legg igjen! 
Eg blir så glad for kvar einaste ein :)) 
Det er og veldig kosleg at de vil følge meg
Tusen takk!:))


Ønsker dokke alle ei strålande veke :)


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails