Viser innlegg med etiketten speil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten speil. Vis alle innlegg

mandag 6. februar 2012

Speil Før&Etter

Hurra! Eg har endeleg fullført ein av makeoverane
 eg har tenkt på lenge :) Speilet er opprinneleg eit brunraudt speil IKEA hadde for ein del år tilbake. For eit par år sidan spraya eg det grått, men no har det fått seg ny "look" med servietter og decoupagelakk :)

Før & Etter;


Planen er å ha det over senga på vårt soverom. 
Difor har eg berre styla det midlertidig for bildene si skuld. Eg har jo ikkje tid å 
vente på at mannen har hengt det opp ;)


Det var eit skikkeleg dillearbeid.  Og det er godt at eg ikkje streber etter det perfekte!
For det var ikkje enkelt å få serviettane på uten at den rynka seg. 
Men det vart jo berre litt røffare, så eg er nesten fornøgd ;)
Eg limte først på serviettane med lakken, 
etterpå tok eg eit strøk over.


Eg har også laga meg ein telysholder av eit syltetøyglas og eit hekla trekk. 
Må seie at eg er litt stolt over at eg huska korleis eg hekla :)
Det strikka trekket på vasen har eg vist før.


Det kjem bilder seinare når speilet er komen på plass på veggen på soverommet. 
No skal mannen snart ha friperiode, så då kan 
han hjelpe meg med slikt ;)


Tusen takk til alle som les bloggen min! 
Og ikkje minst tusen takk til de som legg igjen nokre ord! 
Eg blir så glad, og bloggelysta er meir og meir til stades ;)

Ha ein fin mandag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 4. oktober 2011

Gult på gjesterommet

Dette speilet var eit av mine funn på Bruktbutikken for litt sidan. 
Og med den gule sprayen frå KEM vart det ein fargeklatt
 på gjesterommet.

Før;

Etter;

Samtidig får de ein liten sniktitt på det minste gjesterommet i Fjordhuset. 
Dette rommet har vore prega av mildt sagt kaos. Men no er det 
begynt å kome seg, sjølv om 
mykje gjenstår ;)


Ha ein fin TV-kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 13. januar 2011

SweeT as CandY :)

I fjor kjøpte eg eit speil i gull på eit loppemarked. 
Gull er fint nok det, men det passer ikkje inn i Fjordhuset. 
Så eg har hatt framme målekosten, igjen ;)


Speilet har fått nokre strøk med fargen Hammershöi
Som er ein av pastellfargane eg har forelska 
meg fullstendig i ;)


Mens eg måla kom det fine roser til syne. 
Det er så moro å sjå korleis detaljane kjem bedre fram når gjenstanden 
blir lysare :) 


Planen er å ha speilet på Ariel sitt rom. 
Men det pynta igrunn fint på bordet og. Så eg trur det får 
vere der litt til ;)

Ariel blir no henta frå sin 2. dag aleine i barnehagen! 
Så no gleder eg meg (som er sjuk og ligg på sofaen) til å få min flinke lille venn heim :)

Eg håper alle har ein fin torsdag!


Klem frå Bjørg :-)

fredag 3. september 2010

Litt påfyll i Fjordbua :)

Det har vore ein nydeleg haustdag! 
Sola skin på den blå himmelen og livet er flott :)
Vi har berre kosa oss :)
(og baka litt med mi nye fantastiske Kitchen Aid!!! ;)


I det siste har eg produsert litt på syrommet mitt. 
Det blir liksom ikkje så effektivt arbeid, 
når eg har berre ein ledig time 
i ny og ne..


Eg har rett og slett for mange hobbyar etterkvart. 
Men eg nekter å oppgje nokon av dei ;)
Og når Ariel er våken er ho 
førsteprioritet ;)
Men eg er ferdig med noko, 
og meir er på gong! :)


Slike vimpelrekker er no lagt ut for sal i Fjordbua
Dei går i fargane kvit/turkis/rosa/grått 
og har blondekant.


Fjordbua er min vesle bloggbutikk,
 der eg selger diverse 
som eg har laga



Eg opna butikken mest på moro
Men no har eg jammen solgt litt, og det er veldig kjekt! :)


Slike hetter som på bildet over er og å få kjøpt i butikken. 
Ta deg gjerne ein tur. 
Trykk her så er du der :)

Om det er noko du lurer på, send meg ein epost; 
husetvedfjorden@hotmail.com


Eg har fått eitpar flotte pakker i posten i det siste!
(veldig glad i posten for tida ;) 
Innlegg om desse kjem :)

Ha ein flott fredag, og ei god helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 25. august 2010

Eg ♥ speilet mitt!

I fjor fekk eg dette flotte speilet av 
min kjære til bursdagen 
min


Det var vel egentleg meint for soverommet vårt. 
Men eg synast det er så fint at eg ikkje vil"gøyme" det vekk der.
No er speilet det første vi og gjestene våre ser,
 når dei kjem inn i gangen vår.


Eg synast speilet er heilt nydeleg. 
Det har flotte detaljer i herleg shabbystil :) 
Min kjære var kjempeflink med dette bursdaggåvekjøpet. 
Han observerte meg vel nokre veker før bursdagen,
 der eg stod med sikkel i munnviken 
og såg på det ;)


Grunnen til at eg fortel dette 
er fordi at imorgon blir eg tjuetolv (hihi) år. 
Og eg må innrømme at eg er veldig spent på kva han overrasker med iår ;)



Ha ein flott onsdagskveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails