I det siste har det dukka opp nokre pakker til meg i posten!
Og det elsker eg!
Kven gjer forresten ikkje det? ;)
Eg var så kjempeheldig å vinne Tovepia sin Give Away. Då fekk eg velge det eg ville ha
frå den flotte bloggbutikken hennar Tovebua.
Blant mykje flott, som Tovepia har laga, fallt eg fullstendig for desse tøfflene.
Nydeleg farge og herlege på. No er eg skodd for haust og vinter!
Tusen takk skal du ha!! :) Eg er kjempefornøgd!
Ta deg ein tur innom Tovebua du og!
Trykk her så er du der ;)
I forbindelse med bursdagen min i forrige veke,
fekk eg ein epost frå snille Madelen. Ho ville gjerne ha adressa mi.
Og nokre dager etter fekk eg denne flotte fyrstikkeska,
som ho har dekorert sjølv!
På eine sida står det "Fyr opp inne",
og på den andre står det "Hold varmen".
Var ikkje den fin?
Og er ikkje ho berre supersnill? ;)
Trykk her , så er du der :) No er den kreative jenta i gong med å starte
bloggbutikk og! :)
Eg er jo blitt ganske så god på å handle på nettet,
etter at eg flytta til ei bygd med få butikker ;)
Så dette pleddet dumpa plutseleg og "overraskande" ned i postkassa mi ;)
Det er frå Ellos og eg har sett det på mange blogger i sommar!
Då eg sjekka var det utsolgt..
Men no er det på lager igjen, og heime i stova mi og! :)
I går våkna lille vennen vår med feber, for aller første gong!
Ho er nettopp blitt 9 mnd,
og dette er første gongen ho har vore sjuk.
Og det var vondt i Mamma (og Pappa) -hjertet ;)
Snørret rant, ho var slapp og jenta hadde feber heile dagen...
Så det vart mykje trøst og innekos :)
I dag er solstrålen vår heldigvis mykje bedre! :)
♥
I morgon begynn ei ny veke,
og mannen skal til på ny jobbeperiode.
Eg merker ikkje store forskjellen sidan eg er i fødselpermisjon.
Men eg merker at tida går vannvittig fort mot den dagen permisjonen er slutt.
Og sidan vi har flytta i denne perioden står eg for tida utan jobb
(blir for langt å pendle til gamlejobben, så den har eg sagt opp..)
Så eg er plutseleg jobbsøkar..grøss og gru ;) Skumle greier..
♥
Ha ein strålande søndagskveld alle saman!
Klem frå Bjørg :-)