Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppussing. Vis alle innlegg

onsdag 16. mars 2016

Litt meir..

..frå TV stova/gjesterommet. 
Eit akkurat passe stort bord frå Ellos er komt på plass. 

Fin-fine plakater frå kunstbilder.no er på veg opp på veggen med
rammer frå bilderammer.no. Eg er litt skeptisk til 
veggfargen her. Eg funderer på å måle den 
i ein frisk blåfarge..

Fortsettelse følger snart...

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 9. mars 2016

Gjesterommet/TV-stova tar form..

Sovesofaen er på plass i gjesterommet/TV-stova. 
Dei sel tydelegvis ikkje så mange rosa sofaer på Bohus, sidan dei 
automatisk sendte oss ein grå. Men til min store overraskelse sendte mannen 
den grå i retur. Eg trudde han ville falle for fristelsen og behalde den ;) 
Bohus ordna opp på ein super måte. Ikkje mange 
dagane etter vart eg ein rosa sofa lykkelegare ;)

Tapeten heiter Apple Garden og er frå Ellos. 
Ein skikkeleg gladtapet! Den grøne veggfargen har eg bomma litt med, 
så her skal målekosten dyppast i ein ny farge ;)


Litt fleire møbler , TV og ein bildevegg skal 
på plass, så er rommet fiks ferdig :)
Eg gleder meg!

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. februar 2016

Blått er flott ♡

Eg brukte første halva av morsdagen til å kose meg ilag med familien. 
Så reiste mannen og jentene på vinterferie, og eg var snar å finne fram målekosten. 
Eg har lengta etter ein date med den, heilt for meg sjølv! Det er heilt utruleg 
kor kjapt ting går når ein får fred på seg ;)

Eg gjekk sjølvsagt tom for måling, så vi har fortsatt ein vegg som er kvit. 
Men eg er storfornøgd så langt!

Det vart mykje lunare i spisestova vår, synast eg.
Hurra for meir farger ;)

Fargen heiter prekestolen og er frå Fargerike. 
Den er ein tanke blågrøn. Perfekt for meg som elsker både grønt og blått. 
Til og med mannen er fornøgd. Så då er det berre å klappe seg sjølv på skuldra ;)


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 30. januar 2016

Ein etter ein..

...blir veggane i spisestova blå.
Eg er eigentleg ganske utålmodig av meg.
Men eg har rett og slett ikkje tid nok, så dette blir eit snigleprosjekt ;)
To veggar ferdige, 2 igjen ;) 
Men det blir bra til slutt, håpar eg.
Det er allereie blitt mykje lunare stemning i rommet.
Og fargen er heilt nydeleg etter mitt begrep!

Eg håper Tor (stormen altså ;) var snill med deg igår. 
Her viste han krefter utan dei store øydeleggingane. Heldigvis!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. januar 2016

Det er på tide...

..å tørke støv av bloggen!
Plutseleg har nesten heile januar gått, og her har det vore stille.
Men det betyr ikkje at det har vore stopp i heimen ;)

Her har eg blant anna svinga målekosten.
No er det veggane som får gjennomgå. Eg er lei av alt det kvite. 
Må.Ha.Meir.Farge ;)

Først ut er veggane i spisestova. 
Eg er komt til vegg nr to, så det går ikkje så veldig raskt kan du seie ;)
Men det er så moro å vere i gong!

Eg var litt 2014 i valget av den blågrøne fargen Prekestolen. 
Sånn er det når mannen ikkje går med på å bruke rosa. Det er jo årets farge liksom! 
Men eg er veldig fornøgd med denne fargen og altså ;)

Håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 11. september 2015

Glad fornyelse!

Kontorplassen i stova vår har lenge vore veldig malplassert. 
Dette har irritert meg ei stund, og eg har lenge lagt planer for ny løysing. 
Det er så herleg når planane endeleg blir realisert. 
Litt vart slik som først tenkt, og noko 
vart til etterkvart ;)
 Den gulprikkete tapeten frå Ellos, var egentleg tiltenkt noko heilt anna. 
Men eg er glad for at den enda opp her i datakroken. 
For no kan eg sjå den heile tida, og den gjer 
meg igrunn veldig glad! :)
 Teak-pulten fann eg på ei kjøp/salg side på Facebook. 
Nyforelska som eg er i teak, så ropte den til meg gjennom skjermen og sa: 
Eg blir heilt perfekt! Og eg var sjølvsagt enig ;)
 

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. august 2015

Dilla på gult!


Eg har vore glad i fargen gul lenge! 
I det siste har eg imidlertid tatt litt av. Gult er kult, ikkje sant?

For det første har det flytta inn ein gul 
stol frå Ikea. Eg digger designet, komforten og sjølvsagt fargen!

 I tillegg har mannen fått nytt kontor med teakpult og
....gulprikkete tapet! 


Liker du gult?

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 30. juni 2015

Luksus i kvardagen

Det veldig etterlengta vaskerommet vårt er omtrent ferdig! 
Eg skreiv om det på bloggen første gongen i mars ifjor (les det her!) og trudde det skulle vere fort gjort. Over 1 år skulle det gå før vi kunne ta det i bruk. Interiørplanane 
der inne har endra seg fleire gonger på den tida. Resultatet ser du
 under her. Det var vel verdt ventetida!
Før hadde vi eit skikkelg ukosleg vaskerom i den mørke kjellaren vår, 
og tørking av kle foregjekk på gjesterommet. No er det historie og 
det er plutseleg blitt skikkeleg kjekt å vaske kle ;)
Hyllene er gamle stringhyller som vi har spraya opphenget på. 
Tøymykner og milo blir oppbevart i flasker frå Ikea. Vaskemiddel i ein gul boks frå Kremmerhuset. Øskjene frå Søstrene Grene rommer einslege sokker, 
vaskeposer og merkelapper til kle. Det er sydd eit forheng som 
skjuler dunkane med skittentøy.
Printet på hylla har eg laga sjølv i 
photoscape og sett i ei ramme frå bilderammer.no
Over doen har vi fått laga smilesontiles av ei teikning Ariel har laga :)
For å hindre innsyn har vi sett på folie på vindaugene. 
Slik får vi likevel inn mest muleg lys. Folien har bilde av eit tre med fugler i. 
Det var litt vanskeleg å fange med kameraet ;)
Vaskerommet gjer kvardagen mykje enklare. 
Rett og slett litt luksus ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. august 2014

Ariel sitt rom

Ariel har vore på ein liten ferie hos besteforeldrene denne helga. 
Eg har benytta sjansen til å fikse litt meir på rommet hennar. 
Omtrent heile rommet har eg måla kvitt
bortsett frå denne kroken der treet er. 
 Her har gråfargen som var før fått vere igjen.
Treet som eg har malt stammen på og brukt tapetrester
 til blad ville eg ikkje ødelegge. No er sittegruppa plassert under treet
og nokre fugler er komt på veggen :) Ho har 
og fått ny lampe i taket.
 Leikekjøkkenet hadde ho lyst å beholde. 
Det er flytta til veggen ved sida av det grøne skapet. Hylla har eg mala gul
Ho har også fått "vindu". Dette har eg laga av ei blåmala ramme 
som eg har sydd gardiner til :)
 Veslesøstra Hermine tester det ut før Ariel kjem heim seinare idag ;) 
Vi gleder oss til å sjå om ho liker det!
Rommet vart så mykje meir lysare og lettare etter at 
det vart meir kvitt. Det er utruleg kva 
måling kan gjere!
Ariel har også fått ei stor seng, som eg har måla rosa. 
Det mangler nattbord og bilder på veggen. 
Bilder av sovedelen kjem seinare ;)
Å innrede barneromma er det morsommaste eg gjer. 
No krysser eg fingrane for at eigaren blir fornøgd ;)

Ha ein herleg dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 20. mars 2014

Det er godt med alt som er gjort..

Endeleg skal eg få meg skikkeleg vaskerom
Fram til no har eg vaska kle i en mørk og skummel kjeller. 
Så dette blir ein sann fornøyelse! Rommet som skal bli vaskerom ligg i hovedetasjen.
 Det skal også bli eit gjestetoalett. Så her krevast det lure løysingar,
 slik at det er enkelt å holde orden. Og sjølvsagt må det sjå fint ut;) 

Med ein gong mannen sette igong med arbeidet. 
Så  sette eg også igong. På mitt visFarger, tapeter, golv, pynt, 
belysning osv vart vurdert, forkasta og til slutt bestemt. 
Forferdeleg travelt arbeid ;) Budsjettet er begrensa, 
så det blir mykje gjenbruk og rimelege løysingar.
Muntre farger og stilmiks vart heilt rett ;) 
Arbeidet mitt var fullført
Kurv: Fermliving - Vask og krane: ikea.no - Lampe: Designbelysning.no - 
Boks: Kremmerhuset.no - Bilde: rom21.no - Fliser: historiske - Tapet: Ellos.no

Men korleis gjekk det med mannen
Tja, han har kanskje ein litt større del av jobben ;) 
Legge vatn/avløp- og eletrikerrør. Isolere. Legge varmekabler. Legge golv og få opp vegger. Planlegge taket. Skal det ha plater? Panel? Kanskje det skal ha lysspotter?
Ok, då! Eg kan forstå at denne delen tar litt lenger tid.
Det er jammen bra at tapeten er komt i hus! 
Det er godt med alt som er gjort liksom ;)
Fortsettelse følger...

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails