Viser innlegg med etiketten høgtid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten høgtid. Vis alle innlegg

mandag 16. mai 2016

Kvelden før dagen!

Stova er enkelt pynta med flagg, bjørkeris og vimpler. 
Kledene er klar. Jentene er forventningsfulle og bord er bestilt til
koldtbordet på kafeen. No kan 17. mai berre kome ;)


Eg ønsker deg ei flott feiring - Hipp Hurra!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. desember 2015

Glade jul og det som følger med..


Er det ikkje typisk? Omtrent samtidig som jula ringast inn får vi uønska gjester i hus: forkjølelse og feber! Vi har hatt det kvar sin gong, og no er vi ferdig. Bank i bordet! 
Men vi har kosa oss så godt vi kan med god mat og det som høyrer med. 
Berre det å vere ilag over lang tid er fint! :)


år stod jentene for pyntinga av juletreet på lillejulafta. Pynten vart skeivt fordelt, men veldig sjarmerande! Sjølv om eg må innrømme at eg klør litt etter å fikse på det, 
så skal eg ikkje øydelegge gleda for jentene ;)


Vi er heldige som hadde mange fine gaver under treet, 
og flotte folk å feire saman med!


Har du hatt ei fin julefeiring?

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. desember 2015

Årets julekort!

Japan Photo, der eg jobber, har også mange spennande spesial-butikker. 
Det er sjølvsagt for meg å kjøpe julekort der. Det er veldig enkelt å utforme fine julekort. Når du i tillegg får ferdig tekst på kortet er det berre å putte kortet i konvolutten 
og sende avgårde med posten. Ei fin løysing for meg som tar ting med 
lave skuldre iår ;) Eg valde eit design laga av min kreative 
kollega Marie. Du finn dette og mange andre flotte 

Om du sjekker ut @husetvedfjorden på instagram finn du ein Give Away 
der du kan vinne gåvekort på kr 600,- hos Takkekort.no Ein superfin
 premie å bruke på årets julekort, eller til ei anna 
anledning resten av året. 

I dag (6.12.15) får du heile 40% på 6 siders kort,
 som har rikeleg plass til ei fin julehelsing.
Husk å bruke koden TKSUPERJUL 
i handlekorga :)

Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. mai 2015

Hipp Hurra! Gratulerer med dagen!

Det var godt å sette seg i sofaen etter ein fin 17.mai :)
Vi feira med tog, sjømat hos oss og leiker på plassen 
slik som vi har gjort dei siste åra!
Eg håper du har hatt ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 14. februar 2015

Fastelaven

Det er så koseleg når jentene kjem heim frå barnehagen 
med fastelaven- ris pynta med fargerike fjær! 
Då må bukettane rett i vasen
 og fram på bordet :)
 Når det er fastelaven baker vi sjølvsagt boller også. 
Jentene er ivrige hjelperar, og var veldig nøye med å smaksteste deigen!
Bollane delte vi i to og fyllte dei med fløyte- og vaniljekrem. 
Det var godt det! :)
Fastelaven er nok eit tegn på at våren nærmer seg! 
Det er så herleg med dagslys som varer litt lenger dag for dag.
Det blir også så mykje kjekkare å ta bilder;)
Ha ei fortsatt fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 29. desember 2014

Jul på soverommet

Med raudt sengetøy på soverommet, 
så blir det julestemning der og :)
Her nyter vi fine romjulsdager
 og endå ei veke med fri for meg og jentene.

Eg håper du og har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. desember 2014

Julafta 2014

Vi hadde ei kosleg julafta med godt selskap, altfor mykje god mat, 
litt utolmodige jenter og til slutt mange fine gåver. No har vi
 ei lang og avslappande romjul foran oss. 
Og det er fint! :)
Mannen koser seg i pysj, kaffi i koppen og tre nøtter til Askepott. 
På ein altfor liten stol ;)
 Ønsker deg ei fortsatt fin jul!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. desember 2014

Ja takk, begge deler!

 Det nærmer seg jul
Heimen har fått meir julepynt, 
nokre kakesortar er baka og julevasken er ikkje starta på. 
Alt er som vanleg med andre ord!
 
Når det gjeld julepynting liker eg godt
 både den tradisjonelle stilen og den meir moderne. 
Difor vart det ei blanding av begge stilane i heimen vår denne jula. 
Ja takk, begge deler ;) 
 Raudt, smårutete og soppar fungerer saman 
med greiner med utradisjonell pynt og prikkete adventsstjerne i mint. 
I alle fall etter mi meining ;)
Desse opphenga har eg laga sjølv 
av målte trekuler frå Panduro og hyssing. Stjernene
 har eg kjøpt ferdig bretta.
Korleis julepynter du?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 23. juni 2014

Ha ei fortsatt fin..

...Jonsok- feiring :)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. mai 2014

17.mai

Vel overstått 17.mai :)
Eg trur alltid eg har så god tid på 17.mai. 
Her starter ikkje 17.mai feiringa før 12.30.  Då går vi i barnetog, et reker til middag
 hos oss og utpå ettermiddagen er det program og leiker på idrettsplassen. 
Når alt starter så seint på sjølve dagen, tenker eg alltid at eg har så 
god tid til alt. Men det resulterer alltid i stress. Eg håper virkeleg
 at eg snart tar lærdom av det, og at det ikkje går i 
gløymeboka til neste år. Igjen..Men ferdig
 vart eg, sånn ca i allefall ;)
Her kjem nokre bilder;
Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 15. april 2014

Påske i heimen

Eg pleier egentleg ikkje å pynte så mykje til påske
Gule detaljer har eg heile året. Men bjørkekvister med eggpynt
 og krimbok i nærheten (berre eg får tid å lese den) må eg ha i påska.
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 2. mars 2014

Fastelavn

Instagram og Blogg fløymer over av bollebilder idag. 
Så eg må følge strømmen ;) Tradisjonen tro, har eg og jentene baka boller idag.
Etterpå tok vi dei med på besøk, der vi fyllte dei med krem ;)
Spalta mi er på plass i nyaste Fylkesmagasinet
Du kan lese det om du trykker her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. desember 2013

Jul, Jul Strålande Jul

Det er på tide å prøve seg i Nib- jentene si utfordring igjen. 
Denne gongen heiter den; Jul, Jul strålande jul. 
Her kjem litt bilder frå vår julepynta heim :)
 Eg liker veldig godt den landlege stilen til jul, med raude detaljar. 
Men eg blander gjerne inn litt andre stiler også. 
Slik som julestjerner i mint med prikker 
og heimelaga juletrelysestaker.
Granbar er eit "must". 
Den sprer den herlegaste juledufta rundt i huset. 
Eg legg den gjerne rett på bordet.
 Raude tekstiler er nødvendig
 for å skape den rette julestemninga for oss.

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. mars 2011

FiN SønDag! :)

Det er Fastelaven idag. 
Og tradisjonen tru har eg sjølvsagt baka boller,og fyllt dei med krem
 og hatt melis på toppen (eg visste at den melisstrøeren var eit godt kjøp ;)

På torsdag hadde Ariel med seg bjørkekvister pynta med fjær frå barnehagen.
Det var stor stas! Eg reknar med ho fekk god hjelp av
 snille barnehagetanter ;) Vi har hatt 
ein kosleg dag med kaffibesøk. 
Og mannen er komen heim for 
3 veker friperiode. 
Hurra! :)

Tusen takk for overveldande mange gode ord på forrige innlegg. 
De er så snille alle saman! :)
You make me HappY!

Ha ein fortsatt fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails