Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten katt. Vis alle innlegg

tirsdag 7. juni 2016

Nye familiemedlemmer!


Du husker kanskje den raude pusen vår Sofus? Fine pusen vår som dessverre hadde eit ublidt møte med ein trailer for nesten to år sidan. Vi bur nært vegen, så det er skummelt for katter å gå der når trailerane suser forbi på nattestid. Ny katt orka vi ikkje å tenke på med det same, så vi skaffa oss gullfisker istaden. Eldstejenta vår er veldig dyrekjær, og sakna eit dyr å leike og kose med. Gullfisken nådde ikkje heilt opp der ;)  Så etter ei stund valde vi å prøve igjen.

Frå å ikkje skulle ha katt igjen, så har vi plutseleg 2 herlege kattunger i huset vårt. 
To leikne, nyskjerrige og kosete pusebrødre. Til glede for både små og store.


Vi satser på å ha innekatter denne gongen. 
Desse to har mykje selskap i kvarandre, så eg trur det skal gå veldig fint :)


Ha ein fin-fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 30. mai 2014

Litt meir plass å boltre seg på!

Vi har ikkje så stor tomt rundt huset vårt. 
Difor består uterommet vårt for det meste av ein stor terasse
Men ved sidan av terassen har vi planlagt garasje. Her er det komt opp ein mur,
 men så er vi ikkje komt lenger. Dette området har hittil vore brukt til lagring. 
Noko eg har sett meg lei av. For dette kan jo også brukast som uteområde.
 Som sagt så gjort. Vi fekk rydda. No er det på plass ein pallesofa
Og sandkasse til jentene er under arbeid. 
Vips, så vart det meir uteplass ;)
Sofus la sin elsk på pallesofaen med ein gong ;)
Sofaen er eg sett saman av 4 paller
Opp på har eg lagt ei madrass. Rundt denne har
 eg lagt på eit sengeteppe
Sengeteppet har eg fått frå Dekoria
Dekoria har eit stort utvalg av tekstiler til heimen. 
Der er blant anna sengetepper for ein kvar smak, og dei syr etter mål
 om du ønsker noko som ikkje er standard.
Sjekk ut Dekoria her!
Sofus har testa kvaliteten
Og han var fornøgd! ;)
 Eg har og laga ein gangsti av trestubber som eg har spraymåla. 
Dekorativt og moro for jentene ;)
Fin helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

PS; slenger med dette innlegget på Nib si utfordring uterom. 
Sjekk andre bidrag ut her!

fredag 7. mars 2014

Sofus

Eg måtte berre knipse nokre bilder av Sofus- pusen vår,
som låg å poserte så fint i sofaen.
Ååå, så trøtt...
Sove litt til ja...
Katten har det fint ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 29. september 2013

Meir av kjøkenet

Eg har knipsa litt fleire bilder av kjøkenet vårt. 
Kjøkenet vårt er lite og enkelt. Men eg liker det likevel. 
Innreiinga heiter Lindingø og er frå Ikea.
Tavla på veggen har eg laga av ei hobbyplate
 som er måla med tavlemåling og magnetmåling
Den er skrudd fast til veggen :)
I sommar brukte eg gåvekortet eg vann hos Home&Cottage. 
Eg kjøpte blant anna denne store tallerkenhyllaDen er eg veldig fornøgd med. 
Hylla har plass til mykje og er dekorativ :)
I løpet av fotoseansen måtte eg teste med eit teppe på golvet her. 
Og eg trur det gjer seg å mjuke opp det 
svarte trasige golvet!? :)
 (teppet er frå Ellos.no)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. august 2013

Gjesterom

Eg blir nok ikkje fornøgd med gjesterommet vårt, før 
golvet er måla og vi har fått tapet på veggane. 
 Men eg prøver å lage litt trivsel likevel. 
Herbarium- arka er komne i rammer og på veggen ilag med eit metall- skilt. 
Lysekrona har fått forskjellige vintageskjermer på seg.
Putene er sydd av retrosengetøy.
 Vi har fått ein gammal speilkommode av mannen sine foreldre. 
Den vil nok kome betre fram med tapetsert vegg bakom ;)
Eg digger det patinerte speilet!
 Når vi ikkje har gjester, er dette pusen Sofus sin yndlingsplass. 
Då er det fint å ha eit sengeteppe over senga for å beskytte sengetøyet.
Og eit med nostalgisk rosemønster liker Sofus ekstra godt ;)
 Det passa derfor glimrande at Dekoria.no lurte på om eg ville teste ut 
eit sengeteppe frå deira nettbutikk. Dekoria selger sengetepper i mange flotte design. Du får også liftgardin på Dekoria. Dei  spesialsyr etter dine mål uten ekstra omkostninger. Dekoria har eit godt utvalg av stæsj til heimen. 
Blant anna selger dei trekk til Ikea-møbler. 
Sjekk ut Dekoria  her!
Både Sofus og underteikna er godt fornøgd 
med det nye sengeteppet ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. juli 2013

Nib Utfordring Juli - Sommer på Jorda

Nib- jentene si utfordring for juli er; Sommer på Jorda
I den anledning tar eg ei reprise på bildene eg har vist før av terassen vår. 
Terassen vår har endeleg begynt å ta form, slik at den både kan brukast og er passe fin
 å sjå på. Det gjenstår (fortsatt) mykje målearbeid, litt snekring og ein del 
stæsjing/planting osv. Men vi kan jo ikkje bli arbeidsledige! 
Det hadde vore kjedeleg det ;)

I sofakroken (utemøbler frå Bohus) har vi satsa på litt gresk stemning. 
Hellas er favoritt ferieplassen til meg og mannen. Så det er fint med litt 
feriefølelse på eigen uteplass. Blå skodder synast vi er typisk gresk. 
Og seglbåten i vindauget er kjøpt på 
den greske øya Naxos.
Sommarleg pådekning med kake og friske bær. 
Peoner og markblomster :)
Dette er frå den andre delen av terrassen. 
Her har vi leikehytta til jentene og ei lita drikke-kaffi-avdeling for oss vaksne. 
Utsikten vår kjem eg aldri til å bli lei av!


Leikehytta har broren min bygd av gjenbruksmaterialer. Det er snill onkel det!
Eg har måla hytta i sommarleg turkis med kvite detaljer.
Så er det berre å krysse fingrane for at juli blir fyllt av sol og varme,
 slik at terassen virkeleg kan nytast!

Sjå dei andre herlege bidraga i utfordringa her!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 2. februar 2013

I gangen...

...har det skjedd litt nytt i det siste. 
Dette rommet er det første som møter deg når du kjem inn i huset vårt,
 så eg synast det er viktig at der er noko fint å sjå på :)
Eg digger desse lampene som består av sokkel og stor lyspære. 
Derfor kjøpte eg denne på Clas Ohlson og hengte den opp her. 
Den gråmåla pinnestolen min har fått plass under.

Eg har laga ein bildevegg med familiebilder i svart/kvitt. 
Her har eg brukt bruktbutikk/loppis rammer som eg har måla kvite.



Eg håper laurdagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. oktober 2012

Ny kompis!

Eg vart spurt av Whiteaway om eg ville teste ut ei vare frå nettbutikken deira,
 og skrive om den her på bloggen. Valget fallt raskt påstøvsugeren

 Etter å ha testa den ut, skjønte eg at denne burde ha komt i hus mykje før! 
Den er så enkel og grei i bruk. Kosten og brettet har eg kasta ut, og støvsugeren vi har frå før skal få kvile litt meir. Er det noko som får fram aggresjon i meg, så er det ledninger
 og slanger "overalt" når eg støvsuger. Denne går på batteri (varer ca 20 min i slengen) 
og har ingen slike irriterande ledninger og slanger som gjer 
meg raud i toppen ;) 

 Den har også ein handstøvsuger du kan bruke for seg. 
Når du er ferdig å støvsuge setter du den enkelt tilbake i ladestasjonen. 
At den er kvit og passer inn i interiøret er ingen ulempe heller ;)
(og sjølvsagt bruker eg alltid fine sko når eg støvsuger ;P )

 Nettbutikken til Whiteaway finn du her! 
Dei sel eit godt utval av kvitevarer på nett, er billege og du får gratis levering på gateplan. 
Og dette er ikkje fordi eg er sponsa, men fordi den er min nye kompis;
Sjekk ut støvsugeren her!

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. september 2012

Hausten...

...er definitivt komen.
 Det er kaldt og surt ute, og det er ekstra godt å kose seg inne. 
Eg får eit behov for mørkare og lunare fargar når hausten kjem. 
Og dei er såvidt på veg inn i interiøret. Eit sennepsgult strikka pledd frå Jotex er på plass. Lyng og kaffi i kul kopp frå Kremmerhuset høyrer med.
 Haust er i grunn heilt greit! ;)






Tusen takk til Vera for kjempefin omtale på bloggen hennar :)

Nyt søndagen!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails