Viser innlegg med etiketten fargekode. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fargekode. Vis alle innlegg

torsdag 18. februar 2016

Blått er flott ♡

Eg brukte første halva av morsdagen til å kose meg ilag med familien. 
Så reiste mannen og jentene på vinterferie, og eg var snar å finne fram målekosten. 
Eg har lengta etter ein date med den, heilt for meg sjølv! Det er heilt utruleg 
kor kjapt ting går når ein får fred på seg ;)

Eg gjekk sjølvsagt tom for måling, så vi har fortsatt ein vegg som er kvit. 
Men eg er storfornøgd så langt!

Det vart mykje lunare i spisestova vår, synast eg.
Hurra for meir farger ;)

Fargen heiter prekestolen og er frå Fargerike. 
Den er ein tanke blågrøn. Perfekt for meg som elsker både grønt og blått. 
Til og med mannen er fornøgd. Så då er det berre å klappe seg sjølv på skuldra ;)


Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 19. april 2015

Skap med favorittfargen Nude

Foreldra til mannen hadde eit brunt skap som dei ikkje trengte lenger. 
Vi trengte meir oppbevaring til sengetøy, så vi ville gjerne ha det. 
Med nokre strøk med min store favorittfarge om dagen
 Nude (S1015-Y70R) så vart det ganske fint, 
synast eg.
Skapet er plassert i gangen oppe, 
som definitivt trengte noko nytt. Med nokre gamle fat 
på veggen og prikker på veggen så vart det til den miksen eg liker så godt. 
Nostalgisk med ein moderne vri.
Eg drøymer om kvitmålte golv her oppe. 
Men den draumen får vente litt til..
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. juni 2014

Nye solstoler

Eg har lenge hatt lyst på solstoler på terassen. 
Og då gjerne dekkstoler. Men desse er ofte litt dyre. 
Difor vart eg veldig glad når eg fann slike på Jula til kun 400 pr sett (stol og krakk) 
Dei blir levert ubehandla. Men det gjer meg ingenting å måle. 
Og dei blir finare når ein får velge fargen sjølv ;)
Eg valgte fargen Marikåpe FR1321 til stolane. 
Hos butikken fekk eg blanda fargen i oljemåling til utebruk.
Dei er kjempegode å sitte i. 
Eg har ikkje hatt tid til å sitte der så lenge igongen, riktig nok. 
Men det kjem (når småbarnstida er over kanskje? ;)
Eg blir aldri lei av utsikten vår! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 3. mai 2014

"Nytt" sofabord

På kjøkenet har vi fått nytt bord (sjølvsagt ikkje heilt nytt;) 
Eit litt breiare og stødigare bord vart bedre der ute. Eg har alltid likt
 forma på det gamle kjøkenbordet vårt.  Når det bordet var på veg i kjellaren,
 fekk eg ideen om å lage det om til sofabord :)
Med kortare bein og ny farge 
så vart det fint i stova vår, synast eg. Litt "lettare" og meir dekorativt,
 enn det forrige store sofabordet vi hadde.
Fargen heiter Nude S1015 Y70R,
 og eg liker den godt!
Ha ein fin laurdags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. september 2013

Skap Før&Etter + skohylle

Vi trengte eit nytt skap i gangen vår. Det vi hadde holdt på å ramle frå kvarandre.
Då foreldra mine skulle kvitte seg med eit trekvitt garderobeskap, 
så var eg snar å "adoptere" det ;)

Her er skapet slik det såg ut før;
(eg er begynt å måle på skuffene ;) 

Før;
Og etter litt Love&Care vart det sjåande slik ut. 
Fargen er frå Fargerike og heiter Jadeite :)

Etter;
På enden av skapet har eg hengt opp ei knaggrekke som er måla lys rosa. 
Og ei trekasse har fått funksjonen som skohylle
Den har eg måla grøn og satt hjul på.
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. september 2013

Eg ♥ Farger

Eg har vore å snopa meg nye målingsfarger. Eg fekk spørsmål om kva eg skulle bruke dei til. Svaret var; nei, det veit eg ikkje endå. Det er kjekt å ha når ein får eit anfall av 
lyst til fornyelse ;) Heimen vår blir stadig meir fargerik, og vi liker det! 
Eg har tru på at fargar påvirker til godt humør. 
Ein blir rett og slett glad av det!
Den eine målingsfargen har eg testa ut på denne krakken
Fargen er fantastisk mintgrøn og har koden: S0530-B90G. Den andre fargen
 eg kjøpte er klar blå. Den skal testast ut ikveld, 
viss energien tillet det;)
Koppen fann eg i helga på Ørsta Gjenbruk. 
Eg digger harlekinmønsteret i den finaste fargen ;)
Viss nokon lurer så er skjenken måla i turkis med fargekode S0530-B50G. 
Og skoddene er måla i fargen Hammershöi :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. november 2012

Frå brunt til...

...grått!
Husker de eg skreiv om store planer om å måle spisebordet vårt for litt sidan?
 Målinga var innkjøpt, men det tok nokre veker å psyke seg opp til å gjere jobben gitt ;)
 Men no er det altså gjort, og eg blir meir og meir
 fornøgd med resultatet :)

Fargen heiter Tåkedis S3000-N 9930, og er kjempefin! 
Gråfargen passer mykje bedre inn hos oss enn den opprinnelege brune.
Det var verdt jobben synast eg :)

Bordet vaska eg først med salmiakk, 
så gjekk eg over med pussepapir og deretter vaska eg igjen. 
Så grunna eg med heftgrunn 1 strøk. Deretter måla eg 2 strøk på understellet
 og 6 (!) strøk på bordplata med Lady Supreme Finish (glans 40) 
Eg gjekk over å pussa litt imellom strøka for å 
få ein glatt finish.





Kva synast du? Bedre før eller etter? :)

Ha ein fin onsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 13. september 2012

Farger i Fjordhuset

Eg elsker farger. 
Og aller helst duse delikate, men gjerne nokre litt meir knæsje inneimellom også!
Eg er rett og slett avhengig av fargesmil i kvardagen min :) 
Og eg bruker gjerne målekosten for å få det slik eg vil!
Eg får mange spørsmål ang kva farger eg bruker. 
Derfor tenkte eg å samle dei i eit innlegg, 
sånn at dei er enklare å finne :)

Nokre har eg fargekoden på, andre har eg berre namnet på. 
Men uansett skal målerbutikken klare å finne det for deg utifrå dette :)
Dette innlegget blir oppdatert når eg får nye favoritter som må med, 
og eg skal legge ein link på høgre side på bloggen :)
Vær obs på at fargen kan vere litt 
forskjellig frå slik den ser
 ut på bildet.

Grøn krakk: S 0530- G30Y
Gul krakk: 10235 Sommersol

 Krakk: Petal Pink
Knotter på kjøkken: Petal Pink
Hylle på vegg: Petal Pink
Bein på Bord: Hammershöi
Gyngestol: Hammershöi
Front på kjøkken: Hammershöi
Vegg: Singel

 Vegg: Skagen S 1502 Y50R
Rammer: 0100 Hvit

 Vegg: Skagen S1502 Y50R
Gul stol: Signal Gul
Tavle: Magnetmåling og tavlemåling
Hyller frå Biltema: 0100 Hvit

Skjenk: S 0530 B50G
Skodder: Hammershöi
Vegg: huntonittplater nostalgisk hvit
Ramme: (kjem snart)

Skodder: Hammershöi
Krakk: S 0530 G30Y
Kommode: (kjem snart)

Var dette nyttig? 
Om det er noko du saknar må du gjerne 
gje meg ei tilbakemelding :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails