Viser innlegg med etiketten gangen 2.etasje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gangen 2.etasje. Vis alle innlegg

søndag 19. april 2015

Skap med favorittfargen Nude

Foreldra til mannen hadde eit brunt skap som dei ikkje trengte lenger. 
Vi trengte meir oppbevaring til sengetøy, så vi ville gjerne ha det. 
Med nokre strøk med min store favorittfarge om dagen
 Nude (S1015-Y70R) så vart det ganske fint, 
synast eg.
Skapet er plassert i gangen oppe, 
som definitivt trengte noko nytt. Med nokre gamle fat 
på veggen og prikker på veggen så vart det til den miksen eg liker så godt. 
Nostalgisk med ein moderne vri.
Eg drøymer om kvitmålte golv her oppe. 
Men den draumen får vente litt til..
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. juni 2013

Amerika- kiste

Når vi kjøpte huset vårt fulgte det med mange møbler. 
Veldig mykje skrot, men også litt fint. Slik som denne Amerika- kista.
Denne har lenge stått vekk-gøymt på gjesterommet vårt. 
Men no har den flytta ut i gangen i 2.etasje. 
Rommet vi ser inn på i bakgrunnen 
her er Hermine sitt. Bak oss finn du badet. Og til høgre i
 bildene kan du skimte trappa som 
går ned til 1.etasje :) 
Teppet er frå Ellos
 og sommerfuglbildet er frå IKEA.
 Ha ein flott mandag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. august 2012

Snill dame

Ein dag eg var på butikken var det ei dame som kom bort til meg. 
Ho hadde sett på bloggen min at eg liker emaljerte mugger og vaskefat. Også lurte ho på om eg ville ha ein mugge med blå kant som ho ikkje trengte lenger.
Og det ville eg sjølvsagt! :)

Eg vart kjempeglad 
og synast det var veldig snillt av ho å tenke på meg før muggen vart kasta!  
No har eg både vaskefat og mugge med blå kant.
Tusen takk! :)


Muggen har fått besøk av nokre roser
Eg synast settet passa så godt på kommoden i gangen oppe.

På veggen heng det kvitmåla rammer med sider frå gamle bøker i. 
Arbeidslampa har eg funne heime hos foreldra mine.


Ha ein super onsdag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 5. mars 2012

Gamle boksider på veggen

Gangen i 2. etasje har eg igrunn aldri vore fornøgd med. 
Dette er fordi den er liksom på vent i henhold til oppussing (taket her skal rivast, isolerast og leggast på nytt) 
Men no har eg tatt nokre små grep slik at eg kan gå gjennom her 
uten å irrritere meg ;)


Ein kommode frå IKEA har bytta plass med ein litt mindre kommode som stod her før. Denne rommer no sengetøy. Over har eg laga ein liten bildevegg
Eg har brukt rammer eg hadde frå før,
 og måla dei kvite.


Eg har ramma inn boksider frå gamle flora og dyrebøker. 
Slike bilder synast eg er så nostalgiske og fine. Eg blir glad av å sjå på dei :)
Fine interiørbøker fortjener å kome fram i lyset og nelliker i vase, opalvase og gammal melkeflaske pynter opp :) Eg er veldig svak for slike "kontorlamper"
Denne grå fann eg heime hos foreldrene mine.


Slik ser heile denne sida av veggen ut. Badet er som de ser rett fram. 
Til venstre går det ei dør ut til ein komande veranda over inngangspartiet. 
Til høgre er soverommet vårt og bak meg er Ariel sitt rom, 
2 gjesterom og eit lite toalett.


Tusen takk for alle fine ord de legg igjen hos meg!
 You make me happy ;)

Ha ein strålande måndag!

Klem frå Bjørg :-)
(som har klart å pådra seg influensa, igjen!! Virker som eg er ein svamp for slikt for tida..:(..)

torsdag 18. august 2011

Fargeklatt ;)

Eg synast ein dæsj gult her og der frisker verkeleg opp i eit rom. 
I gangen oppe har det rett og slett vore litt kjedeleg. Så då kom eg på denne vegglysestaken med speil som eg har hatt liggande i boda. Den var opprinneleg i messing, 
så spraya kvit og no er den gul ;)


Det er mykje som skal gjerast i gangen oppe. 
I vinter skal taket isolerast, nye lister skal opp. Golvet skal slipast og oljast. 
Og eg leiker med tanken på å tapetsere ein av veggane. Finare enn dette skal det 
hvertfall bli. Enn så lenge får eg nyte den freshe 
fargeklatten på veggen ;)



Eg har forresten laga meg ny header. 
Den er ganske sommarleg, men det er jo sommer endå? Kva synast du? Skal eg behalde den nye, eller gå tilbake til den gamle? Kanskje lage ein heilt ny?
Eg set stor pris på di ærlege meining!:)


Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 14. desember 2010

LitT JuleStæsJ i GangEn :)

På laurdag var eg på julegåvehandel, 
og jammen vart det ikkje med litt "gåver" til meg sjølv med heim og. 
Veldig fort gjort ;)


Noko av stæsjet som "havna" i posen, 
pynter no opp i gangen vår
andre etasje.


Slike zinkhjerter har eg sikla etter lenge! 
No er eg den stolte eiger av dette som heng her + 
2 litt mindre som skal henge 
kjøkenet :)


Fatet, konglene og soppen er også nye av året ;) 
Lyset har eg pynta med eit hjerte klippt ut av ein serviett 
(etter inspirasjon frå Love Peace Pionies
og smelta den inni lyset ved hjelp 
av ei oppvarma skei.


Ellers har det blitt litt stopp i juleforberedelsane her i heimen. 
Eg skulle ha laga julekonfekt, pakka inn gåver, 
pynta pepperkakehus- og hjerter
 osv osv... 

og kva gjer eg? Jo, eg ligg strak ut på sofaen uten energi! 
Heldigvis er det endå nokre dager til jul, 
men det nærmar seg kjapt :)


Eg synast det er ei stor ære å få kome blant alle dei fantastiske bidraga 
som er plukka ut til NIB sitt inspirasjonsgalleri 
for desember - Jul i vårt hus. 
Du kan sjå galleriet

Og så vil eg gratulere så mykje til mine dyktige bloggevenner
Kristina og Madelen som er blant finalistane! 
Du kan stemme på dei her!

Tusen takk for alle søte ord de legg igjen, 
eg blir så utruleg glad!

Ha ein fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 13. august 2010

Heimesydde puter ♥

I det siste har eg utfolda meg på syrommet,
 medan Ariel søv søtt på dagtid.
Eg stooorkoser meg på dette rommet :)


Noko av produksjonen ligg i vogga som for tida pynter i gangen. 
(Ariel er blitt for stor for vogga, og eg har ikkje hjerte til å sette den vekk ;)
Det eg har sydd er blant anna dei to fremste 
2 putetrekka.


Dei er sydde av nydelege Tilda stoff i blåtonar 
og band eg hadde liggande.


På denne puta gløymde eg (vimsehaudet meg ;) å sy konvolutt- opning bak. 
Så då måtte eg bruke dei små grå ;) 
Eg fann nokre knappar og sette på. 
Så no kan ein knappe 
opp og igjen :)


Den firkanta puta er sydd av 4 forskjellige stoff- firkanter,
 og har fått eit hjarte over.
På denne huska eg å fikse konvoluttopning bak ;)


Eg har og sydd fleire "hetter" til for eksempel Norgesglas,
 og nokre hjarter har det blitt. 

Eg har lenge leika med tanken på å starte min eigen Blogshop
men eg synast det er litt skummelt
Men no trur eg at eg hiv meg ut i det. 
Eg har jo ikkje noko å tape på det egentleg ;)
Og det er her desse syprosjekta er tenkt til....
følg med, følg med ;)



Eg må få takke for alle koslege helsingar eg har fått i det siste :) 
No skal eg ta meg ei bloggerunde.
Eg gleder meg til å sjå alt det kreative de syssler med :)


Ha ein nydeleg fredags kveld!


Klem frå Bjørg :-)

torsdag 22. juli 2010

Internetshopping ;)

No om dagen popper det fram nye kataloger her og der. 
Og eg lar meg sjølvsagt friste ;)
Så i går fekk eg pakke i posten frå Jotex og H&M. 
Jippi!:) 
Eg elsker å få pakke i 
posten ;)


Frå H&M har eg blant anna bestilt dette putetrekket (99,-)
Det kom litt kle og, 
men dei er pakka ned i kofferten;)


Jotex hadde fått inn lyshus i den nye katalogen sin. 
Då var eg ikkje sein med å bestille ;)
Eg digger lyshus. 
Dei er så stemningsfulle og fine!


Desse to (sett med 2 stk til 169,-) har fått plass i gangen 
oppe inntil vidare.


Og i spisestova har dette 
fått plass;


Dette kosta 99,- 
og eg er kjempefornøgd! ;)


Så må eg vise dokke det flotte bildet min kjære har tatt,
 då han segla båten heim i mai.


Han har fått det framkalla på lerret. 
Det er så herlege farger og god stemning i bilde synast eg. 
Er ikkje han flink? ;)


No blir det stille her på bloggen i ei vekes tid. 
Kofferten er snart pakka ferdig,
 og vi er klar for avreise til England i morgon.
Men eg titter nok innom andre bloggar ikveld skal du sjå ;)


Ønsker dokke alle ei flott helg, 
og ei nydeleg veke!

See you soon ;)

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 20. juli 2010

DVD hylle vart bokhylle/settekasse ✿

Som de kanskje huskar har eg flytta DVD hyllene våre opp i gangen i 2.etasje. 
Eg har laga 2 settekasser til Ariel. 
Og no hadde eg lyst på 
ei til meg sjølv ;)


Så eg kledde 2 av rekkene med dekorpapir frå Tilda 
og litt diverse eg hadde liggande.


I den midterste hylla har pocketbøkene
 mine fått plass ;)


Eg er veldig glad i såkalla "chicklit" og desse har som oftast pastellfarger. 
Så dei passa glimrande med dekorpapira mine ;)



Her ser du nokre av mine favorittbøker av Sophie Kinsella. 
Har ikkje du lest noko av henne før, 
anbefaler eg det på det sterkaste! 
Morsomme bøker, 
hvertfall eg kjenner meg igjen i ;)


Nokre av romma har fått litt pynt og 
GG kopper med (kunstig) 
plante i ;)


Her blir nok meir stæsj inne i etterkvart.

Så då fekk DVD hyllene eit nytt bruksområde,
 istaden for at dei vart hivne på bosset.
Gjenbruk er bra;)


Eg håper alle får ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-) 
(som skal begynne å pakke litt til turen!!)

onsdag 7. juli 2010

Wallstickers ✿

Min kjære måtte på jobb og ta igjen ei vakt idag. Kjedeleg!
Kva skal ein gjere ein onsdags kveld då? 
Jo, ein baker grove horn med pesto, ost og pepperoni. 
Fyller opp eit glas raudvin,
og koser seg med litt blogging ;)


Eg har endeleg somla meg til å henge opp 
den fine Bad- stickersen eg bestilte hos Hilde Heimdal. 
Så no kan alle finne badet vårt ;)


På badet har vi badekar med løveføter
Det var eit "must" for meg 
då vi planla badet.

 Eg har dessverre ikkje fått bada så mykje i det endå. 
Det er Ariel som er badeløva i familien ;)


Gangen vår i andre etasje ber preg av min forkjærlighet for grått og kvitt :) 
Fargen på veggen synast eg er kjempefin. 
Den er lys grå og heiter Skagen.
Golvet skal slipast og oljast, 
men med så mykje anna. 
Ting Tar Tid ;)




Hylla er frå skeidar og den vesle kommoden er oppussa av meg.
Bildet er av handa til meg og Ariel, 
då ho var ca 4 mnd :)


Bildene på veggen er frå ferieturer eg og min kjære har vore på. 
Det øverste er frå Naxos og det nederste frå Venezia
Fantastiske turar :)
Alle rammene, lampa og lysestaken er 
bruktfunn og spraylakkert.

 

I går var eg på handletur til Førde. 
Og til helga skal vi til Bergen. Eg er i shoppehimmelen ;)


Ha ein nydeleg onsdag kveld! 

Klem frå Bjørg :-)
(som tar seg eit pizzahorn til ;)
Related Posts with Thumbnails