Viser innlegg med etiketten borddekking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten borddekking. Vis alle innlegg

torsdag 18. juni 2015

Hermine 3 år!

I går feira vi Hermine sin 3 årsdag, 
litt på forskudd sidan vi ikkje er heime på dagen hennar. 
Vi dekte langbord og inviterte familie og venner. 
Det vart ein fin fest og Hermine var
 spesielt fornøgd ;)
Kaka vart ein reprise av Ariel si bursdagskake. 
Sidan det var det Hermine ville ha. Veldig greit for meg sidan det er 
den enkle varianten ;)
Vi pynta med heimelaga vimpler 
som er laga av snor, gåvepapir og stiftemaskin ;)
Dagens "nesten" sunne 
variant var fruktspyd med marshmallows :)
Ha ei fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. mai 2015

Hipp Hurra! Gratulerer med dagen!

Det var godt å sette seg i sofaen etter ein fin 17.mai :)
Vi feira med tog, sjømat hos oss og leiker på plassen 
slik som vi har gjort dei siste åra!
Eg håper du har hatt ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 25. desember 2014

Julafta 2014

Vi hadde ei kosleg julafta med godt selskap, altfor mykje god mat, 
litt utolmodige jenter og til slutt mange fine gåver. No har vi
 ei lang og avslappande romjul foran oss. 
Og det er fint! :)
Mannen koser seg i pysj, kaffi i koppen og tre nøtter til Askepott. 
På ein altfor liten stol ;)
 Ønsker deg ei fortsatt fin jul!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. desember 2014

Pangstart på desember

Vi starta desember med eit "smell" . 
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting, 
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei 
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida, 
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
 sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to 
ponnier på, som også var ei gave. 
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og, 
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
 No gleder eg meg til å fortsette desember
 med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. august 2014

Ha ei fin helg!

Hausten kjem snikande kjenner eg på kroppen. 
Eg hoster og frys ;) Men eg klager egentleg ikkje. Haust er ei kosleg tid! 
I dag var haust-stemninga ekstra stor, så då laga 
eg eplekake til store og små ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 21. juni 2014

Hurra for Hermine

For 2 år sidan akkurat idag, 
vart verdas beste Hermine født. Og det vart sjølvsagt feira! :)
 Vi hadde familieselskap, der vi serverte pølse med brød. 
Og sjølvsagt ein dæsj med kaker, frukt og is ;)
 Av oss fekk ho eit dukkehus i tre. 
Dukkehuset kjøpte vi i ein nettbutikk, og merket heiter KidCraft
Det virker solidt og er fullt av fine detaljer
Bursdagsbarnet var også 
fornøgd :)
No har eg landa på sofaenOg eg har 
endeleg tid til litt blogging igjen! Det er lenge sidan sist :)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. mai 2014

17.mai

Vel overstått 17.mai :)
Eg trur alltid eg har så god tid på 17.mai. 
Her starter ikkje 17.mai feiringa før 12.30.  Då går vi i barnetog, et reker til middag
 hos oss og utpå ettermiddagen er det program og leiker på idrettsplassen. 
Når alt starter så seint på sjølve dagen, tenker eg alltid at eg har så 
god tid til alt. Men det resulterer alltid i stress. Eg håper virkeleg
 at eg snart tar lærdom av det, og at det ikkje går i 
gløymeboka til neste år. Igjen..Men ferdig
 vart eg, sånn ca i allefall ;)
Her kjem nokre bilder;
Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 7. mai 2014

Maiutfordringen- Festlige tider

Utfordringa frå Nib-jentene
 denne månaden er temaet Festlige Tider
Eg vil gjerne delta med dette bildet som er frå Ariel sin bursdagsfest. 
Sjølv om bildet er frå ein prinsessebursdag, så kunne 
eg glatt brukt same fargane til ein 
skikkeleg maifest ;)
For mange flotte ideer,
 trykk her for å sjå dei andre bidraga :)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 25. desember 2013

Her kjem nokre glimt..

..frå julafta hos oss. 
Vi var hos oss heile dagen utenom ein tur i kyrkja.
Graut, pinnekjøt og mykje godis vart ete. 
Og mange fine pakkar
 vart opna opp ;)
Ha ein fortsatt fin 1.juledag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. desember 2013

Barnebursdag

Ariel fyllte 4 år i begynnelsen av desember. 
Etter mykje venting var Ariel veldig klar for barnebursdag idag. 
Vi var spente både ho og vi. Dette er første barnebursdagen vi har invitert til.
Men med slike flotte bursdagsgjester, var det ingen sak ;)
Slik såg det ut før gjestene kom;
Prinsessecupcakes og Slott- kake var bestilt. 
Så då måtte vi sjølvsagt ha det ;)

Husk Give Awayen,
 der du kan vinne ei god og varm lue sponsa av lue.no
Link finn du viss du trykker her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. desember 2013

1.desember

Det har vore ei begivenhetsrik helg. 
I går bestemte Hermine seg for at det var på tide å begynne å gå. Stor stas! 
Og litt spesielt at ho valde Rema1000 som destinasjon for sine
 første vaklande skritt aleine ;)
Vi har også starta feiringa av Ariel som fyller 4 år imorgon.
 I dag feira vi med familien. I neste veke blir det barneselskap :)
Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 22. juni 2013

Hermine sin 1 årsdag

Her kjem nokre bilder frå 1 årsdagen til Hermine. 
Vi hadde huset fullt av familie. Hermine storkosa seg som midtpunkt ;)
Her kjem eit bilderas. Det vart mykje rosa pynt, 
akkurat slik ei ekte prinsesse 
skal ha det! ;)
Eg blanda søte markblomster med nydelege peoner
Til vaser brukte eg hermetikkbokser med pålimt tapet.
Ungane i selskapet fekk sitte rundt sitt eige vesle bord ;)
Ei blanding av mykje søtt, og litt sunt på kakebordet.
Eg laga denne Tobleronekaka
 med friske bær for første gong til selskapet. 
Og den lager eg garantert fleire gonger. 
Nam!:)
Hermine fekk ete bursdagskake heilt aleine. 
Det fallt veldig i smak. Og det vart mykje griseri ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails