Viser innlegg med etiketten boligpluss. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten boligpluss. Vis alle innlegg

mandag 5. mai 2014

Eg er hekta på..

..interiørblad!
Eg elsker å kunne sette meg djupt ned i sofaen,
 eller ute i sola med eit ferskt blad på fanget. Eit lite friminutt der eg slapper av, 
les, ser på bilder og blir inspirert. Eg kan bli så inspirert at det klør i fingrane 
etter å sette igong med prosjekt, når eg har lest eit bra interiørblad. 
Følelsen av å bli inspirert er fantastisk og energigivande!
Til å bli sprudlande glad av :)
Eg er rett og slett litt hekta på interiørblad. 
Og eg har mange, altfor mange. Kaste dei gjer eg ikkje, for eg ser i dei fleire gonger. 
Då seier det seg sjølv at det blir hauger av dei etterkvart. Men dei koster jo litt, 
og eg får mange skeive blikk og kommentarer frå mannen etterkvart som 
bladhaugen veks. Då svarer eg tilbake at eg endå ikkje er komt opp i 
summen eller størrelsen som utgjer hans hobby (han har seglbåt;) 
Då blir det stille om den saken, for ei stund  ihvertfall;)
Interiørinspirasjon finns det mykje av for tida. 
På blogger og Instragram finns det utruleg mange dyktige som inspirerer stort. 
I det siste har det også dukka opp flotte e-magasin (digger NIBhjemme:) Strengt tatt
 treng ein ikkje bruke penger på interiørblad for å finne inspirasjon. Men det
 er noko eget med eit blad av glansa papir som du kan krølle deg saman
 med, kor som helst, og lese. Det er ikkje heilt den same kosen
 med dataen, pad'en eller mobilen, synast no eg :)
 Så veit du; den her bladhaugen, 
den spanderer eg på meg ;)
Mine bladfavoritter er Boligpluss, Boligdrøm, Rom123 og KKliving. 
Mange andre blir også med heim, rett som det er, men favorittane abbonerer eg på. 
Noko som er veldig greit sidan du får blada billegare, tidlegare og rett i postkassa. 
Heilt supert, spør du meg! Bladkongen.no har mange gode tilbod på 
abbonement. Eg har faktisk ofte gjett vekk eit abbonement 
til nokon som har alt, i anledning jul eller bursdag.
Det blir alltid tatt godt imot:)

Er du hekta på blad?

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. mai 2011

BoligPluss og Frankrike!

Eg hår fått nokre overaskelser angåande bloggen i det siste. 
Først kom ein krakk eg pussa opp ifjor på tips-sidene i nyaste BoligPluss, 
noko som er kjempestas! :)


Eg pleier å følge litt med på statistikken på bloggen.
Spesielt kjekt er å sjå kor leserane kjem frå. Her om dagen såg eg at det kom ein del lesera frå ei Fransk nettside. Eg sjekka ut sida og fann eit heilt innlegg frå kjøkenet vårt! 
Du kan lese det herHeilt rart og sprøtt. No håper eg det står positive ting der. 
I følge google translator ser det bra ut, 
men den kan jo oversette
 litt dårleg!?


Bildene var gjengitt uten min tillatelse, 
men det var godt linka tilbake. Så då velger eg å godta det. Blir jo litt stolt og ;)
Kva synast de andre om slik kopiering?

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

PS; på søndag blir det Give Away feiring :)

lørdag 22. januar 2011

Lyslyktene mine...


...er i Boligpluss denne månaden. 
Og det synast eg er superstas! ;)

Det har og dukka opp nokre fine stoff frå Stoff og Stil i posten til meg! (mystisk!;) 
I tillegg har Mamma rydda i sysakene sine, og kom 
med mange godsaker til meg.
Så eg er å finne på 
syrommet! ;)

Ha ein fin laurdag vidare!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails