Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

tirsdag 24. april 2012

Eg ♥ markblomster

Ein av dei tinga eg digger med våren,
 er desse søte små blomane som stikk hovudet sitt opp av jorda.
Og når ein har plukka inn ein liten bukett. 
Ja, då er det vår!

 Buketten av kvitveis og smørblomst
 har eg plassert i ein mintfarga telysholder frå Nille.

I dag er det heilt stille i huset. 
Ariel er i barnehagen og mannen søv etter nattevakt. 
Eg har tusen ting å ta meg til, men eg velger å kose meg litt til før eg starter. På strikkepinnane har eg ein kjøkkenklut i turkis og eg har nettopp fått boka "Homespun Style" av Selina Lake i hus. Og her snakker vi flott inspirasjon! Eg er heilt betatt.
 Ekstra moro er at det er med fleire bilder frå heimane 
til hvertfall 3 norske bloggerar. 
Eg har bestilt den her 
hos Capris. 

 Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så utruleg glad for kvar einaste eit. Og hjarteleg velkomen
 til nye følgerar. Eg håper de vil trivast 
her hos meg :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 3. september 2011

Bursdagsgåve + Finnerlykke ;)

Bursdagsgåva mi frå mannen skuffa ikkje i år heller :) 
Han er utruleg flink å kjøpe gåver! Eg fekk ein etterlengta MyCinnamonGirl kjole. 
Den er heilt herleg å gå i. Ariel har ein i brunt. Litt moro med mor&datter i same sort kjole ;) Og to fantastisk flotte bøker fekk eg; "Made by me" og "Romantic Prarie Style". 
Dei anbefalast varmt, der er haugevis med nydeleg inspirasjon. 
Dei kan kjøpast på Capris.
Tusen takk snille 
mannen! :)

Så må eg fortelle om eit supert funn eg gjorde i veka. 
Eg har lenge sett etter eit teppe å ha i dagsenga. Eg har tråla nettet, men liksom ikkje vore heilt fornøgd med det eg fann. Så skulle vi i middag til foreldrene mine. Og der! Slengt på ein sofa etter ei oppryddning i turisthyttene, der låg det faktisk. Det perfekte teppet!! Vatt- teppe lykke, rett og slett:) Etter å ha smilt fint og spurt endå finare, 
så vart det jammen mitt! 
Hurra! :)


Eg håper du har ein nydeleg laurdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 31. mai 2011

Eg ♥ Tilda

Det kjem nok ikkje som ei bombe på nokon at eg digger Tilda! ;) 
Figurane, fargane, rosene, prikkane....
ja, alt fell i smak.


Difor var forventningane store til den nye boka "Tildas Atelier",
 som kom ut no nyleg. Og boka innfridde
 så absolutt! :)

Eg har brukt eitpar kveldar der eg har kosa meg stort med boka. 
Den har nydelege interiørbilder. Slike som gjer meg inspirasjon i lassevis!
Kort oppsummert er boka ein fargeeksplosjon. Flotte Tilda-produkt blanda med 
gamle møbler og nyare ting.  it ;)

Du kan sjekke ut heimesida til Tilda her, for endå meir inspirasjon.

Tilda- englane har eg aldri prøvd meg på å sy. 
Men no trur eg jammen eg skal prøve. Når eg får tid, ein gong ;)

Ha ein flott tysdagkveld!

Klem frå Bjørg :-)

PS; husk å melde deg på Give Away som trekkast søndag. 
Du kan vinne flott premie frå Din Kjøkkenkrok. Link finn du her :)

fredag 22. april 2011

Ny Bok

Eg har kjøpt ei søt bok av Cath Kidston som heiter
 "Tips for Vintage Style". Det er eit lite hefte fullt av
 gode ideer og herlege bilder.


Den er fin å ha ved kjøkenbordet, for litt inspirasjon :) 
Eg trur Cath Kidston har skrive ei bok i større utgåve og som heiter "Vintage". 
Er det nokon som veit om dette? Evt har ein link der 
den er å få kjøpt?


Det grøne brettet med polkadotter er også nytt. 
Dette er kjøpt på Åhlens. Eg kjem ikkje over for ein fantastisk butikk dette er. 
Synd eg må reise så langt for å shoppe der.


I Fjordhuset har vi herlege påskedager. 
Vi har reist på besøk, og hatt besøk av venner og familie
I dag har det i tillegg vore fantastisk ver! 
Livet er flott!;)

Eg håper alle har ei super påske!

Klem frå Bjørg :-)


torsdag 30. desember 2010

Bok Som Fekk Det Til Å Klø I FingranE ;)

Eg fekk mykje fint til jul i år. 
I dag har eg lyst å vise dokke ei bok eg fekk frå min Kjæres foreldre. 
Og den har dei handla i min yndlingsbutikk i Winchester; 
Cath Kidston !


Min kjære sin Mamma har også stor interresse for sying
Og fann denne fantastisk inspirerande 
boka til meg.


Boka heiter SEW! av Cath Kidston. 
Og inneheld mange flotte syprosjekt i dei herlegaste blomster og pasteller. 
Bildene i boka er så flotte og inspirerande.
Akkurat slik eg elsker det! :)


Desember har egentleg vore ein litt laber månad for meg, når det gjeld sying og andre kreativiteter. Men når eg sette meg ned å bladde i boka kom
 kløen i fingrane til å lage noko tilbake 
for fullt!


I dag har eg vore ein tur på syrommet, og snusa litt i stoffa mine (hehe, tekstilstoff altså ;) 
Eg har knipsa litt bilder, og så smått begynt å planlegge litt syprosjekt. 
Men eg venter til etter nyttår med å starte på dei. 
No er eg for opptatt til å ete snop og kose 
meg med familien min ;)


Boka SEW! av Cath Kidston kan du blant anna
 bestille hos  Amazon om du skulle vere interressert i det :) 
På linken kan du også bla i boka!


I morgon reiser vi til min Kjæres familie for 
å feire Nyttår der. 
Difor benytter eg anledninga no til å 
ønske deg og dine eit fantastisk godt Nyttår!

Stor Klem frå Bjørg :-)

torsdag 21. oktober 2010

Barndommens bøker ♥

Eg har alltid vore veldig glad i bøker
Framleis husker eg den gode følelsen då eg hadde lest mi første bok frå perm til perm. 
Heilt aleine. Eg var 7 år og boka var Bobseybarna. Sidan det slukte eg bøker, 
kunne lese 2 på ein dag. I seinare tid har eg og arbeidd 
i ein bokhandel. Noko eg likte 
veldig godt.


Difor gleder det ekstra i mammahjertet, når Ariel allereie no viser interesse 
for bøker. Ho blader entusiastisk i bildebøkene sine
 og babler begeistra ;)




For litt sidan fekk eg med meg heim ein pose bøker eg og søskena mine hadde når vi var små. Dette var som å hoppe rett tilbake i barndommen. Spesielt ved 
synet av desse eventyr- bøkene. Eg husker eg 
var heilt betatt av dei 
flotte bildene.





(Legg merke til veldig ung Bjørg som har skreve namnet sitt øverst til venstre ;)
Dei viser spor av å ha vore mykje i bruk. Noko eg synast er herleg. 
For meg er desse nostalgiske minner eg er glad for at 
Ariel skal få ha i sin barndom 
også :)


Er det nokon andre som husker 
desse bøkene? 
Som de ser fekk eg ordna lagringsproblemet mitt. 
Eg kjøpte 20 GB for ca 30 Nkr. Det burde vel 
holde ei stund ;)

Ha ein flott kveld alle saman!

Klem frå Bjørg :-)


torsdag 7. oktober 2010

Hus med skuffer frå Panduro ♥

For litt sidan bestilte eg diverse frå Panduro
Blant anna eit lite hus med skuffer i tre. No har det blitt fiksa på ;)

Før /etter:


Med kvitmåling og tapetprøver frå Inreda vart det litt søtt synast eg. 
Og det har fått plass på loppekommoden på 
Ariel sitt rom.


Nokre av smykkene Ariel fekk til dåpen og ei lita Maileg frøken
 har fått nytt "hus" ;)


Eg har festa tapeten med decoupagelim.
 Sidan knottane på skuffene var limt fast måtte eg trikse litt for å få tapeten på. 
Eg løyste det med å klippe stykket i to og klippe hol til knotten. 
Det vart ei lita stripe på midten. 
Jaja, øvelse gjer 
mester ;)


Det blir kjekt med slike småskuffer til ei lita jente. 
Her kan ho gøyme vekk skattane sine ;)


Tallerkenhylla var eg heldig 
å finne på eit loppemarked (i området her finns der 2 loppemarked pr år!)
Den vart sjølvsagt måla kvit og gamle barnebøker eg hadde som liten står klar :) 



I dag har eg vore på bruktbutikken ilag med ei veninne.
 Og utruleg nok vart det med nokre skattar heim ;) Eg tipper dei vil dukke opp 
i bloggen i nærmaste framtid.


Og jammen er ikkje det vesle oppussa bordet mitt i loppeinnlegget 
under her, med i det nyaste nummeret av BoligPluss
Utruleg moro å bli plukka ut!:)
Eg håper alle har ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
PS; fortsatt lodd igjen i min Give Away. Premier frå Frk Doris og Fjordbua. Link øverst til venstre ;)

tirsdag 20. juli 2010

DVD hylle vart bokhylle/settekasse ✿

Som de kanskje huskar har eg flytta DVD hyllene våre opp i gangen i 2.etasje. 
Eg har laga 2 settekasser til Ariel. 
Og no hadde eg lyst på 
ei til meg sjølv ;)


Så eg kledde 2 av rekkene med dekorpapir frå Tilda 
og litt diverse eg hadde liggande.


I den midterste hylla har pocketbøkene
 mine fått plass ;)


Eg er veldig glad i såkalla "chicklit" og desse har som oftast pastellfarger. 
Så dei passa glimrande med dekorpapira mine ;)



Her ser du nokre av mine favorittbøker av Sophie Kinsella. 
Har ikkje du lest noko av henne før, 
anbefaler eg det på det sterkaste! 
Morsomme bøker, 
hvertfall eg kjenner meg igjen i ;)


Nokre av romma har fått litt pynt og 
GG kopper med (kunstig) 
plante i ;)


Her blir nok meir stæsj inne i etterkvart.

Så då fekk DVD hyllene eit nytt bruksområde,
 istaden for at dei vart hivne på bosset.
Gjenbruk er bra;)


Eg håper alle får ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-) 
(som skal begynne å pakke litt til turen!!)

torsdag 15. juli 2010

Muffins ✿ Sommar ✿ Boktips


I går hadde eg og Ariel herleg besøk av ei veninne. 
Vi kosa oss ute med muffins, jordbær og iste. Ja, du høyrte riktig; ute!! 
Det var plutseleg litt sommar igjen igår. 
Men idag er det haust igjen. 
Kunne tenkt meg ein prat med han/ho som slår 
av og på bryteren på veret ;)


Eg har hatt eit innlegg om det før. 
Men sidan eg har fått ein del lesera sidan sist, 
har eg lyst å dele den gode muffins- oppskrifta mi med dokke:)


Muffins (ca 12 stk)

100 gr Smelta smær
2 dl Melk
2 Egg
300 gr Hvetemel
1 ss Bakepulver
1/8 ts Salt
120 gr Sukker
1 ts Vaniljesukker
Blåbærsylte eller anna fyll ;)

200 grader i 20 min


Set på ovnen til 200 grader. 
Bland det tørre for seg og visp saman det våte for seg. 
Bland det heile forsiktig saman med ei skei.


Eg bruker både muffinsbrett og muffinsformer. 
Då blir dei finast synast eg.


Hell røre i halvparten av forma,
 og legg ei god teskei blåbærsylte eller anna opp på. 
Så fyller du på med meir røre på toppen. 
Husk at dei vil heve seg, så ikkje ha i for mykje.


Steikast på 200 grader i 20 min.
Du kan bruke anna enn blåbærsylte inne i. 
Eg har brukt blant anna sjokolade, pistasjnøtter, bringebærsylte og diverse. 
Godt det og ;)

Håper det vil smake!


I går kveld kosa eg meg på verandaen med
 jordbær og "Husker dere ikke meg" av Sophie Kinsella
Ho er min favoritt- forfatter om sommaren. 
Ho skriv så morsomt og levande at bøkene blir aldri kjedelege. 
Det er ho som og har skreve Shopoholiker-bøkene som handler om shoppegale Rebecca. Kjenner meg godt igjen..kremt..;) 
Så viss du er ute etter lett, morsom lesning i sommar 
anbefaler eg desse på det varmaste :)


I dag kjem mannen heim. 
Så då håper eg det blir litt action, på husfronten altså ;)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails