Eg har prøvd meg på å støype lys.
Og det frister til gjentagelse, for det var enkelt og moro! :)
Og det beste av alt er at dette er gjenbruk på sitt beste. Det meste har du
allereie i huset ditt :) Viss du også har lyst å prøve,
så kjem framgongsmåten her.
Du treng;
- panne
- syltetøyglas
- lys- stumper
- lys- veker (eg kjøpte på Panduro)
- duftolje (Kremmerhuset)
- Hermetikkboks (eg brukte ananasbokser)
- stoff (kan også bruke papir eller det du har)
Slik gjer du;
- Sett vatn på kok i ei panne.
- Ta lysstumpane (klipp vekk eventuell svart veke) i syltetøyglaset
og sett det i det kokande vatnet. Hell i nokre dråper
med duftolje.
- For at veken ikkje skal flyte opp, knytte eg den i ein spiker og la den i botnen av hermetikkboksen (det finns sikkert andre måter som er bedre ;) Veken retta eg opp ved å feste den med to pinner på toppen av hermetikkboksen.
- Når lysstumpane er smelta helte eg stearinet over i hermetikkboksen. Pass på at vekane frå lysstumpane ikkje følger med (dei kan du ta vare på til neste gong du vil lage lys ;)
- Pass på at veken står rett og sett til avkjøling.
Dette tar nokre timar :)
Så kjem det kjekkaste, nemleg å dekorere boksen. Eg har gjort det enkelt denne gongen og berre sydd trekk som eg har tatt rundt. Det kvite stoffet med brune hjerter
er frå ei gardinlengde kjøpt på ein bruktbutikk.
Det turkise er frå Tilda-kolleksjonen
til Panduro.
Om du ikkje er glad i å sy, er det like dekorativt å lime på
scrapbookpapir, gåvepapir, tapet eller liknande. Her er det kun fantasien
som set grenser :)
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen.
Og det er så kjekt at det stadig dukker opp nye fjes i følger- boksen min.
♥ velkomen !
Ha ein fin dag!
Klem frå Bjørg :-)