Tenkte eg skulle vise litt bilder frå badet vårt idag.
Kassen i vindauge har eg måla svart, og den rommer no handkle,
vaskekluter og flasker til badesåpe.
Badematta som heng over badekaret er frå HM Home.
Badekaret er kjøpt hos Coop Extra Bygg og krakken er frå Jysk, den vart blå
etter nokre målingsstrøk for ei stund sidan. No lurer eg på å måle dei
to dørene på badet i same fargen :)
Då vi var på Bergenstur i mars vart det sjølvsagt Ikeatur.
Og då vart kommoden Hemnes med heim. Denne skal vi bruke til stellebord,
mens vi treng det. Skuffene er gode og romslege og skal inneholde bleier,
stelleutstyr og kle til våre snart 2 små :)
"A smile is the prettiest thing you can wear"
Wallstickersen er også forholdsvis ny. Fine ord som kan hengast på veggen,
utan å øydelegge den med spikerhol
liker eg på badet :)
Badet vårt har mange krinkler og kroker.
Bak meg på dette bildet finner du toalettet, dusjen og ei dør inn til vårt soverom.
Innreiinga er frå Ikea. Eg har planer om å få nokre gardiner i glasdørene,
men eg er ikkje komen så langt endå :)
Eg har vore så heldig å få i hus nokre flotte bruktskatter i det siste.
Men først må den eine hengast opp og den andre målast ferdig.
Eg gleder meg til å vise fram :)
Tusen takk for alle dei fine kommentarane i forrige innlegg.
De er så snille!!:)
Ha ein flott dag! Her skin sola!
Klem frå Bjørg :-)