Etter inspirasjon frå ein genser som Ariel har og diverse nettsider har eg sydd ei pute med hus på. Det var eit morosamt syprosjekt. Også fekk eg brukt av dei
nye fin- fine stoffa mine :) Hjertestoffet er ei gardinlengde kjøpt brukt,
rosestoffet er frå ei gardinlengde frå Ikea, det prikkete
og stripete turkise stoffet er frå Tilda
og det turkise med blomster
er frå Stoff og stil.
Det er første gongen eg syr på denne måten.
Og den har litt skjønnhetsfeil her og der, men men. Er igrunnen fornøgd, eg :)
Eg klipte ut dei forskjellige delane i ulike stoff. Og applikerte dei
på framstykke av puta med tett sikk-sakk saum.
Baksida er kvit med lommeopning slik alle
putene mine får ;)
Eg synast puta passa godt inn på rommet til Ariel.
Det er godt å ha ei pute i ryggen når vi les eller syng frå bøker før leggetid :)
Ellers har ei rosa leselampe kjøpt brukt komt over stolen.
2 speil som eg har måla rosa og grønt er komt over senga.
Sengehimmelen har eg heller ikkje vist før.
Den er frå Ellos.
Slik ser det altså ut på motsatt side av veggen der leikekjøkenet står på Ariel sitt rom.
Settekassene, fuglehuset og huset med skuffer har eg fiksa på for ei stund tilbake.
Kjempekoslege prosjekt med måling, papir/tapet og lim :)
I morgon på desse tider koser eg meg forhåpentlegvis
blant mange skatter på Loppis ;) Eg og Mamma skal køyre ein god time kvar veg for å få det med oss. Sånn er det når ein ikkje er vekkskjemt
med Loppemarked i nærheten
kvar helg ;)
Tusen takk for fine kommentarer,
og hjarteleg velkomen til nye følgerar! Stor stas! :)
Strålande dag til deg som titter innom!
Klem frå Bjørg :-)