Soverommet vårt har fått ein liten makeover.
Etter at Hermine flytta på eget rom, har det vore veldig tomt der inne.
Og langt frå på stell. Så det trengtes. Det første eg gjorde var å
kaste ut gardinene. Inn med lys og fram med den
fantastiske fjordutsikta vår (som var veldig
vanskeleg å få med på bildene)
For ikkje så lenge sidan fekk eg i hus
nokre grøne nattbord som først vart plassert på gjesterommet.
Men når eg dreiv å rydda og styrte på vårt soverom, så hadde eg plutseleg
flytta dei inn dit. Eg hadde egentleg tenkt å måle nattborda. Men det er rart når
dei kjem i sitt rette element, då blir fargen plutseleg heilt rett.
Smaragdgrøn er vel forresten ein av
dei store trendfargane i år.
Ei gammal skrivebordslampe er no blitt leselys.
Og rundt vindauge på høgre side har eg hengt opp ei lyslenke.
Under her kan du skimte utsikten vår :)
Eit gammalt båtbilde (mannen elsker båter!) funne på eit bruktmarked
i England og 2 sider frå Pappa sitt gamle herbarium
er kome opp på veggen bak senga.
Lysekrone med forskjellige skjermer kjøpt brukt
og sengetøyet er frå Princess.
Senga er kjøpt på
Skeidar.
Det vart litt bedre her inne.
Men eg gleder meg villt til vi skal pusse rommet skikkeleg opp.
Både vegger, tak og golv skal takast.
Og då blir det bra!!:)
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen!
Det varmer mykje, skal de vite!
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)