Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mat. Vis alle innlegg

onsdag 14. oktober 2015

Muffins med epler frå hagen

Onsdager er ein fin dag! Eg og Ariel har fri frå jobb og skule. 
I dag ville Hermine vere med oss og, så ho fekk ein fridag frå barnehagen. 
Det er heilt supert med litt "helg" midt i veka! 

Vi hadde ei gryte full av epler frå 
treet i hagen. Då var saken enkel. Det måtte bli eplemuffins ;)

Det er kosleg å ha gode hjelperar på kjøkenet. 
Også blir det ekstra stas for jentene å ete muffinsane etterpå ;)

Muffinsane er på mystisk vis snart vekk! 
Dei var veldig gode og oppskrifta fann eg her!
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 14. september 2015

Homemade Granola ♥

Frokost er dagens viktigaste måltid seiast det. Eg er enig i det! 
For meg er det viktig å ete ein god frokost, ellers kan eg rett og slett bli litt gretten ;) 
Etter at eg testa ut heimelaga granola var det ingen veg tilbake! Det er så fantastisk godt! Berre synd det blir ete opp med ein gong. Her må det nemleg 
lagast meir, atter ein gong ;)
Granola blanda med 
gresk yoghurt og blåbær er spesielt godt!
Oppskrifta fann eg i den første kokeboka til Trines Mat. 
Du finn den på nett her!

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 26. juni 2015

Sunn is

Jentene våre er, som alle unger, veldig glade i is
I år har eg gått til innkjøp av isformer frå Nicolas Vahe. 
Eg liker spesielt godt at det er ispinner med i settet ;)
No blir det sunn is så ofte jentene vil ha ;) 
Isen lager eg av smoothie med bær og appelsinjuice. 
Sunt og godt :)

Ha ein fin sommarkveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 18. juni 2015

Hermine 3 år!

I går feira vi Hermine sin 3 årsdag, 
litt på forskudd sidan vi ikkje er heime på dagen hennar. 
Vi dekte langbord og inviterte familie og venner. 
Det vart ein fin fest og Hermine var
 spesielt fornøgd ;)
Kaka vart ein reprise av Ariel si bursdagskake. 
Sidan det var det Hermine ville ha. Veldig greit for meg sidan det er 
den enkle varianten ;)
Vi pynta med heimelaga vimpler 
som er laga av snor, gåvepapir og stiftemaskin ;)
Dagens "nesten" sunne 
variant var fruktspyd med marshmallows :)
Ha ei fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 14. februar 2015

Fastelaven

Det er så koseleg når jentene kjem heim frå barnehagen 
med fastelaven- ris pynta med fargerike fjær! 
Då må bukettane rett i vasen
 og fram på bordet :)
 Når det er fastelaven baker vi sjølvsagt boller også. 
Jentene er ivrige hjelperar, og var veldig nøye med å smaksteste deigen!
Bollane delte vi i to og fyllte dei med fløyte- og vaniljekrem. 
Det var godt det! :)
Fastelaven er nok eit tegn på at våren nærmer seg! 
Det er så herleg med dagslys som varer litt lenger dag for dag.
Det blir også så mykje kjekkare å ta bilder;)
Ha ei fortsatt fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. august 2014

Ha ei fin helg!

Hausten kjem snikande kjenner eg på kroppen. 
Eg hoster og frys ;) Men eg klager egentleg ikkje. Haust er ei kosleg tid! 
I dag var haust-stemninga ekstra stor, så då laga 
eg eplekake til store og små ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. mai 2014

17.mai

Vel overstått 17.mai :)
Eg trur alltid eg har så god tid på 17.mai. 
Her starter ikkje 17.mai feiringa før 12.30.  Då går vi i barnetog, et reker til middag
 hos oss og utpå ettermiddagen er det program og leiker på idrettsplassen. 
Når alt starter så seint på sjølve dagen, tenker eg alltid at eg har så 
god tid til alt. Men det resulterer alltid i stress. Eg håper virkeleg
 at eg snart tar lærdom av det, og at det ikkje går i 
gløymeboka til neste år. Igjen..Men ferdig
 vart eg, sånn ca i allefall ;)
Her kjem nokre bilder;
Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 26. mars 2014

Spent!

Eg og jentene har tradisjonen tru sådd litt i år og. 
Denne gongen vart det tomat, basilikum og karse. I tillegg har 
eg tatt avlegger av pellisane mine;) I år skal tomatplantane få vere 
igjen i vinduskarmen på kjøkenet. Eg har ikkje trua på at 
vestland-sommaren skal gjere tomatane mine
 raude i år heller;) Så då prøver 
vi ein ny vri!
Eg er spent på resultatet..

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. mars 2014

Oreo-kjeks

Eg og jentene har baka oreo-kjeks. 
Enkle å lage, og veldig gode å ete ;) For ein ekstra
 morsom vri har vi brukt blomsterformer og laga hol slik at 
ein kan tre kjekset ned på eit sugerør ;)
Oppskrifta finn du her!
Ha ein fortsatt fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 2. mars 2014

Fastelavn

Instagram og Blogg fløymer over av bollebilder idag. 
Så eg må følge strømmen ;) Tradisjonen tro, har eg og jentene baka boller idag.
Etterpå tok vi dei med på besøk, der vi fyllte dei med krem ;)
Spalta mi er på plass i nyaste Fylkesmagasinet
Du kan lese det om du trykker her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. februar 2014

Vafler

Visste du at vafler kan vere næringsrikt,
 og med fordel kan brukast i nistepakken? Dette er sjølvsagt viss du 
bytter ut noko av det fine mjølet med grovt, og dropper sukker. 
Vaflene blir kjempegode likevel ;) 
Her kjem ei oppskrift som eg har brukt;

1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl sammalt hvete Fin
1 dl havregryn
0,5 ts salt
0,5 ts bakepulver
4 dl mjølk
2 egg
2 ss smør

Bland det tørre. 
Tilsett mjølk, egg og smelta smør og visp det saman. 
La det svelle i 15-20 min før du steiker vaflene. 
Enjoy! :)

Klem frå Bjørg :-)

fredag 17. januar 2014

Nan med koriander

Eg fekk Trines Mat til jul. 
Denne var høgt på ønskelista, så eg vart superglad! 
Eg blir så inspirert av Trine. Ho har ein slik enkel måte å framstille oppskriftene på,
 for ikkje å snakke om dei lekre bildene! Denne veka testa eg ut Nan med
 Koriander oppskrifta frå boka. Og den skuffa ikkje. Heilt nydeleg! 
Faktisk så gode at dei ikkje varte til middagen.
Du finn oppskrifta på bloggen til Trine 
om du trykker her!
Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 17. desember 2013

Pepperkakehus

Eg har laga pepperkakehus i år og. 
Dei er meget skeive og skakke samanlikna med andre 
pepperkakehus- kunstverk i Blogglandet. Men dei må lagast kvart år, 
og stå der og spre deilig juleduft i huset.
 Eg er som sagt ingen ekspert, 
men her kjem nokre triks som eg brukte denne gongen;

- Kjevle deigen opp på bakepapiret, og skjer til husdelane på steikebrettet. 
- Bruk eggekvite istaden for vatn til melisen når du pynter. 
Då blir den stivare og held seg kvitare.
- Lim saman med limpistol ;)
Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 16. oktober 2013

Onsdager er fine!

Onsdag er den beste dagen i veka. 
Det er fridagen til jentene og meg, ofte har mannen fri og. 
Litt helg midt i veka. Herleg!
Bildene er tatt i helga. 
Her er Ariel på veg til Haustakkefest i nye sko og skjørt, 
og med nyplukka epler frå hagen :)

Ha ein herleg dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. august 2013

Polarbrød

Les du Trines Matblogg
Ho er så fantastisk flinkOg lager kjempegod mat som ho 
illustrerer med flotte bilder. Og ikkje minst er oppskriftene hennar enkle og 
fristande å bruke. Eg har lært meg å bake ved å følge bloggen til Trine;) 
Denne gongen har eg prøvd meg på polarbrød- oppskrifta hennar. 
Kjempegode! Desse har eg kosa meg med
 i lunsjen på jobb:)
Oppskrifta finn du her.

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. august 2013

Sweets for the sweet ;)

Forrige mandag begynte eg å jobbe igjen etter fødselpermisjonen. 
Eg har ikkje vore i jobb på nesten 2 år. Så det var skikkeleg rart å måtte levere begge jentene i barnehagen og deretter gå på jobb. Men det er jo litt godt også
å kome inn i rutiner. Noko anna som er positivt er at no set ein
 så inderleg pris på fridager igjen. Onsdager er ein slik dag.
 Då har jentene og eg fri :)
Bake muffins er veldig moro, synast Ariel. Så då gjer vi det. 
Sånn av og til, på ein heilt vanleg onsdag ;)
Denne gongen bakte vi blåbærmuffins 
og pynta med melis og strø. Enkelt og greit ;)
Ha ein strålande onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; du finn meg på Instagram som Husetvedfjorden,
 viss du har lyst å følge meg der:)

lørdag 22. juni 2013

Hermine sin 1 årsdag

Her kjem nokre bilder frå 1 årsdagen til Hermine. 
Vi hadde huset fullt av familie. Hermine storkosa seg som midtpunkt ;)
Her kjem eit bilderas. Det vart mykje rosa pynt, 
akkurat slik ei ekte prinsesse 
skal ha det! ;)
Eg blanda søte markblomster med nydelege peoner
Til vaser brukte eg hermetikkbokser med pålimt tapet.
Ungane i selskapet fekk sitte rundt sitt eige vesle bord ;)
Ei blanding av mykje søtt, og litt sunt på kakebordet.
Eg laga denne Tobleronekaka
 med friske bær for første gong til selskapet. 
Og den lager eg garantert fleire gonger. 
Nam!:)
Hermine fekk ete bursdagskake heilt aleine. 
Det fallt veldig i smak. Og det vart mykje griseri ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails