Viser innlegg med etiketten Leikehytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leikehytte. Vis alle innlegg

torsdag 5. juni 2014

Nibutfordringen; Uterom

Her kjem mitt bidrag nummer 2 til Nib sin utfordring Uterom
Eg viser nokre nye bilder og nokre reprisebilder ;)
 Uterommet vårt består av ein stor terasse med utsikt mot Nordfjorden. 
Her har vi leikehytte til jentene våre. Grill og spisegruppe. 
Sofagruppe og solstoler. Alt for einkvar smak ;)
 Og vi koser oss her!
For meir uterominspirasjon
 kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. april 2014

Ein smak av sommar!

For nokre fantastiske dager vi har. 
Her gjeld det å nyte! Og det har vi jammen det gjort. 
Vi har meir eller mindre flytta ut på terassen denne veka. 
Eg håper vi får meir sommar, for dette gav meirsmak ;)
Ønsker deg ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. april 2014

Leikehytte - sesongen er opna!

Leikehytta er vaska og klar for vår og sommar. 
Jentene liker seg godt i hytta som onkelen bygde til dei ifjor. 
Han bygde den av restmaterialer og eg tok måle- og innredningsjobben ;)
Eit utruleg artig prosjekt!
Det er litt tomt her inne endå, 
men det kjem seg heilt sikkert etterkvart ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 24. april 2014

Eg ♥ Kvitveis

Å, kor glad eg er i våren
Med dei flotte solskinnsdagane vi har hatt i det siste,
har naturen verkeleg vakna til liv. Det er slikt eit fantastisk syn. 
I tillegg gjer det så godt å få varmen 
i kroppen av solstråler!

Dei første kvitveisane har for lengst blitt fine buketter. 
Her står dei i ein kopp og pynter i 
nyvaska leikehytte :)
Du kan lese meir om kva eg synast om vår i spalta mi i 
Fylkesmagasinet, om du trykker her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 22. august 2013

Ny spalte i FM

I dag kom Fylkesmagasinet (for Sogn og Fjordane) i postkassene. 
Eg skriv ei interiørspalte der i annakvart nummer. Noko som er veldig stas! ;)
Denne gongen handler den om leikehytta til jentene.
Om du vil kan du også lese den her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 30. juli 2013

Velkomen inn i leikehytta :)

Endeleg kan eg vise fram leikehytta innvendig. 
Den er no så og seie ferdig, etter mitt syn. Ariel har imidlertid vore 
fornøgd med den lenge ;)

Ute er hytta pynta med ei vimpelrekke.
(enkelt laga ved klipp og lim)
To fine tallerkener funne på loppis pynter over kjøkenbenken.
Lampa er kjøpt på Ikea. Mannen skal fikse det 
slik at den kan brukast :)
 Bordet og stolane er også frå Ikea. 
Dei er måla og tapetsert voksduk på :) Rammene på veggen har Ariel
fått måle sjølv. Inne i dei har vi plassert 
bilder av jentene.
 Eg har kjøpt eit koppesett billeg på ein bruktbutikk. 
Dette får dei bruke i leikehuset. Som regel går det roleg for seg, 
men skulle noko bli knust er det
 ingen krise :)
 Kjøkkenbenken er ei plate hengt opp med hylleknekter. 
Eg har sydd eit forheng og hengt opp under. Hylla på veggen er eit loppefunn 
som eg har "pimpa" med dekorpapir.
Tusen takk til alle som stemte på meg i utfordringa; Sommer på Jorda hos Nib. 
Eg vart så overraska og ikkje minst glad når eg såg at eg hadde vunne. 
Jubel i heimen :)) Og igjen tusen, tusen takk!
Eg må ha dei finaste leserane!!! :)

Ha ein herleg tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 23. juli 2013

Sommar!

Endeleg kom sola og ikkje minst sommarvarmen til Nordfjord også. 
Så no gjeld det å nyte, og vere ute mest muleg! :)
Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 20. juli 2013

Lätt barnebord og stoler...

...har blitt nye!
På Bergensturen min kjøpte eg dette settet på Ikea til kr 198,- 
Dette er moro som utgangspunkt for 
ein enkel makeover ;)
Med rosa måling og voksduk (frå Rice) festa med tapetlim, 
så vart det meir fargerikt og festleg å sjå på.
Ariel brukte det som teiknebord dei første dagane, 
men no er det komt på plass i leikehytta der det skal bu. 
I leikehytta gjenstår det berre litt til, så er der ferdig innreia. 
Eg gleder meg til å vise dokke!
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 3. juli 2013

Nib Utfordring Juli - Sommer på Jorda

Nib- jentene si utfordring for juli er; Sommer på Jorda
I den anledning tar eg ei reprise på bildene eg har vist før av terassen vår. 
Terassen vår har endeleg begynt å ta form, slik at den både kan brukast og er passe fin
 å sjå på. Det gjenstår (fortsatt) mykje målearbeid, litt snekring og ein del 
stæsjing/planting osv. Men vi kan jo ikkje bli arbeidsledige! 
Det hadde vore kjedeleg det ;)

I sofakroken (utemøbler frå Bohus) har vi satsa på litt gresk stemning. 
Hellas er favoritt ferieplassen til meg og mannen. Så det er fint med litt 
feriefølelse på eigen uteplass. Blå skodder synast vi er typisk gresk. 
Og seglbåten i vindauget er kjøpt på 
den greske øya Naxos.
Sommarleg pådekning med kake og friske bær. 
Peoner og markblomster :)
Dette er frå den andre delen av terrassen. 
Her har vi leikehytta til jentene og ei lita drikke-kaffi-avdeling for oss vaksne. 
Utsikten vår kjem eg aldri til å bli lei av!


Leikehytta har broren min bygd av gjenbruksmaterialer. Det er snill onkel det!
Eg har måla hytta i sommarleg turkis med kvite detaljer.
Så er det berre å krysse fingrane for at juli blir fyllt av sol og varme,
 slik at terassen virkeleg kan nytast!

Sjå dei andre herlege bidraga i utfordringa her!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 21. mai 2013

Ein liten titt...

..på den (nesten) ferdige leikehytta.
Slik såg den ut når vi fekk den på plass på terrassen
Det er den flinke broren min som har snekra 
den av gjenbruksmaterialer.
No har leikehytta fått dør (som skal få sprosser etterkvart) 
Og eg har måla den i frisk turkis ( S 0530- B10G) 
med kvite detaljer.
Innvendig har eg måla både tak, vegger og golv kvite. 
Og den har fått leikekjøken. Fleire bilder kjem etterkvart ;)
Her blir vinkos på verandaen bytta ut med inne-TV-kveld. 
Finveret er gått over til regn..

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 12. mai 2013

Morsomt prosjekt på gong!

Onkelen til jentene har bygd ei leikehytte til dei!
Stor stas både for jentene og for meg :) Foreldra mine har skifta 
kledning på huset sitt, og hytta er bygd av den gamle kledninga
Skikkeleg gjenbruk med andre ord:)

Her skal det målast og innredast
Vi er allereie igong. Etter at dette bildet er tatt, har eg måla alt
 innvendig eit strøk. Og hytta har fått seg dør. De skal 
sjølvsagt få sjå meir etterkvart,
 om de vil:)
Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails