Viser innlegg med etiketten Award. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Award. Vis alle innlegg

mandag 23. juni 2014

Ha ei fortsatt fin..

...Jonsok- feiring :)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. mars 2014

Endeleg

Kvar einaste vår venter og venter eg på å få tak i ranunkler
Dei er ikkje så enkle å få tak i her omkring. Når dei endeleg er i hus, 
klarer eg ikkje å sjå meg mett. Dei er så flotte der dei slanger 
seg i krukka med sine lubne herlege blomster. 
Og i fine farger blir ekstra stas!
Det er ekstra godt med vårfarger inne no. 
Vi våkna til vinter idag tidleg. Typisk mars! 
Eg er så klar for vår, men vergudane 
er ikkje alltid enig ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. mars 2011

BloggFavoritter :)

Eg fekk ein kosleg overaskelse frå Fru Andersen. 
Ho hadde meg blant sine 3 Bloggfavoritter. Eg vart så glad
Spesielt sidan Fruen sin blogg er ein stor favoritt og er eit friskt pust i kvardagen min med sine morsomme tekster og flotte bilder! 
Besøk ho her, og kos deg!:)

Bildet er lånt frå Fru Andersen

Dette skreiv ho om meg;

Og fruen vet hun har sagt det før, men Huset ved fjorden 
er også definitivt verd jevnlige besøk!

Fy søren for en kapasitet denne damen har, hun maler, syr og ordner raskere
 enn en tornado. Fruen skjønner ikke hvordan malingen i fjordhuset
 rekker å tørke, for her går
 det unna! 

Måtte nesten flire når eg leste dette. 
For eg føler meg slett ikkje så effektiv:)
Men tusen takk for gode ord!

Så er det min tur å presentere mine 3 Bloggfavoritter. 
Og dette er slett ingen enkel jobb. Det finns så mange flotte damer med nydelege 
blogger der ute. Men etter ein del tenking
 fallt valget på desse:


Bildet er lånt frå Husfruas Memoarer

Hulda har eit nydeleg hus & hage, og ein blogg som oser av kreativitet og glede. 
Hulda er og ein mester til å ta flotte bilder! Eg storkoser meg med kvart einaste innlegg. 
Ikkje rart at Ingeborgstua kom blant Norges vakraste heimar ifjor. 
For her er det gjennomført og nydeleg ned til 
den minste detalj!:) 

Bildet er lånt frå Sukkertøy for øyet

Ida Susanne har ein stil eg berre forelsker meg i! 
Ein herleg miks av retro og romantisk i mange glade farger. Og bildene ho tar er til stor inspirasjon. Ho tapetserer og måler og deler sin kreativitet med oss andre. 
Eg gleder meg til kvart eit innlegg frå denne dama.


Bildet er lånt frå Put it in a Box

Ida har ein energi av det sjeldne. 
Ho syr i ein fart eg er litt misunneleg på. Og alt blir berre så flott! 
I tillegg er ho så snill at ho deler oppskrifter på bloggen sin. Eg blir inspirert kvar gong eg besøker Put it in a box. Ho deler min lidenskap for pasteller. 
Og har ein nydeleg heim :)

Om de vil ta utfordringa vidare blir eg glad, men det er sjølvsagt valgfritt!;)

Eg håper de vil ta ein tur innom desse flotte 
bloggane og bli inspirert.
(dei er nok ganske så velkjent for mange ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 21. januar 2011

GoD FreDaG!

Den beste dagen i veka er her. 
Eg og Ariel skal ha jentehelg, sidan mannen skal spele med bandet i helga.
Helga ligg foran oss ubrukt og full av kos :) 


Rosene var begynt å henge med hovudet. 
Så eg klipte av toppen og la dei i ei skål med vatn. 
Så kan eg nyte dei litt lenger ;)

Eg har dessverre ikkje hatt den heilt store energien i det siste. 
Så eg har vore dårleg til å legge igjen kommenterer. 
Eg lover å kome sterkare tilbake:)

Ha ein fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. august 2010

Cookies+ Award! ♥

Eg har baka cookies
På godt norsk; kjeks (med sjokolade og peanøtter ;)

Om du vil ha oppskrifta
så kjem den her :)
525 gr mjøl
450 gr smør
135 gr melis
4 ts vaniljesukker
100 gr hakka peanøtter
150 gr hakka mørk sjokolade

Bland mjøl og dei hakka peanøttene i ein bolle.
Smuldre smøret opp i (lurt om det har stått romtemperert ei stund)
Tilsett melis, vaniljesukker og sjokoladen og kna deigen godt saman.
Sett i kjøleskapet minst ein time (gjerne over natta)
Kjevl ut deigen i ein tjukkelse på ca 4-5 mm.
Stikk ut rundinger (eg brukte eit drikkeglas)
Steikast på 200 grader til dei er gylne.


Eg hadde dei opp i eit glas og hadde ei hette over. 
Så vart det ei av gåvene eg hadde med til ei veninne 
som nettopp har fått ei jente :)

Hettene har eg sydd sjølv av Tildastoff og blonder.
Desse dukker i løpet av neste veke opp i Blogshopen min ;)
Når det gjeld Blogshopen funderer eg voldsomt på 
kva eg skal kalle den

Eg blir veldig glad om du har eit forslag :)



Eg har vore så heldig å få ein Award frå 
Barbro med den flotte bloggen Barbros Lille Verden.
Tusen tusen takk! 
Det er så kosleg å bli tenkt på :)
Trykk på linken for å besøke den 
koslege og kreative bloggen hennas, 
og sjå den kule rosa gipsen ho har på foten sin ;)





Med awarden følger ei utfordring om å fortelle 7 ting om meg sjølv
Dette har eg gjort fleire gonger før. 
Og eg har ikkje så mykje meir interresant å fortelle ;) 
Du kan sjå kva eg har svart før under Award på venstre side.


Eg skal og gje den vidare til 7 andre.
Det er alltid vanskeleg synast eg, men eg må jo gje den til nokon ;)
Det er mange som fortjena den, men denne gongen vil eg gjerne gje den til;


Fryd og Forandring
Mona Christins Side
Husets Hjerte
Willa Twil
Vintage Garden
ElleMell
Jannes Lille sted


Dette er flotte blogger med kjempekoslege jenter bak. 
Eit besøk hos desse gjer deg 
glede og kreativitet tilbake :)





August har vist seg frå si beste side her hos oss. 
Og eg har tatt mitt første bad i fjorden idag. 
Herleg! :)





Eg håper alle har ein flott søndag!




Klem frå Bjørg :-)



tirsdag 13. juli 2010

Utfordring og Award:)

Eg har fått ei utfordring frå den 
koslege dama bak den flotte bloggen
Den går ut på å svare på spørsmål ang dagen min idag.

Here we go! ;)

Morgenens nedtur: Her kunne eg svart at eg måtte opp tidleg, 
men det slapp eg. Ariel og eg dovna oss til 10 :) 
Strømmen var vekke når vi stod opp, 
men tilbake når vi laga frukost! 
Alt i alt ein god morgon :)

Utenfor mitt vindu: har eg nye kvite korgstoler 
frå IKEA :))

På fjernsyn igår: Eg såg Drømmehagen med Ariel under kveldsgrauten. 
Resten av kvelden hadde eg kjempekosleg 
besøk :)

Eg har på meg: Dongeribukse, svart singlet og kvit tunika
 med svarte detaljar.

I dag skal eg: Slappe av på sofaen, lese blogger 
og sjå TV ;)

Men eg ville heller: Sitte på verandaen å sole meg, 
med eit glas kvitvin i handa (men det regner..)

I vinduskarmen står: 2 bilder av mannen som liten med besteforeldre, 
Babycall og 3 lysestaker.

I helgen skal eg: Kose meg med besøk av 
søstra mi med familie :)

Morgendagens lykke: SOL og SOMMAR ! 
(lov å drøyme ;)

Dette bildet har eg aldri vist før;


Meg i fantastiske Venezia Mars 2009 :)

Eg har for ei stund tilbake fått ein flott Award frå Jeanette 
med den fine og kreative bloggen 
Tusen takk! Eg set stor pris på å bli huska på:)


Med denne følger ei utfordring der ein skal fortelle 
7 ting om meg sjølv
Det har eg gjort før, 
og sidan eg ikkje kjem på så mykje meir kan 
du lese det her!


✿ 

Sidan eg synast det er veldig vanskeleg å velge nokon 
å sende vidare til. 

Så vil eg gjerne at du som ser innom 
kan ta dei med deg om du vil :)


Eg er tilbake imorgon med nytt interiør- innlegg :)

Ha ein strålande kveld!
(utan VM, juhuu;)


Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. juni 2010

Snart trekning! ;) + Utfordring

I kveld trekk eg vinnerane av min Give Away! 
Eg gleder meg, 
og trur eg allereie bør begynne å skrive lappane som skal trekkast av. 
For heile 154 har meldt seg på, og det kaller eg godt oppmøte ;) 
Tusen takk til alle!
(Du kan ta lodd fram til kl. 18.00 idag)


♥♥♥

For litt sidan fekk eg denne Awarden av alltid koslege Jijji med den kreative og kjempekoslege bloggen Jijjis Lune Hjørne
Ho og er bitt av sybasillen for tida, 
og tryller fram dei søtaste ting:)
Tusen takk Jijji :))


Med denne awarden følger det med ei utfordring,
 der eg skal fortelle om 7 ting eg ønsker meg.

Piece of cake ;)

1. Eg ønsker meg fleire timer i døgnet, 
slik at eg får fullført alle prosjekta mine. 
Ikkje så realistisk kanskje. 
Men eit stor ønske!!;)

2. Eg ønsker at draumejobben 
(eller ein hvilken som helst jobb egentleg ;) skal dukke opp snart. 
Vi har jo flytta no iløpet av permisjonen min. 
Og min gamle jobb har eg sagt opp, fordi det blir for langt å pendle. 
Så til begynnelsen av november skulle eg helst hatt ny jobb. 
Gje meg gjerne ein lyd om de veit om noko som er 
ledig i dei tider i Stryn/Gloppen ;)

3. Denne radioen ønsker eg meg noko veldig!! 
Den er så nostalgisk og herleg. 
Den hadde vore perfekt på sy/ hobbyrommet mitt 
(Jepp, eg skal få meg sy/hobbyrom!! Jippi :))

www.landromantikk.no


4. Denne wallstickersen frå Hilde Heimdal hadde vore 
perfekt på jenterommet til Ariel. 
Den er så søt og fin!!:) 
Hilde har ein fantastisk nettbutikk
Klikk på linken å ta ein titt ;)



5. Eg skal på IKEA om eitpar veker, 
og då håper eg at eit par av desse skal vere med meg heim:)

www.ikea.no

6. Slike store Maileg håper eg kjem til å ta plass i den gamle senga, 
som skal stå på rommet til Ariel. 
Den skal først målast kvit (sjå ønske nr 1 ;)

www.wallas-verden.no

7. Sist, men ikkje minst ønsker eg at resten av
sommeren skal bli varm og full av sol og badeglede

♥♥♥

Awarden og utfordringa vil eg gjerne sende vidare til

Ville Vinkel - ein herleg og inspirerande blogg med 
mange prosjekt på gang :)

Stini- ein kosleg blogg om interiør og kvardagsliv. 
Jenta bak er så kosleg! 
Blir så glad når du legg igjen ei helsing:)

Bettum Villa - Madelen er så kreativ og flink! 
Ho har ein herleg blogg med masse inspirasjon. 
Og eg er veldig spent på kva du ønsker deg;)

De er sjølvsagt opp til dokke om de vil ta den vidare ;)


♥♥♥


Ha ein nydeleg dag!

Eg er tilbake ikveld med vinnerane av Give Awayen min. 
Du kan melde deg på øverst til høgre fram til kl. 18.00.


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails