Viser innlegg med etiketten 17.mai. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 17.mai. Vis alle innlegg

mandag 16. mai 2016

Kvelden før dagen!

Stova er enkelt pynta med flagg, bjørkeris og vimpler. 
Kledene er klar. Jentene er forventningsfulle og bord er bestilt til
koldtbordet på kafeen. No kan 17. mai berre kome ;)


Eg ønsker deg ei flott feiring - Hipp Hurra!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. april 2016

Hipp Hurra!


17.mai er vi så gla' i..
Det er ikkje lenge igjen og det gledast!
Tog, leik med vener, (nesten) ubegrensa med is...
og i tillegg få svinse rundt i fine kjoler. Det er ein fin dag altså ;)

Årets 17. mai antrekk er frå Polarn O. Pyret
Dei har eit stort utvalg av herlege festantrekk både til jenter og gutar. 
Jentene våre var så heldige å få velge kvar sin kjole. Hermine gjekk for nydeleg retromønster og Ariel det meir stilfulle og klassiske. Dei veit kva dei vil, 
allereie i ein alder av 3,5 og 6 år ;) Strømpebukser og supersøte strikkejakker 
med hjerter er frå same butikk + paraplyen. Bur ein på 
Vestlandet må ein passe på å beskytte 
seg mot regnet med stil ;)

Det var særs viktig at kjolen kunne snurre-rundt, 
noko desse nøye utvalde kjolane kvalifiserte til med glans ;)


Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

(Kle er sponsa av Polarn O. Pyret)

søndag 17. mai 2015

Hipp Hurra! Gratulerer med dagen!

Det var godt å sette seg i sofaen etter ein fin 17.mai :)
Vi feira med tog, sjømat hos oss og leiker på plassen 
slik som vi har gjort dei siste åra!
Eg håper du har hatt ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. mai 2014

17.mai

Vel overstått 17.mai :)
Eg trur alltid eg har så god tid på 17.mai. 
Her starter ikkje 17.mai feiringa før 12.30.  Då går vi i barnetog, et reker til middag
 hos oss og utpå ettermiddagen er det program og leiker på idrettsplassen. 
Når alt starter så seint på sjølve dagen, tenker eg alltid at eg har så 
god tid til alt. Men det resulterer alltid i stress. Eg håper virkeleg
 at eg snart tar lærdom av det, og at det ikkje går i 
gløymeboka til neste år. Igjen..Men ferdig
 vart eg, sånn ca i allefall ;)
Her kjem nokre bilder;
Ha ein fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 16. mai 2013

Dagen før 17.mai

Eg tar ein reprise på 17.mai bildene frå ifjor. 
Dette huset er nemleg langt frå ferdig til dagen imorgen. 
Det blir nok ein travel kveld :) 
Eg håper de alle får ei fantastisk 
fin feiring!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 17. mai 2012

Hipp Hurra!

Eg håper alle har/har hatt ei fin 17.mai- feiring :) 
Her i huset starta dagen ganske så hektisk. Sånn er det når ein trur ein har allverda med tid dagen før, og bruker kvelden til å sitte i sofaen. For idag hadde eg plutseleg berre 
ein time til å pynte kake, dekke bord, lage kvitløksdressing og hakke salat. 
Derav ustroken duk og enkel pynt på bildene ;)

 Mannen og Ariel vart sendt ut
 for å plukke inn bjørkegreiner og kvitveis til pynt på bordet :)




 Reker med loff, salat og kvitløksdressing stod på menyen :) Og kake vart det til kaffien.
Ariel har ikkje vore i form idag, så det vart kun tog-gåing på oss iår.
Men vi skal ta det hardt igjen seinare ;)

Ha ein fortsatt fin 17.mai!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 18. mai 2011

Ein fin 17.mai :)

Kaldt og skiftande ver hindra ikkje ein flott 17.mai- feiring igår. 
Tradisjonen tru vart det tog, koldtbord, underholdning, is og pølse på idrettsplassen. 
Etterpå hadde vi kaffi og kaker hos oss. Bunaden vart droppa til fordel for sommerkjole. 
Så slapp eg å finne ut at bunaden er blitt endå litt trangare iår ;) Ariel storkosa seg 
med is, noko som viste godt igjen på den etterkvart så flekkete kjolen ;)
Alt i alt ein fin dag :)

Korleis var din 17.mai?

Klem frå Bjørg :-)

mandag 16. mai 2011

Ha ein strålande 17.mai :)

Innom for å ønske alle ein strålande fin
 17. mai imorgon! 


Bildet er frå ifjor, 
og viser ei lita Ariel i heimesydd kjole!

Kos dokke!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 17. mai 2010

Hipp Hipp Hurra! :)

Då var 17. mai feiring over for i år. 
Ariel søv søtt og eg sit godt planta i sofaen ;)
Min kjære har dessverre vore på jobb idag, 
men vi tar det igjen neste år :)



Ariel strålte i den nysydde kjolen,
 og med det norske flagget :)


Veret var slett ikkje som bestilt. 
Og det regna som verst når vi gjekk i 17. mai- toget.
Ariel var svært skeptisk til alt det våte som kom ned frå himmelen!


Men 17. mai vart det likevel...


Vi har kosa oss med nydeleg koldtbord på kafeen.  
Is, brus, kaffi og kake på idrettsplassen. 
Og prata med mykje kjentfolk.


Håper du har hatt ei flott 17. mai- feiring!

Fortsatt gratulerer med dagen


klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails