Viser innlegg med etiketten Stitchery. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stitchery. Vis alle innlegg

25 februar 2009

Vinteridyll-pute

No har eg for ein gong skuld sydd ei pute som eg ikkje skal stikke nåler i.
Stitcheryet frå Jordbærstedet sin stitcheryklubb er ferdig. Eg valde ein litt enkel variant då eg broderte. Brukte berre ein farge (blåmelert Lenes silketråd), men angra ikkje på det. Eg brukte berre eit av dei fire stoffa som var med og. Synest dette blå/kvit-blomstrete er heilt nydeleg og passar godt til motivet. Det mørkeblå stoffet hadde eg frå før. Puta kunne sjølvsagt vore pynta litt meir med "snurpeblomstrar", knappar og band, men inntil vidare får den vere slik...

06 februar 2009

Vinteridyll

Det har vore ei travel veke - litt sjuke har vi også vore - men no er det endeleg helg!
Eg har begynt på det nye stitcheryet, som eg har fått frå stitcheryklubben til Jordbærstedet. Koseleg motiv og nydelege stoff! Eg syr med Lenes silketråd, ein melert blåfarge, som eg fekk tak i hos Ingun på Primula.
Ute er det også blitt vinteridyll no. Eit bilde frå hagen i dag tidleg.

17 november 2007

Boks til broderigarnet!

No skal det bli orden på broderigarnet mitt! Eg har endeleg fått kjøpt meg ein boks med små plater i papp til å surre broderigarnet rundt. Det følgde til og med med ei lita sveiv som kan settast opp på boksen. Nummeret på garnet har eg skrive på med tusj på pappbiten. Eg trur dette må vere praktisk og oversikteleg : )

22 juli 2007

Fangsten min!

Det er alltid spanande å sjå innom hobbybutikkar når ein er ute og reiser! Garnet kjøpte eg i Åre i Sverige. Dama på butikken meinte det var sokkegarn, men eg trur eg vil bruke det til noko anna... Ikkje noko namn på garnet, men det er melert og minner meg litt om Evilla. 60 kr for ca. 100 gram.....
Stitchery-mønsteret kjøpte eg på Husfliden i Mosjøen. Dette er visst blokk sju i eit teppe som heiter "Love is". Eg trur eg skal sy det i blått slik at det passar på kjøkkenet!

11 april 2007

Nok ein stitchery UFO

Har også denne stitchery løparen liggande. Eg var på kurs med Helle C. E. Løvenskiold då det var Vestlandstreff hausten 2006. Kjekt og lærerikt kurs! Men etter kurset blei løparen dessverre liggande.......Håper no at eg kan få fullført han i løpet av våren/sommaren!


10 april 2007

Møte i Lappeklubben


I kveld var det møte i Nordfjord Lappe-og Quiteklubb. Eg hadde med meg dette stitchery bildet som eg begynte på for over eit år sidan..... Tenkte eg kunne sy litt på det i kveld, men kom ikkje så langt. Det blei sydd pose til rullekniven i staden for. Posen er sydd for hand av filt og bomullstoff. Applikasjon til pynt. Skal sette inn bilde seinare i veka når eg har fått det nye kameraet mitt!