Viser innlegg med etiketten Romanar 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Romanar 2011. Vis alle innlegg

29 mars 2011

Tildas Atelier

I går kom den nye Tildaboka i posten.
Impulskjøp på nettet. ..... igjen :-)
Det er verkeleg ei vakker bok
med mange fine bilder og idear,
men om eg kjem til å lage noko frå den vil vise seg.
Men eg blar ofte i hobbybøkene mine
og kosar meg med dei,
så det er vel eigentleg ikkje så viktig
om det blir laga så mykje.....
Roman nr. 13 tok si tid å lese ferdig.
563 sider til med Knausgård sitt liv.
Han skriv veldig godt,
så eg kjem nok til å lese nr. 3 snart også.

16 januar 2011

Bok nr. 4

Det går fortsatt i lesing her.
Det einaste som blir gjort av handarbeid er litt stitchery.
Eg går til behandling for nakke-og armplagene,
men det kjem nok til å ta litt tid.
I helga har eg lese denne vesle franske romanen,
som svigermora mi fekk i julegåve.
Den er på berre 218 lettleste sider.
Boka handlar om ein 45-år gamal mann
som bur i ei campingvogn i hagen til mora si.
I parken kor han brukar å sitte å telje duer,
blir han kjend med ei 86 år gamal dame.
Det oppstår eit spesielt vennskap mellom dei.
Den gamle dama begynner å lese bøker for han,
noko som gir han eit nytt perspektiv på livet.
Ei artig og god bok med ein fin og humorisisk tone!


11 januar 2011

Bok nr. 3 og forsiktig hekling

Denne romanen er utruleg velskriven,
velkomponert og fengande!
Det er både ein slags sjølvbiografi og eit portrett av ein pyroman
som herja i Finsland (utanfor Kristiansand) i 1978.
Både forfattaren og pyromanen vaks opp i denne bygda.

Eg har funne fram nokre hekla lappar frå i fjor.
Meininga er at dette skal bli eit lappeteppe.
Har prøvd meg med litt forsiktig hekling,
og det går bra så lenge det er veldig forsiktig og veldig lite.
Fargane i dette teppet er litt inspirert av
"Gutta boys"-roseteppet (Lappemakeriet),
som var mnd. teppe for nokre år sidan,
og som eg fortsatt syr på for hand.

Eg heklar teppet i Pt 2 og Rauma Finull.

09 januar 2011

Bok nr. 2

No er det snart to veker sidan eg har strikka (pga. høgrearma).
Har brodert litt, men er forsiktig med det og.
***
Bloggen min er difor blitt ein midlertidig litteraturblogg.
***
Bok nr. to i år er debutromanen til Kate Morton.
I fjor las eg Den glemte hagen, hennar andre roman.
Tilbake til Riverton er ein roman som bl.a. skildrar
herskap-og tenarmiljøet på begynnelsen av 1900- talet i England.
Trur denne romanen hadde passa veldig godt som BBC-serie.
Boka er på 512 sider,
Eg kjøpte pocketutgåva, og tenkte ikkje over at skrifta var så lita.
Men boka var så spanande og god,
at det gjekk fint likevel.

05 januar 2011

Bok nr. 1

I år skal eg ta meg tid til å lese fleire bøker.
Dette er årest første bok,
som sikkert mange har lese for lenge sidan.
Eg fekk den i julegåve, og har kosa meg med den sidan nyttår.
Den er på 480 sider, men er lettlest og underhaldande.
Interessant å lese om den spanske borgarkrigen.
Elles er eg einig i Solveig si bokmelding.