Viser innlegg med etiketten Hope House Babies Home. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hope House Babies Home. Vis alle innlegg

torsdag 25. november 2010

Julegavetips!

Her kjem eit aldri så lite julegavetips frå meg! Alle kjenner me nokon som har "alt", og som ikkje ønsker seg noko til jul... 

Kvifor ikkje gi ei gåve som kan gleda nokon? 

Det finns mange alternativ når det gjeld veldedige gåver, geiter, bestemødre osv osv. 
Eg laga mi eiga veldedige gåve. 
Sidan det ikkje vart ein haust på barneheimen i Nairobi, har eg samla inn litt penger. Så kan dei iallefall få litt støtte og hjelp, om det ikkje er hendene mine.  
Her ser de korta mine. 
Tre ulike fotografi av ungar på barneheimen.
Litt fakta inni, og eit utdrag frå ein tekst av Haldis Reigstad på baksida.
Det kostar ingenting å få dei tilsendt i posten, og de bestem sjølv kor mykje gåva skal vera på.

:)

Bare eit aldri så lite tips....

onsdag 6. oktober 2010

Eg har fått ein award, ein litt annleis award... 
Veronika med bloggen Fishermans Daughter har gitt med denne "cherry on top awarden, stas! :) 

Første oppgave i denne awarden er å visa fram favorittbilete sitt. Eg likar godt å ta bilete, men syns det er vanskelig å plukka ut ein favoritt.... Det heng saman med så mykje, syns eg. Eit godt bilete, eit godt minne, stemning osv. For tida tenkjer eg mykje tilbake eit år, og favorittbilete mitt er derfor eit bilete frå tida på på Hope House Babies Home i fjor haust. Bilete er av ein av dei herlige ungane "mine". Ein skjønnas, rett og slett. Storsjarmør. Ein flott gut. Utrulig hardt å reisa i frå alle ungane, og via at framtida deira er så uviss... Heldigvis vert mange av dei adopterte. Denne vesle guten vart og adoptert  utpå nyåret! :) 
Håpar han går ei fin framtid i møte... 



"Cherry on top"-awarden seier og at ein skal nemna 3 ting som litt hjerta nerme... Mykje ein kunne ha nevnt, men her er 3 ting som litt mitt hjerta nerme.

1. Hope House Babies Home
Barneheimen i Nairobi, Kenya, der eg var i fjor haust. Herlige små i alderen 0-3 år som har fått ein litt tøff start på livet. Her på Hope House Babies Home får dei omsorg og kjærlighet! For ein jobb dei gjere dei som arbeider der! :) For tida samlar eg inn penger til barneheimen. For å kunna driva barneheimen er dei avhengige av støtte utenfrå. Så om du har lyst til å støtta kan du ta kontakt med meg på e-mail. ssteinbru@hotmail.com

2. Håndarbeid
Ein sjølvsagt ting på denne lista.... :) Kva skulle eg vel gjort utan håndarbeid!? 

3. Foto
Eg likar godt å fotografera, og prøver heile tida å læra meg meir. Utrulig mange flotte fotobloggar til inspirasjon! Er nettopp ferdig med eit fotokurs, og håpar å få med meg fleire... 

Egentlig skal eg gi denne awarden vidare til 3 andre flotte bloggarar. Men, det er så vanskelig! Det er jo så mange flotte bloggar der ute, som verkeleg fortjener ein "cherry on top"-award. Så her har DU fått ein award! :) Du som følger bloggen min, som kommenterer innlegga mine, du som inspirerer meg med dine blogginnlegg, versegod, dette er ein velfortjent award! 

Takk alle bloggvenner! :)

søndag 13. juni 2010

Nye sko...

Ungane på barnaheimen fekk seg nye sko i haust.
Dei trong verkeleg å ha noko på føtene. 
Murgolv er ganske kaldt å springa berføtt på!

I dag har eg og fått meg nye sandalar. :)
Garnet eg kjøpte medan eg arbeidde på barnaheimen er blitt til varme, gode sandalar.




Eg håpar sjølvsagt på ein varm og flott sommar. 
Men, gledar meg t hausten då eg kan ta i bruk desse sandalane. 
:)

Oppskrift frå hookcandy.
Litt endringar måtte til for å få dei til å passa mine monsterføter,
men nå er dei blitt riktig fine, syns eg. 

tysdag 8. juni 2010

Afrika
Hausten 2009 var eg i Kenya/Tanzania. 
Flotte, gode minner...
På eit marked fann eg desse nøstene. Greidde jo ikkje å gå i frå dei.
Men, ka ska eg bruka dei til?
Forslag mottas med takk. :)
Garnet er ganske tjukt. Ull. 
4 nøster i herlige fargar. 
Sjal?
Hekla?
Hmm....


Kan ikkje nevna Afrikatida mi utan å visa eit lite glimt av ungane mine på
Hope House Babies Home
Ungane er nydelige.
Ikkje sant? 
Sårt sakna. 
Kanskje det blir ny tur til hausten. Det er i allefall lov å håpa.