Viser innlegg med etiketten skattar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skattar. Vis alle innlegg

måndag 15. august 2011

Guterommet formar seg...

...i dag har eg fått på plass det meste på rommet.
Nokre ting måtte vente til husbonden kom heim.
Eg orka ikkje å drive å skru opp diverse; rullgardin o.l.


Men skrivepulten er på plass!
Senga og kleskapet er på plass.


Her ser du ein del av rommet.
Skrivepulten, edderkoppbiletet og den gamle kontorstolen til pappa.

Han gler seg veldig til å site å teikne her!
Men det må bli i morgon.
No er det natt.

God natt!

♥klem Hanne♥


fredag 12. august 2011

Fridag frå måling

I dag har eg ikkje måla.
Det var godt med ein fridag.
Eg har vore til frisøren, kaffibar og shoppa litt.
Det har vore ein skikkeleg kosedag.


Ute i garasja står skrivepulten som småtroll 1 skal få på rommet sitt.
Ein sjarmerande liten kontorpult.
Den har eg byta til meg på jobb,
mot ein treningssykkel.




Eg skal ikkje gjere anna enn å vaske han.




Gler meg til å vise det endelege resultatet av rommet!
Skal måle siste strøk på veggane i morgon.



Denne veka har småtroll 2 knekt gåkoda.
No går ho konstant.
Ikkje noko problem å gå på singel når mor skal ta bilete i garasja ;)

God helg!!

♥klem Hanne♥

Related Posts with Thumbnails