Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hus. Vis alle innlegg

tysdag 16. november 2010

Ingen skikkeleg gang...

Då tyr ein til knaggar og knottar. Mellom to dører har eg beordra mannen i huset til å henge opp knottar. Kan sjølvsagt klare dette sjølv, men eg orka rett og slett ikkje. Så då sat eg og minstetrollet på ein stol og fortalde kvar knottane skulle vere. Han flira og humra medan han hang opp. Eg trur ikkje han forstod kvifor eg ikkje ville at alt skulle henge som asymmetri...det er ikkje alt ein kan forstå i denne verda! Men han fekk i alle fall hengt opp skyggelua si ;)


Då er det litt enklare å henge frå seg, for alle.


Hugsar du denne? Eg måla fyrste strøk for sikkert 2 mnd sidan, no er han ferdig. Desse kjøpte eg på Blomster og gåver i Fosnavåg i 2001, før eg flytta til Volda då eg skulle studere. Snart 10 å sidan gitt!



Resten av dagen skal nytast og med det; gjere minst mogleg!

♥klem♥


måndag 15. november 2010

Ingen blåmåndag

Vi starta måndagen med nyvaska golv, og det skal seiast at dei trengde verkeleg ein vask!! Når det er skite er det ekstra godt når det blir reint! Jippi!!


Ikkje alle i heimen merkar om golva er skitne eller reine, men godt nøgd either way ♥


Ludvik har teke inn i leikehuset! Likar han ikkje å bli teke bilete av? Hmmmm...


Ha ei fin veke!

♥klem♥

måndag 16. august 2010

JIPPI!!!!!


No har vi endeleg ein peikepinn på korleis huset vil bli sjåandes ut...til slutt ;P

Eg ER så fornøgd!

onsdag 4. august 2010

Endeleg!!


Snart ferdig!!


For to år sidan kjøpte vi huset der mannen min vaks opp, oppussinga starta sommaren 2008.
Då tok vi kjøkken, stue, vaskerom og entre.
Sommaren 2009 måla vi hus og bygde veranda.
Plutseleg var vi 8 veker på veg med nr. 2 og eg var utruleg dårleg,
difor vart resten av både måling og bygging utsett til i år...noko skit, men slik er livet!

Har vente på godt vêr og god hjelp til å starte.
Eg kan nemleg ikkje måle den attståande raude veggen før verandaen er bygd,
men no er det snart klart til å måle!!
JIPPI!!




Medan Gardemann (mannen min;) og Oskar bygde veranda
(og dei var lettare irriterte i dag, ikkje alt som er like beint på huset!),
plukka eg og nevøen min, Jonas, blåbær bak huset...store og gode! NAM!

Jonas naus biletet blei teke, slik høyrer med sola ;)

tysdag 27. juli 2010

Husmorspo**o ;)



Har vore ute og måla i nokre timar i dag.
Ete middag og borna søv.
No er det tid for litt husmorspo**o, rødvinssup,
nonstop og fersken før dei
frustrerte fruene kjem på skjermen.

Mannen i huset er på jakt!

Vil ikkje skrive po**o i bloggen min for då kan han dukke opp når folk googlar ordet...nei takk!


Related Posts with Thumbnails