Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

torsdag 22. september 2011

Periodefamilie!

Er din familie ein periodefamilie?
Det er min.




Vi har ein periode der vi lagar og drikk smoothie.
Ein periode der vi et mykje steikt egg på skiva til kvelds.






Ein periode der vi et mykje avokado og skinke.
 No har avokado og skinke hatt ei pause, men er tilbake for fullt!
Grunnen til at den pausa kom, var fordi dei fleste avokadoane som eg kjøpte var stygge!




Eg elskar når dei ser slik ut!
Eg blir så lukkeleg!
Har du prøvd dette på skiva?
Dersom du ikkje har prøvd det, så må du berre prøve det ein gong!
Småtrolla her i huset elskar det.
Og i ein avokado er der mykje godt feitt :)


I dag måtte eg hente småtroll 2 i barnehagen.
Ho hadde spydd.
No søv ho, og eg skal til å ete skive med avokado og skinke + o'boy.
Til dessert blir det ein kom te med ein sjokoladeknekk.

Korleis har du og dine det i dag?


Klem Hanne

fredag 10. juni 2011

Fredagsro

Eg synest fredagar har ei eiga ro.
Lite skjer fredagar,
sjeldan selskap eller anna.
Dei fleste er heime og kosar seg.


Her i huset er det pizza kvar fredag.




Medan vi venta på pizzaen har eg sett på kva vi skal bestille til utreisa...Hellas!! i sommar.



Småtroll 1 har arbeida hardt.
Småtroll 2 søv.


God helg alle saman!

Takk for kjekke kommentarar på innlegget under.
Eg fekk trene.
Kvelden etter innlegget var skrive ;)

♥klem Hanne♥

onsdag 4. mai 2011

Måling og middag

Veggane i kjellaren blir lysare og lysare,
men det går sakte.
Sniglande.

Prøvde ei ny middagsoppskrift i går,
kyllinggryte med kikerter.
Den var nydeleg, rask, enkel og sunn.
Du finn oppskrifta her.

Elles nyt vi våren,
sjølv om mai har kome med den iskalde nordavinden, som vanleg.

Legg ved eit bilete som osar sommar!


I dag er eg heime med småtroll 2 som er febersjuk.
Vi skal berre late og kose oss.

♥klem Hanne♥

tysdag 12. april 2011

Blåbærsmoothie...

...til å kurere spysjuka?

Eit ♥ kan sikkert hjelpe.





Eg håper du er frisk og rask.
Det satsar eg på til i morgon.

♥klem♥


torsdag 7. april 2011

Lågt blodsukker

Arbeidsdagen er over.
Både for dei små i barnehagen eller i skulen,
og dei vaksne på arbeidsplassen.
Vi kjem heim med lågt blodsukker,
og det er enno ei god stund til middag er ferdig.

Du har sikkert hørt dette tusen gongar før,
men her kjem det.
Skjer opp frukt og/eller grønsaker slik at både små og store,
som ikkje har meir tolmod,
kan få energi=kjærleik ved å få opp blodsukkeret.
I staden for at du surar og rører i pannene,
medan dei små grin og slåss rundt beina på deg.

Eg prøvar å få til dette,
men det blir ikkje kvar dag.
I to dagar har eg hatt barnehagetilpassing med småtroll 2.
Ho har hatt kortare dagar, noko som resulterte i at eg var heime litt tidlegare enn vanleg.
I dag har eg kutta opp eple og gulrot.
Eg tok tida,
det tok 2 min!!


Rosa skål til småtroll 1, alt skal vere rosa!!
Blå skål til småtroll 2, ho bryr deg ikkje om farge. Enn så lenge.



Ludvik har vorte kjend med seg sjølv på nytt,
og trivast med det.
Småtroll 2 synst fortsatt det er stas med den nye frisyra,
og er i nærleiken av han så ofte ho kan.



Over ser du "Da e Timmy tid!!"
Og småtroll 1 trur at Timmy heiter Timmy tid,
samme som han trur Mikke Mus heiter Mikke Mus klubbhus.
Nei, han ser ikkje TV. Neida.

Ha ein fin torsdag alle saman!

♥klem♥

laurdag 26. februar 2011

Epletårn!

Dette biletet tikka inn på telefonen min i dag.
Eg syntes det var så søtt at eg spurte systra mi om løyve til å dele tipset!





Eit tips til godt pålegg: avokado og skinke!
Avokado har ikkje mykje smak og kan vere god erstatning for smør eller majones.
Småtrolla her i huset likar det godt!
Mykje godt feitt, og så skal ein visst få fin glans i håret ;)
Saman med eit glas o'boy.
Så må eg vise eit lite klipp av den klomsete meg:



Nyvaska golv og avokadoskal feil veg.
Typisk meg!



Eg må også meddele at eg har blitt tante!
Ei lita prinsesse
Denne hortensiaen var til dei nybakte foreldra.



♥bokstavar med eple til deg frå meg

Ha ein fin laurdagskveld!

♥klem♥

søndag 13. februar 2011

Sol i gåve

Morsdagen er over og eg meinar at eg fekk sol i gåve.
I tillegg til eit fantastisk søtt kort frå småtroll 1, som han har
farga i barnehagen ♥

Kan eg be om meir?


Å få sol i gåve vil seie at sola endeleg har kome høgt nok på himlen til å nå hagen vår!



Jippi!



No kan vi bade i sol og snart bade i havet!



Vi laga tacosuppe til middag.
Og eg hadde god hjelp.
La barna hjelpe til å lage mat.
Her i huset skjer småtroll 1 diverse grønsaker med smørekniv.
Til og med avokadoen hadde han delt i to!

"Adotado!!!"
Høyrde eg.
Med gledesstemme.
Slik fistelstemme.
Som går oppover i tonefall.
*ler*

Han var veldig glad for å ha fått skjert den i to ♥



Har du hatt sol på morsdagen?
Kva har du ete til middag?

Ha ein fin søndagskveld

♥klem♥

torsdag 10. februar 2011

Pizzaelskarar...

Både husbonden og eg er det, pizzaelskarar.
Dersom eg måtte velje ein middag for resten av livet,
hadde det sikkert vore pizza.

Her ein kveld for eit år sidan, sånn ca,
hadde eg så lyst på noko.
Du veit det noko du har lyst på, men aldri kjem fram til kva det noko er.
Og til slutt er du kvalm for du har ete alt.
Og ingenting av alt var det noko?
Du veit det noko?

Den kvelden hadde eg ein kyllingfilet og litt baconreastar i kjøleskapet.
Eg laga ein minipizzabotn.
Smørte han med tomatpurè og tacosaus.
Ost.
Lauk.
Kvitlauk (VIKTIG!).
Paprika.
Kyllingfilet.
Bacon.
Tomat.
Pepperskinke.
Og oregano på toppen.

Ein litt reste- og det du har i kjøleskapetpizza.
Det vart ein slik slager at denne lagar vi ofte!


Ein rest her....


...og ein rest der.


*NAM* seier pizzaelskarane!

Dersom du har nokre råvarerestar, ta vare på dei og sjå kva for ein pizza du kan lage.
No fekk eg jammen lyst på denne,
men skal ete litt havrefras og lese eit kappitel i "Foreldre og fagfolk".
Det skal vere forskjel på kvardag og helg!

Etter lesinga skal eg drøyme meg vekk i Mr.Salvatore brødrene ♥
Ja, eg er akkurat som ein 14-åring.

God kveld!

♥klem♥

onsdag 9. februar 2011

Smoothierestar = is!

Det vart soothie på meg i kveld.
Berre på grunn av at småtroll 1 fann dei tomme
isbegera i skuffa og sa: "Vil ha sånn".
"Men den er tom", sa eg.
"Mmmhm...", og skuffa blei lukka.

Etter dei to små hadde sovna,
laga eg meg smoothie.
Restane, og det skal ikkje mykje til,
brukte eg til is!


Eg trur nok han blir glad for dessert etter middag i morgon! JIPPI!

Smoothie er friskt og kan vere sunt ;)

Dette er oppskrifta vi brukar oftast,
men alt kan hivast i!

frosne jordbær og skogsbær
banan
vanilje yogurt
eple juice

Forholdet er litt så som så,
men eg puttar alltid bæra i fyrst og har eple juice
opp til toppen av bæra.

Har du ei god oppskrift å dele med meg?

Ha ein fin kveld vidare.

♥klem♥

onsdag 24. november 2010

Det evige spørsmålet; Kva skal vi ha til middag?

Eg blir gretten når eg ikkje har planlagt middag.
Eg blir gretten fordi då må eg tenkje der og då.
Eg blir grette fordi eg har mest sannsynleg ikkje det eg treng for å lage det eg vil.
Eg blir gretten fordi eg ventar altfor lenge med å tenke og då blir eg svolten.
Eg blir gretten fordi når eg blir svolten får eg så lavt blodsukker.
Eg blir gretten fordi når blodsukkeret er lavt har eg ingen reserver å gå på.
Eg blir gretten som småtroll 1 i ein alder av 2-3 år.

Det er ikkje eit vakkert syn.
Det er ikkje ein vakker lyd.

Ein gong sa husbonden til meg; "Du bør ikkje bli så svolten nokon gong" *ler*

Eg blir gretten når eg ikkje har planlagt middag i morgon.
Eg blir gretten når eg tenkjer på kva eg skal ha til middag i morgon medan eg et middag i dag.
Eg blir gretten av å ikkje ha middag.

Men,

Eg blir glad av å ha planlagt middag.
Eg blir glad av å ha planlagt middag i ei veke framover i tid.
Eg blir glad av å ha handla til minndag ei veke framover i tid.
Eg blir glad av god middag.
Eg blir glad av middag som er enkelt å lage.
Eg blir glad og seier "MMMMMMMMMM godt" når eg et.
Eg blir glad når småtroll 2 òg seier "MMMMMMMMMMMMMM dot" når han et.

Det er eit flott syn.
Det er ein flott lyd.

I denne anledning tenkte eg å setje opp ei liste med våre middagar, for dei går i syklus.

Karbonade m/lauk.
Adobo.
Pytt i panne.
Ball.
Pizza.
Cheesburger m/potetbåtar.
Steik av ein sort.
Brendsnut.
Ostepanettar og rå grønsaker m/dipp.
Biffsnadder.
Steikt laks krydra m/kvitlauk og dill + creme fraice/sennepssaus.
Pannekake og bacon.
Fiskebollar.
Heil kylling m/ris og sursøt chilisaus.
Taco.
Kyllingfilet m/fløytesaus inkl. sopp og paprika.
Prinsefisk.
Graut.
Spaghetti.
Chili con carne.
Svinekotelettar.
Fiskegrateng.
Seibiff.
Paella.
Lasagne.
Skinkegrateng.
Cubano.
Kjøtbollar i brun saus.

No skreiv eg direkte frå kalendaren vår.
Slik heimelaga kalendar frå fotoknudsen med store ruter på datoane for å ha plass å skrive t.d. middagar.

Del dine middagstips med meg!!

Skriv ein kommentar til dette innlegget.
Vel anonym så skriv du namnet ditt under; som Mette syskenbarn eller Kristin frå Haugesund *ler*!!

I dag skulle vi ha prinsefisk, men pga begge småtrolla er heime blir det litt flytting på middagane.
Så då tek vi graut i dag og prinsefisk ein annan dag.

Kva skal du ete i dag?

♥klem♥


Heimelaga cheesburger m/potetbåtar *namnam*


fredag 22. oktober 2010

God søndags- eller kvardagsmiddag


Laks med salt, pepar, dill og kvitløk.
 Ei boks creme fraiche med to ts dijon sennep.
Dampa brokkoli.

Du steiker laksen. Når den er ferdig, legg du han på asjetten og hiv blandinga med creme fraiche i panna for å få litt varme.

Server med kokte poteter og gullerøtter og/eller ferskt brød.

Nydeleg!!

Dette er ein enkel, rask og god middag. Flott å servere på ein søndag og rask til å lage på ein kvardag etter jobb ;)

Bon appetit!

God helg!

♥klem♥



måndag 18. oktober 2010

Middagstips

Dette middagstipset fikk eg frå systra mi og det vart ein slager frå fyrste bit! Difor vil eg dele han med deg! Enkelt, sunt og godt! Kan vi ønske meir? ;)

Prior ostepanettar; steikast og skerast i lange bitar.
Desse brukar du BBQdipp til (Heniz NAM!)

Grønsaker av ynskje og rømmedipp til.
Vi brukar paprika, brokkoli, gullerot, agurk og mais.



Inge åt i 40 minutt fyrste gongen, heilt sant!



Bon appetit!


NAM!!

Ha ei fin veke!

♥klem♥

tysdag 12. oktober 2010

Bake kake(brød) søte...

Inge elskar å bake. Som nemt tidlegare prøvde vi oss på brødbaking sist veke. Vi klarde oss bra!
Det er mykje å halde styr på når ein skal bake, men heldige meg; god hjelpar i Ingemann. ♥

Måle opp.


Smake.


Kna.


Vaske. Når Inge vaskar, vaskar han litt, men overalt!



Så litt kos på kjøkkenbenken etterpå. Det er alltid kjekt å sitje oppå benken. Det elska eg då eg var lita(igrunnen no òg) og Inge elskar det no!


Brøda smakte fortreffandes! Dette skal vi gjere fleire gongar ;)

No er det *NEEEEEEEEEEEEEEEEEI! Såg akkurat på klokka og innsåg at eg har gløymt One tree hill!!* resten av One tree hill og Greys!! *stress*ler*

Ha ein fin kveld!

♥klem♥


måndag 16. august 2010

Små gleder



Eg blir så glad når eg skjer i avokadoen og han er perfekt!

NAM!

Eit lite tips; legg steinen saman med avokadoen,
då blir han ikkje brun og stygg :D

Related Posts with Thumbnails