Viser innlegg med etiketten Loppemarknad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loppemarknad. Vis alle innlegg

onsdag 6. oktober 2010

NIB si utfordring - "Lopper i blodet"

Det er jammen vanskeleg å velje ut ein favoritt! Denne har eg vist på bloggen tidlegare, men er ein av favorittane, både til dei som går på to og dei som går på fire.

Her ser du benken vår. Den var laga som seng til far min, og var då utan sprinkler. Så tok onkelen min senga og sette på sprinkler, så der har tre av syskenborna mine sove i. Då han rydda hus var det ingen som ville ha senga så mor mi tenkte at eg ville sikkert ha ho, det som ingen andre vil ha vil som regel eg ha ;) No har eg teke vekk sprinklene på eine sida, måla benken bondebrun med svart tavlemåling på eine sida ♥


Her ser du adventskalendaren i 2008 ;)


Dette er ein av mine topp lopper!

Klem!


måndag 4. oktober 2010

Yndig dokkeseng!

No er dokkesenga ferdig måla, pussa og fått koselege detaljar. Skal berre sy madrass, dyne og pute, så er ho ferdig til å seljast!



Er den ikkje søt?? ♥

Ha ei fin veke! Og god haustferie for dei som har det!

Klem


onsdag 8. september 2010

Ny kåpe på sminkebordet!

Oppskrift:

Eitt gamalt sjarmerande, men slitt sminkebord.
Nokre målarkostar.
Litt pussepapir.
Raudsprit.
Filler.
Grunning.
Måling etter ynskje,
i mitt tilfelle;
Litt raudmåling.
Gamalrosa ♥


1. Vask med raudsprit og puss lett med eit fint pussepapir.



2. Eit strøk grunning.



3. Litt knallraudt her og der.



4. To strøk med gamalrosa!

Har berre måla eit strøk til no. Håpar på å måle andre strøk i morgong!! JIPPI!! Gler meg som eit born til å pusse det slitt og sjå resultatet! Sminkebordet er til sals ;)

Du skal få sjå resultatet i helga!
Kanskje det då endar på den planlagde nettbutikken min på epla.no ;)

Ha ein fin kveld, det har eg planar om!

Klem

NB. Dersom du er lat, som meg, må du hugse å skrape eventuelle speglar og vindauge på møblane!

laurdag 28. august 2010

Poppis med loppis

WOHO! For ei fengjande overskrift ;)
Men det er sant, det er poppis med loppis.
Denne gongen i Volda.
Alle studentane var på plass for å få stolar, bord, sofa o.l. til hybelen.
Alle andre var òg til stades ;)

Eg fann nokre skattar!


Ein god, gamal koffert!


Ei kasse til diverse som skal stå ute.

Og tre trestolar som skal pussast opp og ned ;)
Ellers var det kjekt å handle for pengane gjekk til ei god sak, Røde Kors.

No er det berre litt kos...



...med tott og køyre bil inne, før senga.
Ingemann blei oppeten av mygg då han var ute og leika, fusj! 

NB.
Vi har sove heile natta!
Berre opp for å få litt mat i ny og ne ;)



laurdag 21. august 2010

Ein koseleg, men vindfull dag


Det var ein flott dag i Gjerdsvika.
Litt sol, litt skyer, litt regn, men MYKJE vind.
Tross dette var det folk- og morosamt!

Resirkuline var på plass! Både sydde og selde.
Det var utan tvil den koslegaste standen!



Her ser du to kjolar, ein til barn og ein til vaksen.
Kjolane til vaksne er så flotte!! Eg vil tru dei passar til nesten alle kroppar ;)
Og utruleg behagelege.
På biletet underst ser du standen til Resirkuline ;)
Hege har på seg ein samen kjole som heng i skapet, berre i andre fargar.
Biletet øvst er skapet. Legg merke til det søte hjartet som var der.
Eg la ikkje merke til det sjølv før eg måla innsida kvit! SUKK!



Uro med nydelege soppar!


   Søt kåpe til jente. Sjå tyllprinsessekanten ;)




Desse fantastiske glaskunstane står Caroline Kvalen for.
Nydelege detaljar på glas, superkoseleg!!


Sjå soppane!


Flotte vasar med hjarte og sommarfuglar.


Kvit bakalau med tomatsalsa NAM!

eller...


...pølse i brød ;)


Ein nøgd kunde!

Ha ein flott laurdagskveld!

Matitime dagar i Gjerdsvika

Denne helga er det mykje som skjer på Sunnmøre.
Jugendivalen i Ålesund, Trebåtfestivalen i Ulsteinvik og
sist men ikkje minst Maritime dagar i Gjerdsvika.

Kl. 12:00 åpna dei dørene til loppemarknaden i Gjerdsvika.
Då står eg klar, sikkert saman med mange andre,
til å finne skattar som skal bli mine!
Spanande!!

Naustgata med mat, kunst og handverk åpnar også kl 12:00.
Der er mykje å sjå og kjøpe!

Hege Sørdal, AKA Resirkuline, har plass i Naustgata.
Der sel ho vesker, søte hjarte, og kle til både born og vaksne.
Eg har fått lov av henne å ha eit skap som eg har pussa opp, i
shabby chic-godt slitt-fransk landstil-stil ;),
ståande på plassen hennar.
Der heng kleda ho har laga i, ganske så koseleg.

Skapet er til sals.


Her ser du ein snikkik av skapet.
Eg skal ta med fotoapparat og ta bilete i dag.
Du får sjå seinare :)

Ha ein fin laurdag!

Related Posts with Thumbnails