Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

fredag 23. desember 2011

23. desember...

...treet er bretta ut og pynta.
No skal vi slappe av og nyte kvelden.



Kos deg i kveld!




Spanande med juletrepynt!

-Hanne-


søndag 18. desember 2011

4. søndag i advent og 0 blogglyst

I desember har eg ikkje hatt lyst til å blogge.
Lyst, ork.
Same s**t.




Men i dag då vi kom heim stod der ei stjerne ved døra!
Denne stjerna gjorde at eg fekk lyst å blogge litt!




Ei venninne har laga den til meg til jul!
Er den ikkje flott?
Dette er slike ting eg alltid har lyst å gjere,
men aldri kjem meg i gong med...




Så no har vi ei stjerne i kvart vindauge ;)
Tusen takk, Soll!

God søndag!

-Hanne-




søndag 11. desember 2011

Julemenn i boks!

Det er ikkje mykje eg bakar til jul.
I år er fyrste året vi bakar julemenn her i huset!




Skulle igrunnen bake saman med småtroll 1...og kanskje småtroll 2.
Men småtroll 1 har overnatta med bestemor (pappa si mamma, som han seier).
Det resulterte i at eg baka dei då småtroll 2 sov.

Meir effektivt.
Ikkje så koseleg,
men roleg.
Ingen skjenning.
Lite eting.




Mindre roting,
men kveitemjøl havna i ansiktet uansett.
Korleis går det seg til??




Eg halverte deiga.
Orka ikkje så mykje.
Dei er ikkje storetarar heller,
men om nokre år blir det nok andre bollar.




Desse kjekke boksane kjøpte eg på Clas Ohlson.
Eg likar både fargane og trykka.


Desember er snart halvvegs.
Før vi veit ordet av det er vi 2012!

Kva har du i boks?

-Hanne-


søndag 27. november 2011

1. advent



Kos.




Mørke og ruskevêr.




Lyst og koseleg inne!

-Hanne-


søndag 26. desember 2010

Alle mager gleda seg

Vi ser fram til jul.
Men best er det når julekvelden er over.
Då kan vi verkeleg slappe av! ♥

Middagen smakte nydeleg!


Småtroll 1 var stolt av å drikke av glas med stett.



Landsbyen har fått englekor!



Med mykje god hjelp på kjøkkenet er det berre å stikke av!
Takk

Hadde du det fint julekvelden?

♥klem♥


torsdag 23. desember 2010

Klar...

Klar for kos!

No er rabben kutta opp, potetene skrella og pinnekjøtet lagt i vatn.
Med god hjelp av mor!
For vi skal få fullt hus i morgon og med trollmannen ute,
er det godt at mor kjem å hjelper til når to småtroll skal i seng og ting skal førebuast.

Fugleneket har komt opp.
Julestrømpa er "fylt".

Borna søv.
Eg er ferdig.
Skal kose meg litt før eg tek natt.


Her ser du nokre bilete frå vår juleklare heim!



Denne julekrybba elskar eg! Kjøpte den hjå Bella Blå i fjor.



Juletreet er ferdig pynta.



Søt julepynt kjøpt i Minneapolis i fjor haust!



Soppen er også kjøpt i Minneapolis.



Desse skjønne kulene har vi fått av ei venninne av meg.
Ho har laga dei.
Småtroll 1 og Ludvik har også kvar si.
Så trur eg småtroll 2 og Elle har ei kvar under treet i år ♥



"Dei henge, mamma", sa småtroll 1 då eg laga middag i går.
Då hadde han starta å pynte treet.
Du ser dei.
Dei heng.
På rekkje og rad! ♥



Desse nydelege julestrømpene har eg kjøpt av Hege.
Ei med rosa og ei med blå innside.
Småtroll 1 si strømpe har fått litt snop i ♥



Eg håper du er klar til morgondagen.

Sov godt!

♥klem♥

onsdag 22. desember 2010

Vil det falske treet overleve jula?

Denne planta overlevde bekkenløysinga, dvs ingen vatning på vekesvis.

Slik såg ho ut i sommar


Slik ser den ut no



Slik såg den også ut i fjor vinter,
då tenkjer eg at det kan vere verdt å vente å sjå?



Kven veit?
Du får sjå mot våren.




Her er småtroll 1 som leikar kaptein Sabeltann i "båten" sin.
Han måtte også få klemme i håret,
når småtroll 2 hadde fått ♥

Hiiiiiiiiiv og hoi!

Så er det då om det falske juletreet kjem til å overleve jula?
Eg har sett det opp no,
og Ludvik har alle reie vore midt i treet!
Han skal nok få kose seg den neste veka.
Eg skal nok få skjenne!

Julefred... ♥

♥klem♥


søndag 19. desember 2010

Up and about!

Då var vi endeleg kvitt influensa *bank i bordet*
Denne helga har eg og småtroll 1 baka pepperkaker og pepperkakehus!
Pepperkakehuset laga eg ein ca-mal til, så baka vi.
Eg har lært litt til neste år.
Eg skal for eksempel ikkje ha ein på 2 og eit halvt ved siden av meg,
medan ei på 8 mnd sit på golvet,
medan trollmannen er ute,
medan vi bakar.

Og vi skal sjekke malen før vi bakar ;)
Huset står, så vidt, og er for så vidt koseleg.
Med litt manglar her og der.

Eit tips eg fekk frå ein blogg var å pynte huset før du set det saman.
Funka bra det!



Så sette eg det saman, og det var då eg såg feila.

Pytt, pytt!



Eg har også laga dadlar fylte med marsipan, dyppa i sjokolade.
Ganske søtt! Men godt til te og kaffe



Småtroll 1 fekk kino i adventskalendaren i dag.
Vi skulle sjå Elias.
Han holdt avisutklippet i handa heile morgonen



No har vi nett kome frå kinoen og det var suksess!

Håper du får ei fin veke, og er snart "klar" (kva no det må bety) til jul

♥klem♥


søndag 12. desember 2010

Luke 12

I dag var det grilling av pølser i hagen som var i kalendaren.
Begge småtrolla storkosa seg.
Det gjorde trollfar og trollmor òg,
sjølv om vi er litt småsjuke.

No er alle fri frå bållukt og klar for å ta natta!



*knitreknitre*


To småtroll og to store ♥ i røyken ;)



Småtroll 1 passar på at småtroll 2 er nøgd!
Nokon må gjere det!



Bålkos i hagen...ja, eg ser den skeive rastebenken og det irriterar meg, men slik er det no ein gong!



Småfuglane fekk også påfyll.

Håper du er klar for ei ny veke!

God natt

♥klem♥

tysdag 7. desember 2010

NIB si utfordring; Jul i vårt hus

Jaja, har ikkje blitt mykje jul her i huset enno. Og då går eg heime på mammaperm!
Det har blitt litt jul, men eg legg ved eit bilete frå i fjor.

Desse flotte julekulene fann eg på ein bruktbutikk i Oslo.
Nydelege!
Så flotte faktisk at dei får ikkje henge på treet.
Med to kattar og to småtroll i hus er det tryggast for dei i vindauget.

God jul ♥


♥klem♥




tysdag 30. november 2010

Adventskalendar for fyrste gong

For fyrste gong skal no småtroll 2 få adventskalendar. Eg har gjort det enkelt. Kjøpte denne flotte boksa på Nille:


Så legg eg ein pakke i kvar dag. I fyrste "luke" får han eit flott forkle, sydd av Hege. Eg trur han blir kjempeglad og utruleg stolt når vi skal bake neste gong ♥



Eg ser fleire fordelar ved å ha denne type kalendar:

1. Ein må ikkje pakke inn mange småpakkar, dilldall....
2. Ein må ikkje tenke ut alt på ein gong.
3. Eg fekk ei god unnskuldning til å kjøpe ei slik flott boks.
4. Ja, nei, berre kjekt ;)

Har dine born adventskalendar? Kva type?

Her skal det vere ein del aktivitetar, aktivitetar som vi skulle gjere i utgangspunktet og aktivitetar som vi ynskjer å gjere. Vi har som mål å skvise inn; bading, bake bollar, muffins og aniskringler, gå på kino (ja, vi må sikkert gå før filmen er ferdig, men vi skal prøve;), grille pølser ute til middag, klippe...ja, det var vel det vi har tenkt ut så langt. Har du tips til meg? Småtroll 2 er 2,5 år.

God kveld!

No skal eg sjå One Tree Hill som eg har tatt opp ♥

♥klem♥


søndag 28. november 2010

1. advent


Lysa i adventstaken var på plass i går, men...


ikkje tende før i kveld



Kveldskos og snart leggetid.

Håper du har hatt ei flott helg og er klar til ei ny veke.

♥klem♥


laurdag 27. november 2010

Ventetid...

Då er ventetida komen!
Eg har vore ein tur til Fosnavåg i dag og kjøpte meg ei nydeleg adventsstjerne ♥


Må smile når eg ser på ho!



God helg alle saman!

♥klem♥

Related Posts with Thumbnails