Guterommet er godt i bruk og småtroll 1 kosar seg her.
Skrivepult, her er det klart til å teikne og skrive.
Og telje.
Fargerike oppbevaringsboksar frå ikea.
Flotte plakat og skrivepult, begge har eg fått frå arbeidsplassen min!
Den søte kontorstolen hadde mannen min, og/eller brødrene hans då dei vaks opp.
Kleskåpet har eg arva av besteforeldra til ei venninne.
Måla det blått og skifta knaggar på.
Akkurat passe høgt til at småtroll 1 kan få tak i alle kleda sine sjølv...
ikkje at det skjer kvar dag, men ;)
Boklageret held til oppå skåpet no.
Skal nok få ordne ei bokhylle.
Dinosaur mot sau.
Senga er ei skuveseng som eg har måla...måla òg på sauane som hoppar over porten.
Ein liten søt detalj.
Han har fått sin eigen biletvegg over sengegavlen.
Det har vorte så lyst og hærleg!!
Her ser du småtroll 1.
Inne i filmverden.
Skal snart legge seg.
Han har vore til frisøren i dag.
No har eg haustferie.
Eg skal kose meg heime.
Ikkje berre late meg, men styre litt.
Lage til litt haust ute.
Måle gangen inne (endeleg håpar eg alt det trekvite forsvinn).
Har du og/eller dine haustferie?
God laurdagskveld til deg.
Klem Hanne