Ok, dette er første gong eg har teke med meg bytte og vist det fram til folka mine. Eg har sjølvsagt fanga og drepe mus før, men dette er første gong eg tok det med inn døra mi. Dei fekk seg ei aldri så lita overrasking. Og dei kasta musa ut. Kvifor det liksom, kan ikkje musa og få vera inne???
Viser innlegg med etiketten Gustav. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gustav. Vis alle innlegg
fredag 7. oktober 2011
Sjå kva eg har drepe!!!!
Ok, dette er første gong eg har teke med meg bytte og vist det fram til folka mine. Eg har sjølvsagt fanga og drepe mus før, men dette er første gong eg tok det med inn døra mi. Dei fekk seg ei aldri så lita overrasking. Og dei kasta musa ut. Kvifor det liksom, kan ikkje musa og få vera inne???
søndag 18. september 2011
Eg søv i spelkassa
Endeleg kjem eit innlegg frå husets sjef, Gustav Mahler. Eg vil helst vera med på det folka mine gjer. Så når dei speler Rummy, ligg eg i eska til brikkene. Når eg er ferdig med å slikke Asbjørn på halsen då. Også gjorde eg noko anna som dei synest var morosamt i dag. I vinduskarmen mot garasjen der eg ofte plar liggja, skal dei alltid ha ein dum bamse, og no fann eg ut at eg skulle flytte han litt. Så då bar eg han med tennene mine til ein betre egna stad, i sofaen. De får ha ein god sundag :)
søndag 3. juli 2011
Gustav
Ja no er det lenge sida eg har fått være med på bloggen. Så no kjem nokre bilete og ein video av meg. Eg lik veldig godt å vera ute, og nokre gonger er eg på tilhengaren og når det regner vert eg frykteleg blaut. Og eg må vaske meg og vaske meg. Når eg kjem inn då, vil eg anten vera i teppet mellom beina til Asbjørn eller på tårnet mitt.
tirsdag 14. juni 2011
Er det ver til å gå ut no?
Var det her de spelte?
mandag 6. juni 2011
Favorittleika mi!
onsdag 1. juni 2011
Drukna katt???
No syntest Gustav det var på tide at han fekk seg eit innlegg her snart. Han lik ikkje at eg berre bloggar om plantane og buskane som blømer. Han vil og vera med. jada pus eg ser deg. No er det eit fælandes ver av regn og vind. Tøffing som han er skal han sjølvsagt ut og inspisere. Og då han kom inn att, ja sjå sjølv. Det er vel her utrykket om å vere våt som ein "drukna katt" kjem inn.
mandag 23. mai 2011
No er terrassen ferdig!!
lørdag 21. mai 2011
Gustav har fått eiga dør :)
Ja no kan han koma og gå som han vil, eller som vi vil. Me har heldigvis anledning til å stille inn slik at han ikkje kjem ut, berre ut eller berre inn. Og det beste me slepp å sitja å fryse i stova med døra ope. Ergo, me sparer masse strøm. Me har juksa litt i byrjinga og teipa opp plastglasdøre så han skal skjøna korleis døra fungerer. Men etter eit par dager kan me nok ta ned denne teipinga. Han er ein smart pus, Gustav Sofus, han kjem når me bjeller med halsbåndet, og når det er på så løper han mot døra og vil ut. Fine pusen.
onsdag 18. mai 2011
Kongedagar i københavn
No er eg nett komen heim frå København. Ein utruleg kjekke tur, med tivoli og bytur. Gustav var på feriekoloni hjå svigermor på Sotra. Han koste seg bra der. Og me kjøpte ein sprettball til han og den er ein vinnar! I tivoliet var det så reint og triveleg. flotte blomar. Og det kjekke når me kom heim så blømer hekken såvidt, medan fleire blomar har tatt seg opp. Like før rododendronene blømer og no. Hagen har iallefall fått vatn medan me har vore vekke :) trur ikkje det har vore så varmt.
søndag 8. mai 2011
torsdag 5. mai 2011
Ein liten skog av tulipaner og litt meir
Ja no er tulipanane fine. Dei blanda tok eg oppatt i fjor sommar å planta ned att i haust. Så flott med ein slik skog synest eg. Og peonen veks, gler meg til blomar. Eg har og kjøpt ein gul ein og den har eg satt i det vesle bedet. Og den flotte blå blomen har kome så flott no. Ei utruleg kjekke tid me har framføre oss no. Og til slutt må Gustav ha eit par portrett. Han er jo solskinnet våres.
søndag 1. mai 2011
Gustav hjelper til i bedet
Ja på biletet berre slapper han av i skyggen. Å vera svart langhåra pus i varmen er ikkje greit. Det er så flott å ha han her att. Han har hoppa og gøymt seg i bedet. Eg har kjøpt ein del nye stauder. Bedet er så stort så det skal til ein del for at det skal sjå bra ut. Men eg er ikkje heilt ferdig. Når denne varmen kjem vert eg heilt slått ut. Men bilete kjem når eg har fått fleire planter i jorda. Også har eg kjøpt inn til eit murplanteeksperiment - rapport kjem.
fredag 29. april 2011
No har eg fått meg halsband
Ja no er det eg, Gustav Sofus Mahler som prater. Ah, så deileg det var å koma heim!! Etter 5 veker vekke frå heimen min i sæbøløkjen var det så kjekt. Eg kom frå nokon framifrå snille menneske i Haugesund som hadde tatt så godt vare på meg. Men no er eg heime. Og folka mine har kjøpt halsband til meg og er veldig oppmerksom på meg når eg er ute no. For eg ville så gjerne ut, og det er jo så fint ver. Dette nye blå halsbandet er ikkje så mjukt som det eg vart vand me å nytta i Haugesund. Ofte må eg klø meg der som bandet er. Jaja det vert vel betre etterkvart. Neste innlegg vert nok om planter, eg trur folka mine har tenkt å halda på litt både i bed og krukker i helga. God helg alle der ute.
torsdag 28. april 2011
Ah, så herleg å ha Gustav tilbake!!
Ja no er me glade!!! Gystav er i hus att. Jippi!! Åh, som me har sakna han. Han har vore vekke i 5 veker. Og han har vore langt vekke, i kveld har me vore i Haugesund og henta han. Ah, for nokon kjekke menneske som hadde passa på han. Gustav er jo både kastrert og "chippa" så då vart han funnen. Men dei har verkeleg hatt litt av ei detektivhistorie og finne ut av. For chippen som han var merka me fungerte ikkje slik han skulle. Dei fant oss til slutt og det er bra. No er me berre glade. Gustav Sofus held på å finna seg til rette att i den gamle heimen sin. Ja no har han fått enda eit namn. Dei kjekke menneska i Haugesund kalla han Sofus, så da får han heite Gustav Sofus. Ah, no kan drømmen min om å halda på i hagen saman med Gustav gå i oppfyllelse. Dette er ei solskinnshistorie med stor S. Tusen takk for at det finst så flotte menneske i verda.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)