Viser innlegg med etiketten Årstider. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Årstider. Vis alle innlegg

mandag 11. november 2013

NOVEMBER.....

........med lange mørke kveldar, og denne helga kom første snøen.


Ein koseleg heklekveld Fredag.
Primulateppe hekla ho som var på besøk og eg tok fram ein løpar som eg aldri har vore heilt fornøgd med. Det som skulle til var ein omgang med fastmasker til kant.
Skal vise den snart.


2. Søndag i November feirar vi farsdag med kake.
I utgangspunktet var både botnen og trekket på denne kaka misslykka : D
Men med litt triksing vart den ......ja. om eg skal sei det sjølv.....smakfull.
Fylt med rørt syte av rips og banan og eit lag med vaniljekrem.


Ein Riddarspore og Sedum viser litt farge i hagen fortsatt.
Har kjøpt enda meir løk. Dei planta eg i potter som skal stå i garsja gjennom vinteren.


Renska vekk erteblomane som slynga seg oppover i klatrestativa eg laga av kvistar i vår.
Hengde opp epler og mat til fuglane i staden for. 


Til slutt i dag lagde eg ein krans av bjørkekvistar som får henge på lykta ved inngangen.
Tok litt bær frå hekken å pynta den med.
Det bles så kraftig i dag at fleire av krukkene som stod ved inngangen måtte i ly. Dei velta over av vinden.

Dette var litt av November i " Hagen i svingen ".




Ha ei fin November veke alle saman.

mandag 21. oktober 2013

FROST KRYSTALLAR.

Det har vore nokre netter med skikkelig frost, så plantene i hagen har kome i dvalemodus.

Frost på plantene gir eit fint inntrykk.


Kinasøten / Gentiana med frost krystallar. Fin med kvit blondekant rundt det blå.


I ettermiddag vart det varmegrader igjen, så då kan kanskje denne planten bløme ei stund til. 
Håper det .....


Calluna.


Rhododendron blad.


Scabiosa - den blømer heilt til frosten kjem.


Stokkrosene som ikkje skulle bløme før neste år........stakkars no er det is på dei. 
Det er første gong eg har desse i hagen. Gled meg til neste år, då blir det forhåpentligvis mange av dei.
Eg sådde tre sortar og dei har vokse seg store alle saman.


Første gong denne viser blomane sine og det vart selvfølgelig litt i seinaste laget. Den er stappfull av knuppar. 
Har hatt den i fleire år og den har vore rundt om på flyttefot for den har ikkje trivast. Men no kan det sjå ut som den har etablert seg så eg håper den kan kome igjen tidligare neste år. 
Knuppane ser ikkje ut som dei har fryst, så eg får sjå om den opnar seg meir no når det blir mildare.
Den er lilla, men eg veit ikkje navnet.


Løvemunn er ei plante eg sår kvart år. Den blømer godt heile sommaren og den tåler godt regn. 
Så er den heilt sniglesikker. No er den klar for komposten.


Eit godt lag is på dammen. Blir spennande å sjå korleis det går med overvintringa her sia det er første sesongen eg har dam.


Epla som tok seg ein tur på bakken.
Nokre av dei vart tredde på greiner og opphengde til fuglane.
Ellers har eg mata fuglane ei god stund no. I år har dei fått seg ny foringsplass inn i Fagerbuska.
Der er det mange gøymeplassar og ikkje minst landingsplassar :))
Den er velvoksa og mange småfuglar har erobra den alt......koseleg.



Slik såg utsikta ut i dag.

No sei vermeldingane at det skal bli regn her, så då blir det dråpar i staden for krystallar.
Sjarmerande på kvar sin måte : )
Slik som med oss.......like sjarmerande med tårer som med smil.

Ha ein fortyllandes kveld vidare.

MarJE.

lørdag 3. august 2013

SUNNMØRE REGNAR VEKK.

Etter ei veke med sommar forrige veke har slusene vore på vidt gap sidan.
Og i dag slo det alle rekordar....


.......sjå dei store regndråpane.
Sommarblomane får aldri nok finver til å kome i den store bløminga.
Her ser vi erteblomane som har dekt klatrestativa eg lagde av kvistar.


Det renn nesten som ei elv på vegen.


Denne veka er det det årlige arrangementet " Naturfestivalen " her i kommunen. Det er eit stort opplegg med mange aktivitetar og arrangement av mange slag. I dag blir det avslutta med eit større motbakkeløp " Saudehornet rett opp " 1303 m. o .h. Det er den toppen midt i biletet. Den siste biten er veldig bratt. Fleire kjente personar brukar å delta på dette løpet. I dag måtte det ver ein lite trivelig tur. Skoda låg langt nedi fjellet når dei verste regnbygene kom.
( biletet her er ikkje frå i dag ).


Denne skjønnheita her rakk eg eit bilete av før det braka skikkelig laust.
Rhapsody in blue.


Ein kveld mellom bygene, full av regndråpar fanga eg denne rosa New Down....


.....New Down.


Denne klematisen som har vore feilmerka synest eg er finare enn den den egentlig skulle ver ( Nelly Moser ).Trur det må ver ein hybrid av eit eller anna.


Sjølv om det regnar viser blomane seg frå si beste side :))


Den veks i ein bue av armeringsmatte ved drivhuset. Eg har faktist tatt stikling av denne og den står med knuppar no litt lenger borte i same bedet.
Humlene jobbar overalt i hagen også på denne klematisen.

¤  
Dette var eit regnvått innlegg frå meg.
Blir alt for lite kos i hagen når himmelen slepp ned så mykje fuktigheit. Men det er ivertfall ein ting som trivest godt i beda. Det starta på U...og slutta på .....S. 
Men....men, det ser ivertfall grønt og frodig ut  : D

Ha ein trivelig Laurdagskveld alle saman.

- MarJE -

torsdag 21. februar 2013

RAUDMALT HYTTE I SKOGEN

Frå ein av mine turar sist veke i strålande vær.

Der går eg forbi denne gamle raudmalte hytta.



Mitt himmelske bidrag hjå Petunia.
HER kan du sjå alle bidraga.

4987378325_b77095bd20_b[1]

torsdag 10. januar 2013

HIMMELSK TUR.

Årets fyrste fjelltur var i går og det til fots.
Skodda låg nede ved vatnet, men i fjellet var det deilig sol. Kjende faktisk at den varma. Snø var det berre nokre få små flekkar her og der. Heilt utrulig for å vere på denne tida av året.

Råsa var ikkje av det beste slaget, full av glatt tjukk is. Men det gjekk fint med litt klatring ved sida av. Kom oss velberga heim. Og turen var flott.

Dette er eit fjell som er veldig mykje brukt til turar. Også for dei som ønskjer meir utfordring og brukar det til trening.

Det er ei fantastisk utsikt.
Berre sjå her.











Dette er mitt bidrag til himmelsk hos Petunia.
Fleire bidrag kan du sjå ved å klikke på bilde under.

Hver torsdag:

torsdag 6. desember 2012

HIMMELSK KALDT !!!

Vi har eit heilt nydelig Desember vær.

Minus 8 grader akkurat no og igår kveld kom det eit urlite melisdryss ( men det var lite ).




Vil du sjå fleire Himmelske bidrag trykk HER.


torsdag 29. november 2012

HIMMELSK # 113

Fjellheimen i vinterdrakt mot ein klar blå himmel.



Vil du sjå fleire bidrag trykk HER.

[4987378325_b77095bd20_b13.jpg]



Minner om Give away hjå meg. Er snart trekning. Så vil du være med kan du melde deg på  HER.

mandag 29. oktober 2012

EIN FLOTT VINTERDAG.

God ny veke til alle !

Eg vil benytte anledninga til å takke alle som stemde på meg i Haust blad konkuransen.
Kom på 4. plass  :)  ikkje så verst det.

¤ ¤ ¤

Med flott sol måtte eg rusle meg ein tur ut i det fri å nyte vinter lufta. Sjølv om sola har skine i heile dag har ikkje gradestokken kome på pluss sida.
Det er hard skare så det knitra under skosålen når eg gjekk bortover snøen.


Frost på strå.


Ved vatnet vårt. Heilt blikkstille.


Sivet i vatnet var det rim på og fjella speglar seg.


Blikkstille ro.


Dette såg eg opp mot himmelen......


.......og dette.


I grøfte kanten ei " hundeslenge " i vinterdvale.

Ein flott tur i deilig frisk luft.

¤ ¤ ¤

Eg er overvelda over alle kjekke og koselige kommentarar som Dykk legg igjen hos meg.
Det gledar, varmar og inspirerar. Tusen takk alle saman.

Nye følgarar ønskjer eg hjertelig velkomne. Kjekt at Dykk vil følge meg.

¤ ¤ ¤

Neste innlegg vil eg gi litt tilbake til Dykk som er innom meg her. Det er ikkje så stort men det er laga med hjartevarme.
Håper mange vil være med på det :)

Ha ein super kveld !!

onsdag 17. oktober 2012

HAUSTBLAD !

Denne hausten har det vore spesielt mykje flotte fargar i hagen og naturen. Så det har ikkje vore vanskelig å bli inspirert til å fange dei i kamera linsene. 

Anne på Moseplassen lyser ut konkurranse med tema haustblad og det har eg selvfølgelig lyst å være med på.
Mitt valg vart ei Spireabuske som har vist seg i all si prakt med ein nydelig fargeskala frå grønt til dei skarpaste haustfargar.





tirsdag 9. oktober 2012

ENDELIG EIN STRÅLANDE DAG : )

Etter ei frostnatt kom dette til syne.....


..... blå himmel og mykje nysnøv i fjella.
Bilde teke frå altanen min.


Hadde besøk av dotter mi som bur på andre sida av fjorden. Ho hadde teke dette bilete  i dag frå heimen sin. Vi ser over til der eg bur.


Rimfrost.


Roseknupp i frost drakt.


Frost på vindauge.

¤ ¤ ¤

Kom meg omsider ut så eg fekk inn i drivhuset det som stod igjen i beda.
Får ligge der å tørke opp litt før det vert lagra i kjellaren.


Litt av kvart her. Skal klippe ned og strippe Fuchsiane for blad. Mesteparten vart gjort i dag og sett i kjellaren. Dei hadde fått stått her og tørka litt frå før.
Måtte få vere med på eit siste bilete før bladfall : )


Nokre pelargonia som stod igjen.

Det har vore ein lys og trivelig dag. Men til kvelden braka det fuktige laust igjen. Men no er alt i hus , så då får det berre kome det som vil : )

¤ ¤ ¤

Ha fortsatt ei trivelig veke og nyt hausten med mange kreative påfunn !!

Varm takk for herlige og koselige kommentarar hos meg, det gledar meg.
Stor varm haust KLEM frå meg : )