Viser innlegg med etiketten Svart. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Svart. Vis alle innlegg

søndag 29. september 2013

OVERRASKANDE BLØMING.

Litt forskjellig som skjer her i hagen.
I går fekk eg tømt varmkomposten slik at den er klar for vinteren. Håper den kjem like fort i gange som sist. Trur det var varme i den etter berre tre - fire dagar.

Eg var fast bestemt på at eg ikkje skulle plante løk i haust fordi alt som eg planta i fjord haust fraus eller rotna. Men ein slik vinter kan det vel ikkje bli igjen........eg har planta mykje løk. Gled meg alt til våren.

Denne veka kom frosten og tok med seg ein god del av georginene. Dei som stod beskytta under tre gjekk det litt bedre med. Det var - 1,3 på det kaldaste.

Vi har hatt eit nydeleg haustver siste tida. Sol og klar rein luft.
I dag er det grått med regn. Men inn i mellom bygene tok eg ei runde med kameraet.

Og sjå kven som har starta bløminga eit år for tidlig.....


....ei av Stokkrosene eg sådde. Det er første gong eg har denne planta i hagen og jammen glad for at eg tok til vetet å sådde den. 3 sortar har eg sådd så det blir meir glede neste år.


Skal tru...når den blømer no, kjem den då igjen neste år ? Er det hjelp å klippe ned blomestilken ?
Nokon som kan gi råd ?


Desse er også nye av året. Svart toårig fiol som eg vann frø frå Elin med bloggen I hagen ved skauen og nelliken som er staude fekk eg frø frå Turid med bloggen Tuaihagen og huset.
Kjempefine begge to og kjekt med bløming første året.
Nelliken hadde lagt seg godt rundt fiolen. Den forstod nok at det var ein fin fargekombinasjon.


Her ser vi Nelliken litt bedre.....


.......og her fiolen.

Her kjem fleire som har vore i hagen lenger.


Geranium Ballerina.


Klematis denne rakk å kome med blomar i år.
Etter sist vinter var det berre to av klematisane som kom sånn nokon lunde i rimelig tid. Så eg var heilt sikker på at dei andre hadde gått ut. Men alle har kome ut gjennom sommaren og hausten.
Den siste oppdaga eg for to veker sia når eg skulle plante ein ny der den stod.
Ja, ja kjekt det så fekk eg finne ein anna plass til den nye :))


Revebjelle - det er alltid ei som blømer gjennom heile sesongen til frosten kjem for fullt.
I bakgrunnen Søyleblome, rose og gul buskmure.


Alltid like vakker og har vore slik heile sesongen New Dawn klatrerose.
Har heldigvis planta meg ei til i år.


Hugsar ikkje navnet i farta. Løkplante som kjem med grøne friske blad om våren. Så visnar dei ned og store krokus liknande blomar kjem om hausten.


Kinasøte.


Ved innkøyrsla er det kinasøte og lyng som viser fargar.


Litt pynt ved inngangsdøra.

Helgegleder eg vil dele hjå Vivis hagerom og litt til.

God ny veke ønskjer eg alle som vitjar meg.

MarJE.

fredag 26. juli 2013

ENDELIG KOM SOMMAREN OG AMO.

Måndag var ferien over for mitt vedkomande og då kom endelig sommaren her.
Deilig med finver når ein er på jobb også, ivertfall for meg som er fri på dagtid og kan nyte det.

Men det var ikkje berre sommaren som kom. Bloggdama Amo med bloggen " amo sin blogg " kom på besøk. Utrulig kjekt med bloggbesøk, og det rare er at det kjendest ut som vi hadde kjent kvarandre lenge. Amo har ein flott blogg der ho skriv om litt av kvart som opptek ho. Den er virkelig verd å besøke.


Roser og hundekjeks i vase.

Ei runde i hagen medan vi prata om laust og fast og rundt oss susa.......


.........både humler og......


.......bier. Veldig mykje av dei i år. Om det er fordi eg har blitt meir oppmerksom på dei eller om bestanden har tatt seg opp veit eg ikkje. Uansett er dei velkomne hit til hagen.
Her nyt dei blomen på Heuchera.


Valmue Black peony.


Valmue som eg har sådd i år.


Blodbeger hadde ikkje Amo sett før. Kjekt at eg kunne vise noko som var nytt for ho.


Astlbe bakerst, kvite Allium, Astrantia major, Pionvalmue og Keisarkrune.


Therese Bugnet. Denne rosa har eg planta i år og den har fått seg stativ av armeringsjern.
No satsar eg berre på roser som er ekstra herdige og det skulle vel denne ver får eg håpe. 
Flott er den også.


Sjå her kva eg fekk...denne fine lysholdaren. Inni er det glas som er trekt med bjørkenever. Kjempefin...den lyser så fint no i utestova her eg sitt å bloggar.
Tusen takk for besøket og gåva.
Dåkke er hjarteleg velkomne tilbake til Hagen i svingen.

Varm klem frå MarJE.

fredag 21. juni 2013

LITT AV KVART FRÅ HAGEN

Dagane går veldig fort og snart nærma det seg ferietid.

På ei veke har vi hatt tre hagevandringa arrangert av mitt lokale hagelag så det har gått i hage om ikkje i min.

Men her kjem litt ymse frå min hage.


Ei lita lubba hand som synes det var stas å få plukke av blomane.
Barnebarnet mitt som nærma seg seks månadar.


Akeleie Black Barlow.



Akeleie.


Rosa Akeleier av forskjellige sortar.


Kvit valmuesøster som held på å sprette ut.



Svart fiol som eg vann frø av Elin med bloggen I hagen ved skauen.


Iris, Allium, Strandnellik og Oxalis.


Rabarbrane er kjempestore i år, kvit gudeblome og filtarve.


MarJE som sitt på kanten av fuglebadet i grusbedet å speidar utover fjorårets staudesådd som blømer for første gong i år.


Forskjellige variantar av Cosmos. Det har vore ei salig blanding i pakkane i år. Fargeblanding i den kvite og ein fylt eg kjøpte hjå Impecta ser slettes ikkje ut slik den skulle gjer. Den skulle ver heilt mørk burgunder i fargen.


Veldig mykje humler som kosar seg på blomane.


Frå drivhuset.
Eg sådde berre cherry tomat, men det har tydlegvis vore eit frø av ein anna sort. Det er dei store.
Agurken er komen i blomst og raud basilikum er i god vekst.


Gul Primula fremst.

Det er ei fin tid med mykje bløming og nye overraskelsar som dukkar opp kvar dag.

¤ 

Eg vil ønskje alle mine lesarar ei god og innholdsrik helg.

Helsing MarJE



søndag 24. februar 2013

X - FAKTOR FRISTELSAR.

Etter blomeutfordringa  X - faktor hjå Anne på Moseplassen kan vi no plukke ut plantefristelsar og sende ei MÅ HA liste.

Den er egentlig uhorvelig lang, men eg har begrensa den til 5 sortar. Og det var ikkje lett.

Eg har lånt bileta på bloggane som eg har linka til.


svart knopurt

Centaurea montana " black sprite "  hjå Annas space.



Fritillaria hjå Vivishagerom og litt til.

HPIM4172

Primula capitata hjå Marianns verden.



Klematis " Guernsey Cream " hjå Sabelhagens olivlund.


Anemone hjå Parkvegens Hageglede.

Hjå Anne på Moseplassen kan du sjå alle sine Må HA favorittar.

tirsdag 19. februar 2013

X - FAKTOR I SVART OG GRØNT.

No er vi komne til siste runda i blomeutfordringa hjå Anne på Moseplassen.
Ikkje heilt lett å finne kandidatar til denne fargen. Eg har av dei,  men dei har ikkje vorte så flittig kika på gjennom linsa.
Det må eg tenke på til neste sesong. Og heldigvis blir det fleire kandidatar på meg då det ligg frø til spiring i pottene både ute og inne.

Denne stauden har eg sådd sjølv av frø eg har kjøpt på nettet hjå hageentusiastar.
Bladrosetten kjem tidlig opp og den viser seg gjerne allerede under snøen. Blomestilkane er høge og staselige,  og  dei vaiar fint i vinden.
Denne stauda sjølvsår seg lett og likar gjerne å blande seg til nye stoltheiter når den kryssar seg med naboen.

 Aquelegia Black Barlow.




Den er ganske svart med eit fint fargeskin i.



Her er det frøkapselen som står i fokus.



Fullt blomeflor.

Dette vart min siste og svarte kandidat til konkurransen.
Alle dei fine grøne og svarte bidraga kan du sjå HER.