Tenk Mai alt. No går dagane veldig fort, men ei nydelig tid som må nytast.
Her våkna vi til kvitt landskap i dag og temperaturen hadde vore minus 2 grader i natt.
Ser ut som plantene i hagen har takla fint overgangen frå fine varme dagar til sur kald nordavind. Virkelig " gufse " og utrivelig utever. Blir nok ei kald natt i vente også.
I drivhuset er det stappfullt og varmen måtte på igjen.
Ellers har det skjedd mykje på hagefronten her.
Dammen har blitt plukka ned, forstørra max av det som det var duk til og bygd opp igjen. Litt fornya er den også blitt.
Ser ut som dei plantene som var i har overlevd vinteren og fleire er bestilt.
Skal vise den seinare.
Bed er blitt utvida og grønsaksbingane er snart klare.
Det er nok sikkert slik at enkelte planter er tenkt ikkje skal passe i alle hagar. Men har eg bestemt meg for at eg vil ha ein sort så vil eg det : ) For andre året på rad sådde eg Solhatt igjen i fjord ( to sortar ). Dei vaks seg store og eg planta dei på tre forskjellige plassar. Ikkje livsteikn å sjå. Skulle berre ei inspeksjonsrunde ut i det kalde veret i dag då eg plutselig kom på at eg skulle prøve å grave opp der eg visste dei var planta. Merka godt når eg støtte på dei for røtene hadde blitt store. Når eg fekk dei opp hang det fullt med gulbrune makka ut av dei. Det var kjølemakk som hadde gjort store skader og nesten tatt livet av heile plantene. Spraya kvitløkvatn som eg har kokt opp på dei og då kom makkane krypande ut. No er røtene planta i krukker så får eg sjå om dei vil spire etterkvart. Ufyselege greier. Eg vendesnudde gjorda for å få vekk det eg såg men der er nok meir. Rart at det er mest Solhatten som er angrepen av dei.
Las litt om det på nettet. Som åte skulle ein legge i jorda potetbitar fordi dei brukar å gå i potetene. Så grave opp med jevne mellomrom for å ta livet av dei som hadde komt i potetbitane. Potetbitane er komne på plass....så får eg berre passe på.
Så kjem det eit ras bilete frå hagen tatt sist helg når veret var nydelig.
Mine gode hjelparar som befrukta frukttrea. Her er mykje av både humler og bier.....heldigvis.
Til og med ein sommarfugl for her å svirra.
For første gong i min hage, endelig....... Blåveis.
Nærsynt plante Androsace pedemontana......har sådd den av frø frå Magnar Aspaker. Den er lita men blømer mykje.
Mange sortar tulipanar er på veg.
Bergenia ny i min hage.
Har forresten veldig mykje nytt i hagen i år så eg gled meg til alt viser seg fram.
Japanske hengekirsebærtreet var på full fart før frosten kom. Dette er blitt eit velvokse tre.
Har fleire andre sortar som er nesten avblømde no.
To sortar Primula, tusenfryd, Phusoclainia orientalis også frø frå Magnar, to sortar Pulsatilla..
Narsissar, tulipan, bekkeblom og rutelilje.
Dette var eit lite hagegløtt hjå meg.
Ha ein fin Mai.
MarJE.