Viser innlegg med etiketten Klatrestativ. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Klatrestativ. Vis alle innlegg

mandag 11. november 2013

NOVEMBER.....

........med lange mørke kveldar, og denne helga kom første snøen.


Ein koseleg heklekveld Fredag.
Primulateppe hekla ho som var på besøk og eg tok fram ein løpar som eg aldri har vore heilt fornøgd med. Det som skulle til var ein omgang med fastmasker til kant.
Skal vise den snart.


2. Søndag i November feirar vi farsdag med kake.
I utgangspunktet var både botnen og trekket på denne kaka misslykka : D
Men med litt triksing vart den ......ja. om eg skal sei det sjølv.....smakfull.
Fylt med rørt syte av rips og banan og eit lag med vaniljekrem.


Ein Riddarspore og Sedum viser litt farge i hagen fortsatt.
Har kjøpt enda meir løk. Dei planta eg i potter som skal stå i garsja gjennom vinteren.


Renska vekk erteblomane som slynga seg oppover i klatrestativa eg laga av kvistar i vår.
Hengde opp epler og mat til fuglane i staden for. 


Til slutt i dag lagde eg ein krans av bjørkekvistar som får henge på lykta ved inngangen.
Tok litt bær frå hekken å pynta den med.
Det bles så kraftig i dag at fleire av krukkene som stod ved inngangen måtte i ly. Dei velta over av vinden.

Dette var litt av November i " Hagen i svingen ".




Ha ei fin November veke alle saman.

onsdag 18. september 2013

DRÅPEVÅTE ERTEBLOMAR.

I dag har vi hatt eit nydelig ver med god tempratur og litt sol inn i mellom.
Flott ver til haging.
Eg held på med eit aldri så lite prosjekt. Manglar berre litt singel så er det ferdig.
Når den er på plass skal dåkke få sjå kva det er.

Men i dag viser eg bilete av erteblomane .












Dei veks opp i desse to kassene som eg lagde klatrestav opp i av kvistar. No er dei heilt dekte av erteblomane.
Desse to kassene lagar eit skille mellom hagen og sitteplassen. 
Dette blir gjentakelse av til neste år.....vellykka prosjekt. Forresten sjelden det blir som eg har tenkt, men dette vart det : )

Ha det fint så lenge.

Frå MarJE.


lørdag 3. august 2013

SUNNMØRE REGNAR VEKK.

Etter ei veke med sommar forrige veke har slusene vore på vidt gap sidan.
Og i dag slo det alle rekordar....


.......sjå dei store regndråpane.
Sommarblomane får aldri nok finver til å kome i den store bløminga.
Her ser vi erteblomane som har dekt klatrestativa eg lagde av kvistar.


Det renn nesten som ei elv på vegen.


Denne veka er det det årlige arrangementet " Naturfestivalen " her i kommunen. Det er eit stort opplegg med mange aktivitetar og arrangement av mange slag. I dag blir det avslutta med eit større motbakkeløp " Saudehornet rett opp " 1303 m. o .h. Det er den toppen midt i biletet. Den siste biten er veldig bratt. Fleire kjente personar brukar å delta på dette løpet. I dag måtte det ver ein lite trivelig tur. Skoda låg langt nedi fjellet når dei verste regnbygene kom.
( biletet her er ikkje frå i dag ).


Denne skjønnheita her rakk eg eit bilete av før det braka skikkelig laust.
Rhapsody in blue.


Ein kveld mellom bygene, full av regndråpar fanga eg denne rosa New Down....


.....New Down.


Denne klematisen som har vore feilmerka synest eg er finare enn den den egentlig skulle ver ( Nelly Moser ).Trur det må ver ein hybrid av eit eller anna.


Sjølv om det regnar viser blomane seg frå si beste side :))


Den veks i ein bue av armeringsmatte ved drivhuset. Eg har faktist tatt stikling av denne og den står med knuppar no litt lenger borte i same bedet.
Humlene jobbar overalt i hagen også på denne klematisen.

¤  
Dette var eit regnvått innlegg frå meg.
Blir alt for lite kos i hagen når himmelen slepp ned så mykje fuktigheit. Men det er ivertfall ein ting som trivest godt i beda. Det starta på U...og slutta på .....S. 
Men....men, det ser ivertfall grønt og frodig ut  : D

Ha ein trivelig Laurdagskveld alle saman.

- MarJE -

søndag 7. juli 2013

Fuglebad og besøk av sommarfuglen Admiral.

Denne helga har det vore strålande sommarver. 
Hagen yrer av insekt. Kan ikkje hugse at det har summa slik tidligare år......kjekt er det iallefall.
Her har det vore større prosjekt på gang denne veka så eg har ikkje komt meg til å vise fuglebada før no.......


Eg lagde to i to forskjellige størelsar.  Synest dei vart vellykka. 
Men det var litt av eit pirk å få ut alle bladnervane.




I går og i dag har denne flotte sommarfuglen sveva rundt i hagen " Admiral".





Oversiktsbilete. Slik ser det ikkje ut i dag.....denne veka har vi laga dam :)
Den er ferdig gravd og delvis dandert med stein o.s.v. Neste innlegg blir nok om dammen.


Ei nydelig rose, buskrose Fruhlingsduft. Den blir ca 2,5 m høg så eg har den på klatrestativ av armeringsjern. Kjøpte den i fjor, men då blømde den ikkje. Eg har mist ca. 20 roser i vinter men denne sto like fint og den har vokse godt.
Den er ikkje berre nydelig...den er heilt fabelaktig nydelig og luktar fantastisk.
Denne anbefalar eg virkelig 


Her i litt forskjellige stadier.


Blodbegera slyngar seg oppover Kirsebærtreet.


Perlebusk og Heuchera emperors cloak.


Rosa og orange, ei herleg blanding. Akeleier og Geum.


Dahlia.


Sommarblome Eschschozia californica " Bridal Bouquet "...frø frå Impecta.


Slik ser klatrestativa med erteblomane ut no. Dei har vokse seg til og er fulle med knuppar.


Avsluttar med ei kvit bløming. Lav krage, Geranium, Småhjerte, Prestegardsrose som akkurat har starta bløminga. Den er kjempestor og har hundrevis av knuppar og luktar himmelsk. Allium til slutt.

¤

To dagar med sol er visst nok for denne gong sei vermeldinga. Ja, ja...bedre med to enn ingen.

Ha fortsatt ein god sommar og nyt dagane.

Så kjem eg tilbake med dambygginga mi neste gong.

- MarJE -





torsdag 6. juni 2013

KUNSTNERISK KLATRESTATIV TIL ERTEBLOMANE.

I plaskande regnver er det på tide med litt blogging.
I dag vil eg vise eit av mine prosjekt. Klatrestativet til erteblomane.
Skrekk og gru tenkte enkelte av familiemedlemmane når eg kom halsande med lange greiner fulle av blad. Dei lurte på kva i all verden eg ville med greinene. Klatrestativ var svaret og dei ( mannen ) var lett oppgitt av mine påfunn.
Men trur han vart litt overraska når han fekk sjå resultatet : ))


Greinene let eg ligge å tørke eit par dagar før eg ribba dei for blad.
Det er greiner av Oretre, men hadde nok vore bedre å bruke Bjørk for dei er ikkje så sprø. Det var ikkje i nærleiken her, så eg tok det eg fann.


Laga dei i to store kasser som er laga av mannen min. Stakk greinene til bunns og så surra / fletta eg inn kvistane på greinene. Det var den flettinga som hadde gått lettare visst det var Bjørkegreiner eg hadde.


Surra dei godt  saman i toppen med streng.



Alle var enige om at dei vart litt artige til slutt : D

Når erteblomane får vekse seg til blir det nok ikkje så mykje som viser av dei.
Foreløbig er dei ikkje så store. Har nok ikkje fått det beste stellet før dei kom i krukkene. No har eg planta dei i kugjødselkompost og god krukkejord.

LUKTÄRT 'Pulsar' i gruppen Ettåriga blomsterväxter hos Impecta Fröhandel (8472)

Pulsar er det som er planta i krukkene.
( bilete lånt av Impecta )

Fleire prosjekt kjem etterkvart.

¤ ¤ ¤

Det er så mykje som er i vinden i desse tider. Noko av det er Instagram og jammen har eg våga meg inn på den arenaen også. Blir lagt ut litt bilete av ymse slag der . Er fortsatt i startfasen men det hadde vore kjekt visst dåkke vil besøke meg der også : )

¤ 

Det er veldig mykje fint å sjå rundt om i bloggane og eg blir stadig imponert over mangfaldet av flotte planter og prosjekt av ymse slag som blir vist fram. Ei flott inspirasjonskjelde.

Då må alle i vårt langstrakte land og i den stor verda ha fortsatt ein fortreffelig dag med eller uten sol.

Me bloggast snart igjen,

MarJE.


torsdag 15. november 2012

ÅRETS SISTE........

.......arbeidsdag i hagen.

For ei stund sida når snøen og kulden kom trudde eg ikkje det vart noko meir hagearbeid i år.
Men været på denne tida av året snur fort, og jammen er det bra slik at eg fekk raka vekk lauv og rydda litt. På dagtid har det vore opplett og rundt 10 varmegrader.


Har raka ein gong før men skulle ikkje tru det.......6 - 7 slike korger vart det no igjen.


Tømde komposten halvvegs for berre litt sida, men no er det fullt igjen.
Har ein til som står litt opp om denne. Kjekt å ha til våren når beda skal fyllast på.


Oppsurra og vinterklare.


Jammen vart det 4 nye klatrestativ til til rosene før vinteren. To forskjellige firkanta og to av dei trekanta. 7 nye stativ i haust tilsaman  : )  Heldige meg.


Litt farge glede i hagen i dag.
Fantastisk at noko er igjen.


Haustblad i grusbedet.


Skrotten storkosa seg med " gøyme å leite " leiken. Han rende rundt som ei pil og synest han var storkar.

Eit par pakkar løk som låg igjen i garasjen kom også i jorda.

Det var siste slutt av haging for i år  :))

Ha ein alle tiders kveld !!!

fredag 28. september 2012

KLATRESTATIV TIL......

......Rose, Klematis og Kaprifol vart det laga i dag !!!!!!

Har ymta lenge og vel frampå om at eg treng klatrestativ til nokre roser +++. Har no sagt at det hastar ikkje, det kan kanskje gjerast i vinter. Hadde lyst på slike som er laga av armeringsjern og armeringsmatter.

Når eg var ein tur i garasja såg eg ei kasse som ikkje hadde vore der før. Måtte selvfølgelig studere den. Og gjett kva som var i den???  Eit sveiseapparat. Eg vart aldeles glad og forstod at no var noko i gjæring : D

Jaudå, i dag etter frukost var det ein kjekk kar som sa : eg må vel fare å kjøpe armeringsjern og matter. Ja, vil du det? Det var virkelig flott, sa eg kjempe glad. No var vi i gang!!!!!


Armeringsmatte og jern. Kutting med vinkelslipar øverst og sveising nederst.


Dette var det første. Til og med ramme rundt. Det er i nostalgi kroken og det er ein kaprifol som skal dekke denne. Den er liten enda, men til neste år regnar eg med den veks seg kraftig.


Denne er av armeringsjern. Den er laga i trekant og sveist saman. I denne skal ei klatrerose vekse. Den er planta i år og har vokse godt så den rekk eit stykke opp.


Stativ nr.3. Laga av armeringsjern og armeringsmatter. Dette er også i trekant . Jerna er litt bøygde øverst. Her skal ein Klematis som eg har laga av stikling veksa. Den har ikkje kome opp på fleire sesongar. Eg hugsa ikkje kva det var for ein heller. Men det er av den som tydeligvis er feilmerka. Den er merka med Nelly Moser, det ser eg er heilt feil. Denne er faktisk finare og morplanta har blømt i heile sommar og står i fullt flor enda.

Eg er strålandes fornøgd med stativa. Dette er berre starten, treng umåtelig mange. Torer ikkje sei antalet for då besvimer vel han som skal lage dei. Skal lage bogar også : )....stakkars mann.
MEN ein premie må det vanke til ein slik kjekkas.......skal tru kva det skal ver ?????...det er heilt hemmelig :)

¤ ¤ ¤

Medan eg gjekk her å var handtlangar fekk eg syssla litt. Planta dei 7 staudene eg kjøpte ( ja,eg har kjøpt no igjen)denne veka. Var no på 70%. Slikt går no ein vel ikkje forbi når der til og med var nokre eg berre måtte ha.

Så knipsa eg litt haust.


Det er ein Spirea av eit slag.


Jammen er det fint med regndråpar.

¤ ¤ ¤

Så vil eg, ei av dei heldigaste damene på Sunnmøre ØNSKJE DYKK ALLE ei trivelig helg.