........a la Anne på Moseplassen.
Som så mange andre måtte dette spennande prosjektet prøvast.
Vellykka , dekorativt og engasjerande for fleire enn meg i heimen.
Det vart ei prøve med 3 lykter. Plasserte dei i stein / grusbedet mitt i lag med fuglebadet som er frose til med is. Her lyser dei på dagtid.
Her om kvelden. Det vart ei fin stemning i bedet.
Det vart fint mønster i lyktene, kunne nesten tru dei var av edelt glas.
Som sagt så var det fleire enn eg som var engasjert. Det var så beinkaldt ute at ballongane var meir gjennomfrosne enn det eg hadde tenkt. Så her måtte vi fram med drillen.
Den jobben tok herren i huset seg av : ) Når han fekk bora seg gjennom eit ganske tjukt lag med is, gjekk det greit å tine resten slik at det vart plass til lys i.
Hjå Anne på Moseplassen kan du både sjå korleis islyktene blir laga og du kan vise fram dei du lagar sjølv.
¤ ¤ ¤
Dette er også mitt bidrag til Helgegleder hjå Vivis hagerom og litt til.
Hjå Anne på Moseplassen kan du både sjå korleis islyktene blir laga og du kan vise fram dei du lagar sjølv.
¤ ¤ ¤
Dette er også mitt bidrag til Helgegleder hjå Vivis hagerom og litt til.