Viser innlegg med etiketten Helge gleder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helge gleder. Vis alle innlegg

lørdag 15. desember 2012

UUNNVÆRLIG JULETRADISJON.

Det blir ikkje jul uten middagsløfser.
Det er ein tradisjon mor mi hadde med seg frå heimstaden sin. Ho kjem i frå ei bygd i Sogn og Fjordane. Der er dette heilt vanlig. 
Det er det hjå oss også og uten desse løfsene vert ikkje pinnekjøt middagen slik den skal.
Nye medlemmar  som kjem til i slekta å får smaken på det, tek til seg tradisjonen med ein gong.

Prøvde meg eit år på eit forslag at vi kunne prøve uten, men då vart det streik. Så det var berre å hive seg på bakinga.

Er tenkt å demonstrere korleis vi gjer det.
Det er litt spesielt men nydelig godt.


 Her er bakeprosessen.
Når dei er ferdig steikte må dei bløytast, legast i lag og snu dei om ofte til dei er mjuke og kan rullast saman.
Frys dei ned i porsjonar.


Sidan eg ikkje har julemiddagen å demonstrere med brukar eg eit tørkepapir. Det skal forestille maten  : )
1. Vi legg alt som høyrer til middagen slik du ser papiret på biletet.
2. Brettar opp snippa og rullar det saman til ein rull.
3. I skåla er det ribbefett utblanda med krafta frå panna med dampamår.
Opp i der dyppar vi rullen og et den. For kvar bit dyppar vi på nytt.
NB!!! Kvar person har si eiga skål.

Det kan ikkje samanliknast med å ete maten på vanlig måte.
Dette er så mykje meir smakfullt .
For oss uunværlig.

¤ ¤ ¤

Løfsene vart baka ei helg tidlig i Desember, så med dette innlegget vil eg vere med på Vivis..... HELGEGLEDER.
Fleire helgegleder kan du sjå HER.

¤ ¤ ¤

Ønskjer alle ei god, lun og trivelig helg.

søndag 9. desember 2012

HELGEGLEDER I MASSEVIS.

Fredag starta det med shopping. Ikkje det at det er så gledelig men det vart det denne gongen.

Skulle avgarde for å handle kle til mi gamle mor som bor på sjukeheimen.
Det er ein fast butikk det vert handla på til ho. Det er fine kle i god kvelitet og det er viktig at den eldre garde får opprettholde følelsen av å bli tatt vare på.  Møre konfeksjon heite den før i tida men no heiter den More Women ( litt reklame ). Før var dette ein butikk for litt over stadiet godt voksne damer. Men dei seinare åra er den forynga og har kle til damer i alle aldrar. Den har opphav 10 min. køyretur frå meg og det er utsalg over heile landet. Denne bedrifta brukar Anette Stai som modell (enda meir reklame ).

( guri....her er det litt av kvart )
Det eg egentlig skulle fortelle her var at eg datt i stavar når eg såg alt det flotte dei hadde og ikkje minst som eg kunne tenke meg sjølv. Det vart ikkje berre tenking....handla til meg sjøl også og er storfornøgd.

  Dette var det eg kjøpte meg.
Svart skjørt i ein fin strikka kvalitet. Viser dårlig på bildet men skjørtet i midten er i eit småruta stoff i svart og bruntonar. Dette er berre lekkert med svarte støvlettar til :)) Så ei tynn strikka jakke (fargane er ikkje heilt rette her ) Ikkje nok med det mykje i butikken var 1/2 pris. Dama bak disken sa dei brukar å ha Januar salget no. Det passa fint :)

¤ ¤ ¤

På veg heim ligg Plantasjen og jammen var bilen min så snill at den blinka seg inn og parkerte utafor. Når dørene opna seg stod der noko som aldri skulla stått der. Eg greide ikkje å gå forbi ( håper dei i heimen ikkje les dette innlegget ) Veit ikkje om eg tårer å skrive det for det berre datt 7 sortar i handlevogna mi og det passa ikkje i det heile tatt med alle dei minusgradene det har vore no. Hold deg for augene, blomsterløk på 70 %. Kva gjer eg ? Må plante dei i krukker og oppbevare dei i garasjen litt isolert. Eg er ikkje heilt klok.
Kan ikkje skrive meir om denne handledagen for det blir aaaaaalt for langt.
( hjelp, langt vert det visst likavel )
¤ ¤ ¤

Så kjem eg egentlig til det som eg ville vise. Laurdag vart det.
Har fått lys i treda  ved inngangen og laga til litt pynt.


Vart i mørkaste laget før eg vart ferdig så bileta er deretter.
Epla som eg hadde hatt i komposten var supre å bruke. Dei var rimfrosne. La dei under treet og i støype karet.


Mosehjerte med lerkekrans rundt og raude bær frå hekken ( heng på lykta ). Det er laga for ei stund sida. I støype karet mitt lagde eg to moseballar, la rimfrosne epler i, kongler, bær, litt grønt frå hagen og kvistar frå skogen.
Så vart det ei stjerne med kvistar frå hekken. Stjerna er laga frå blogg inspirasjon.

Slik ser den store krukka ut. Eit slags metall materiale er den av. Støype karet i nær studie.



Etter mørkrets frembrudd. Dette vart virkelig mørkt.

¤ ¤ ¤

Så dagens slutt.


Eit godt måltid. Lutafisk med potet, erterstuing med gulrotbitar i, bacon og grov sennep.
Nydelig for ganen.

¤ ¤ ¤

Dette var nokre av mine helgegleder. Fleire kan du sjå  HER hjå Vivis hagerom og litt til.....

Ha fortsatt ei trivelig helg og nyt adventstida.

Stor varm KLEM frå MarJE.

søndag 2. desember 2012

ADVENT.

No er ventetida komen....ja, ventetida til jul.

Med den er det mykje som skal gjerast og ordnast......det er selvfølgelig opp til kvar enkelt korleis ein vil gjere det. Det er slettes ikkje nødvendig å stresse for mykje, slik at når julekvelden kjem er ein heilt pest. Lurt å finne ein mjuk middelveg, då går alt så mykje lettare.

Må no innrømme at her i heimen går det unna i svingane for tida .....ein heil del ekstra jobbing og så måååååå no eg gjere litt forberedelsar. Rart med dette her greier ikkje heilt å sleppe.

Julebaksten er godt i gang......eller rettare sagt snart i boks. Har ikkje tenkt å lage all verdens sortar. No lagar eg mest vanlige kaker. Dei eg kan pynte ferdige gjer eg det før eg frys dei og somme lagar eg botnane til slik at det er snerte å ta dei opp å pynte ferdig.

Etter som åra går har eg funne ut at til meir kaker eg lagar er det noko som skjer med kleda. 
Kan virke som dei krympar voldsomt....sjølv om eg vaskar dei på same program :))
Nokon fleire som har same erfaringa ???
Derfor begrensar eg søtbaksten og stressar ikkje med alle dei sju småkake sortane slik som før.

Omsider vart det litt adventspynt hjå meg også. 

Opp på loftet å hente fram stjerne, lyskuler og adventstakar både elektrisk og den som skal vere levande lys i.

 Litt av naturmateriale eg har plukka måtte brukast, så i går kveld sette eg i gang.


Brukte berre naturmateriale frå hagen og skogen. Adventstaken ser du øverst før dekorering.


Tok nokre små duskar med lilla lyng frå ei krukke ute......og slik vart resultatet.




Mosegrodde kvistar, rhododendron, konglar og grønt i forskjellige valørar.


Slik vart min adventstake i år  :)

Ei lita helgeglede frå meg som eg har lyst å bidra med hjå Vivis hagerom og litt til....

HER kan du sjå fleire flotte helgegleder.

¤ ¤ ¤ 

Så vil eg ønskje alle ei fantastisk fin, gledelig og koselig adventstid.

Tusen takk for alle besøk og hyggelige kommentarar Dykk legg igjen .
Det er virkelig ei stor og varm glede for meg.

søndag 25. november 2012

HELGEGLEDE

Den størtste gleda denne helga kom no.......HØDD vann Cupfinalen !!!!!!
GRATULERER......no blir det feiring  : )


Ja.....eg har vore på Cupfinale men ikkje på Ullevål. Var her i heimen......traska mellom kjøkkenet og stova. Var så nervepirrandes at det var uråd å sitte still.


Banens beste Nyland.....for ein flinke kar.


Standal i front.....han er frå mi bygd  : )    


Lykklige vinnarar med kongepokalen i hende.


For ein heiagjeng !!!! Vart både jubel og gledestårer i massevis.
( bilda er frå TV- en )


Steikte bollar medan gullkampen gjekk. Måtte ha litt å kose seg med til feiringa.....for det visste eg selvfølgelig at det vart :))
Lyslykt med lykke engel høyrer med i slikt selskap.


Fleire helgegleder kan du sjå hjå Vivishagerom HER.

søndag 18. november 2012

HELGEGLEDER # 3

No nærma det seg slutten for denne helga.....og den har gått like fort som alle dei andre helgene.

Litt forskjellig har vorte gjort og ekstra kjekt er det når ein kan få gjere noko som gleder andre.


Montering av strikke arbeid og fått ut litt såkløe frå fingrane. Kan tru eg har kose meg med frøa...det er rein glede. Kjem tilbake til desse to sakene litt seinare : )

I dag har vi hatt oss ein kosedag med litt matlagings hjelp. Eg lærte dottera mi å lage Ingers Rugbrød. 


Desse brøda baka eg forresten ein del av for nokre år sida, så fristelsen vart så stor at det vart ei steike på meg også : )


Sveiste i hop ein middag " alt i ett i panna " .
Kyllinglår med tilbehør av det ein har for hand og kan tenke seg. Her er det mykje løk, kvitløk, paprika, gulrot, poteter, hermetiske tomatar, olivenolje. god kraft, urter og krydder av ymse slag.
Hadde salat som tilbehør. Fantastisk smakfullt.

¤ ¤ ¤

Ja, når ein kan få lette trykket og gjere noko positivt for andre, er det ei fantastisk god glede.

Fleire helgegleder kan du sjå HER hjå Vivi.


lørdag 10. november 2012

HELGEGLEDER # 2

Ei hand å holde i.........


........ det er mor mi si hand eg held i.

Var på sjukeheimen å besøkte henne i ettermiddag.
Ho fekk sjukdomen Alzheimer og har nesten ikkje språk igjen, så det er så vanskelig for ho å uttrykke seg verbalt. Men ho viser stor glede når vi kjem på besøk. Kjenner oss godt igjen.


Ho likar å ver fin på håret. Eg steller det medan ho sitt framfor spegelen å følger med. Veldig blid og fornøgd med resultatet.


Etterpå kosa vi oss med tende lys og sjokolade. Hadde med ein Azalia å pynta bordet med. Blomar var noko ho likte godt i sine velmakts dagar. Ho viser fortsatt glede av blomar. Når eg vatnar og knip av visne blomar peikar ho visst eg ikkje har gjort det skikkelig.


Hadde med meg strikket mitt så ho fekk studere det. Ho fekk vite kva det skal bli til.
Før strikka ho ein god del og spesielt mykje kunststrikka dukar.

Når eg kan glede andre er det ei ekstra stor glede for meg.

Dette er mitt bidrag denne helga hjå Vivis helgegleder.

Vil du sjå fleire bidrag eller være med sjølv kan du gjere det HER.

søndag 4. november 2012

HELGE GLEDER.

Hjå  "Vivis hagerom og litt til " er det fotoutfordring om våre helgegleder.

Denne helga er eg ikkje av den mest aktive sorten sida eg har jobbhelg og søv ein del av dagen.
Men gleder er det likevel mange av.

Her kjem mitt bidrag.

Den største gleda  i dag har eg ikkje bilete av men eg kan fortelle om den  :)
Når eg omsider stod opp lukta det deilig middag. Herren i huset hadde laga nydelig heimelaga gryte, og den stod serveringsklar. 
Heilt fantastisk god var den.


Tok fram hagenotat boka mi å fekk tenkt gjennom og skreve ned nokre  ( mange og store )
gjeremål for neste sesong. Måtte selvfølgelig ha kaffi med ein søt bit attåt.


Hjelp......dette vart kanskje i meste laget  :)
Men for ei glede å berre tenke på det.


Har fått igjen handarbeids lysta eg hadde i mine yngre dagar. 
Nytt prosjekt på gang. Dette skal bli til ......hemmelig inntil vidare : )
Det er eit ganske stort prosjekt som eg kjem til bake til. 
Eg kosar meg og gled meg til å sjå det ferdig.


Så er det alle Orkideane mine som står rundt omkring i huset og kjem igjen med flott blomstring.
Herlige plantar.

HER kan du sjå fleire bidrag.