Når vi ser ut på det kvite landskapet med snøføyke og tempratur på nokre minusgrader, tilseier omgjevnadane at det skulle ver julestemning i massevis.
Den har uteblitt til no. Så her var det berre å finne fram litt meir lys. Både levande og elektrisk.
Stemninga steig med ein gong.
Måtte prøve dei nye lyktene som eg hekla med syltynn tråd, heklenål 0,75.
Sjølv med heilt nye arbeidsbriller i dobbelt så sterk styrke som dei gamle var det jammen ikkje nok til dette arbeidet.
Skal tru.......det kan vel ikkje ver moglig at det har noko med alder å gjer : D
Må kjøpe meg eit par som har laserglas til slikt pirk......:))
Men.....lyktene i slik tynn tråd vart dei finaste eg har laga etter min smak. Dei er heilt enkle og uten mønster. Dei består av luftmaskar, fastmaskar og stavar. Alle som vil får desse til.
BERRE PRØV.
Nokre små søte englar som eg hadde liggande for hand pynta opp.
Jabadabadu........julafta her når slike herlige posar dukkar opp.
Frø bestilt frå Garden Living. Kjemperask levering, så det kan eg anbefale. Litt av både stauder og sommarblomar.
Eg skulle ver streng med frøbestilling i år, eller rettare sagt skulle eg ikkje bestille i det heile tatt.
Men måtte berre ha litt.......og ( hysj ) meir er bestilt.
Gled meg stort til våren.
¤
Eg har sett på nyheitene at veret har vore skikkeleg ruskete rundtomkring i landet vårt.
Håper det ikkje har blitt dei heilt store skadene hos dykk verken på folk, hus eller hage.
Vi var veldig heldige denne gongen. Her slapp vi unna med litt vind og eit godt lag med kvitt dryss som vil verne godt om plantene ute.
Rett og slett eit kvitt, reint landskap denne gongen som vitnar om at jula er i rute.
¤
Ha det trivelig alle saman rundomkring i alle heimar.
Eg les bloggane dåkka og ser at det er mykje trivelege juleforberedelsar på gang.
No blir det litt staudesådd hjå meg : )
God kveld.
MarJE