Viser innlegg med etiketten Humle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Humle. Vis alle innlegg

lørdag 18. juli 2015

EIN SMAK AV SOMMAR.

Her på Vestlandet, nærmare bestemt på Sunnmøre har vi fortsatt ikkje fått sommaren. 
Hagen og hagestellet går det trått med. Sommarblomane strevar med å ikkje lide drukningsdøden, og hagefrua er lite fornøgd med tilværelsen. Skulla så absolutt fått kosa meg meir i det fri.
Natt til Fredag var temperaturen nede i 3,9 grader. Alt er veldig seint.

Tok meg likevel ei runde med kameraet. Medan eg var ute kom merkeleg nok sola ( Torsdag kveld ) så her kjem ei lita kavalkade.


Trollius chinensis, ballblom.


Skjærsmin.


Sådde busknellik i fjor og dei er i kjømda no. Har vorte store tepper så når dei sprett skikkeleg ut blir det nok fint. Skimt av eine dammen i bakgrunnen.


Busknellik på nærsyn.


Rosene er i farta. Dette er ei gamaldags stor buskrose. Nydeleg lukt.


Klematis.


Klematis The President. Måtte ta bilete frå loftsetasjen for å få ei lita oversikt over størelsen. Den veks over ein bue. Utruleg at den blømer så mykje i dette veret.


Geraniumane har også så vidt starta.


Frå bakhagen. Her er det mange forskjellege bladplantar, både busker og stauder. Dette var før sola skein så då er det eit meir dystert lys.


Hagen er uansett ver levande. Det summar konstant og fuglar er her i hopetal. Eg matar heile året rundt.

Eit lite livsteikn frå meg.

Fortsatt god sommar til alle, der den enn måtte finnast : )

MarJE.

fredag 16. mai 2014

Bzzzzzzzzzzz..............

................oj, her går eg inn for nødlanding.


Med snuten rett inn i ein Geranium for å meske meg med litt nektar.
MarJE er utfordra av Berit med bloggen Hjem og hagesprell til å delta i humlestafetten hjå Moseplassen.


Selvfølgelig vil MarJE slå eit slag for HUMLEfamilien for ho er så glad i frukt og alt som gror å blømer i hagen og ellers i naturen. Uten oss humlene hadde det blitt lite å glede seg over.
Her jobbar eg i plommetreet.


Jøss, mykje å gjer her i svingen for tida. Epla opnar blomane i rekordfart.
Her skal det bli knaskandes epler til hausten mmmmm. 


Ja som dåkke veit har vi hatt litt problem den seinare tid. Humlebestanden har blitt mindre. Ein del av oss har dødt uten at vi heilt veit kvifor. Men mest truleg fordi det er blitt brukt for mykje giftstoff i naturen t. d. sprøytemidler.
Her nyt eg det gode liv langt oppe i ei Revebjelle.


MarJE har forstått at ho ikkje skal bruke dette i hagen sin. Sprøytemiddelet her er kvitløksavkok og lusa kverkar ho med fingrane. Det går heilt fint når ho gjentek det nokre dagar. Nesten ikkje lus igjen til slutt.
Desse Strandnellikane berre elskar eg.


Vi er mange sortar humler i Noreg. Dåkke ser på bileta at vi ser ikkje heilt like ut.
Nammis kor deilig det smaka av Lamium Bacon Silver.


Betre og trøste meg kor mange favorittar som er her. Nei sannelig trur eg det skal bli rikeleg med mat til oss i sommar. MarJE sei at ho skal plante mange nye humlefavorittar i år. Ååååå kor glade vi blir av slikt.
Astrantiaen er ein av mine favorittar, fin er den også.


Etter hektiske jobbdagar er det sanneleg deilig å lande midt i matfatet av ein fyldig bolle. Eg nyt det gode liv i Peonen Sarah Bernard. 


Folkens no flaksar eg avgarde til nye favorittar i hagen. Eg  har god tru på at vi HUMLENE skal klare oss og bestaden vil gradvis auke framover når alle tek ansvar for ei reinare luft.

Før eg surra meg vekk vil eg sladre litt.
MarJE og mannen trudde dei kunne fare stilt gjennom denne dagen heilt til.....


........ denne kaka dukka opp på døra. 
Dei som kom med denne kom for å feire ein dag. Ja 16. Mai er visst bryllupsdagen deira. 
No sladra eg virkelig........men slik er det når eg får surre rundt i hagen å kose meg med alt som blømer. Då fangar eg også opp forskjellig som foregår rundt dørene.
Å dokke .......det er ganske mange år dei har vore gifte også. Eg tjuvlytta men lova å holde det hemmeleg.

Tusen takk for ei deilig kake, det gleda oss veldig : )


Til slutt vil MarJE ønskje alle saman ei strålande 17. Mai feiring.
Gratulerer med dagen alle rundt omkring i vårt langstrakte flotte land.

Helsing frå ei summande MarJE.  


torsdag 1. mai 2014

LITT FRÅ HAGEN.

Tenk Mai alt. No går dagane veldig fort, men ei nydelig tid som må nytast.
Her våkna vi til kvitt landskap i dag og temperaturen hadde vore minus 2 grader i natt.
Ser ut som plantene i hagen har takla fint overgangen frå fine varme dagar til sur kald nordavind. Virkelig " gufse " og utrivelig utever. Blir nok ei kald natt i vente også.
I drivhuset er det stappfullt og varmen måtte på igjen. 


Ellers har det skjedd mykje på hagefronten her.
Dammen har blitt plukka ned, forstørra max av det som det var duk til og bygd opp igjen. Litt fornya er den også blitt.
Ser ut som dei plantene som var i har overlevd vinteren og fleire er bestilt.
Skal vise den seinare.
Bed er blitt utvida og grønsaksbingane er snart klare. 

Det er nok sikkert slik at enkelte planter er tenkt ikkje skal passe i alle hagar. Men har eg bestemt meg for at eg vil ha ein sort så vil eg det : ) For andre året på rad sådde eg Solhatt igjen i fjord ( to sortar ). Dei vaks seg store og eg planta dei på tre forskjellige plassar. Ikkje livsteikn å sjå. Skulle berre ei inspeksjonsrunde ut i det kalde veret i dag då eg plutselig kom på at eg skulle prøve å grave opp der eg visste dei var planta. Merka godt når eg støtte på dei for røtene hadde blitt store. Når eg fekk dei opp hang det fullt med gulbrune makka ut av dei. Det var kjølemakk som hadde gjort store skader og nesten tatt livet av heile plantene. Spraya kvitløkvatn som eg har kokt opp på dei og då kom makkane krypande ut. No er røtene planta i krukker så får eg sjå om dei vil spire etterkvart. Ufyselege greier. Eg vendesnudde gjorda for å få vekk det eg såg men der er nok meir. Rart at det er mest Solhatten som er angrepen av dei. 
Las litt om det på nettet. Som åte skulle ein legge i jorda potetbitar fordi dei brukar å gå i potetene. Så grave opp med jevne mellomrom for å ta livet av dei som hadde komt i potetbitane. Potetbitane er komne på plass....så får eg berre passe på.

Så kjem det eit ras bilete frå hagen tatt sist helg når veret var nydelig.


Mine gode hjelparar som befrukta frukttrea. Her er mykje av både humler og bier.....heldigvis.
Til og med ein sommarfugl for her å svirra.


For første gong i min hage, endelig....... Blåveis.


Nærsynt plante Androsace pedemontana......har sådd den av frø frå Magnar Aspaker. Den er lita men blømer mykje. 


Mange sortar tulipanar er på veg.


Bergenia ny i min hage.
Har forresten veldig mykje nytt i hagen i år så eg gled meg til alt viser seg fram.


Japanske hengekirsebærtreet var på full fart før frosten kom. Dette er blitt eit velvokse tre.
Har fleire andre sortar som er nesten avblømde no.


To sortar Primula, tusenfryd, Phusoclainia orientalis også frø frå Magnar, to sortar Pulsatilla.. 


Narsissar, tulipan, bekkeblom og rutelilje.

Dette var eit lite hagegløtt hjå meg.

Ha ein fin Mai.

MarJE.

søndag 12. januar 2014

HELGEGLEDER # 50.

Tida og helga går rasande fort og med den blir dagane lysare og lengre.
Det kjennest heilt flott ut for eg gled meg til den årstida som kjem etter vinteren.

Sist Laurdag dumpa det eit kjekt stort brev ned i poatkassa. Frø frå Impecta.
Staudene vart sådde med ein gong og no er dei komne ut i kulden. Ja, for det vart kaldt no. I skrivande stund - 8 grader og ca ein cm snø. Litt i minste laget til å isolere plantane, men eg satsar på det ikkje blir langvarig kulde.

Ein av desse frøpakkane kjøpte eg av rein inspirasjon frå ein bloggar. Ho haustpynta og dekorerer så fint med desse lyktene som denne planta gir at eg vart heilt frista til å så den. Det er sjølvaste Vivi som arrangerer HELGEGLEDER for oss.


Physalis alkekengi / Japansk lykt ( biletet er lånt frå Impecta )
Håper frøa mine spirer.


Har sett ut ballongar med vatn til frysing. Må benytte sjansen no når det vart kaldt. 
Koselig med desse ballongislyktene som pyntar opp i hagen.


Litt vårlig blomster vart det pynta med til helga. Tulipanar og Primula.


Har kika litt på sommarbilete. Dette måtte eg berre vise......trur humla har ete seg så mett at ho tek middagsluren inn i Peonen.

Dette var helgegleder hjå meg som eg deler hjå Vivishagerom....

lørdag 3. august 2013

SUNNMØRE REGNAR VEKK.

Etter ei veke med sommar forrige veke har slusene vore på vidt gap sidan.
Og i dag slo det alle rekordar....


.......sjå dei store regndråpane.
Sommarblomane får aldri nok finver til å kome i den store bløminga.
Her ser vi erteblomane som har dekt klatrestativa eg lagde av kvistar.


Det renn nesten som ei elv på vegen.


Denne veka er det det årlige arrangementet " Naturfestivalen " her i kommunen. Det er eit stort opplegg med mange aktivitetar og arrangement av mange slag. I dag blir det avslutta med eit større motbakkeløp " Saudehornet rett opp " 1303 m. o .h. Det er den toppen midt i biletet. Den siste biten er veldig bratt. Fleire kjente personar brukar å delta på dette løpet. I dag måtte det ver ein lite trivelig tur. Skoda låg langt nedi fjellet når dei verste regnbygene kom.
( biletet her er ikkje frå i dag ).


Denne skjønnheita her rakk eg eit bilete av før det braka skikkelig laust.
Rhapsody in blue.


Ein kveld mellom bygene, full av regndråpar fanga eg denne rosa New Down....


.....New Down.


Denne klematisen som har vore feilmerka synest eg er finare enn den den egentlig skulle ver ( Nelly Moser ).Trur det må ver ein hybrid av eit eller anna.


Sjølv om det regnar viser blomane seg frå si beste side :))


Den veks i ein bue av armeringsmatte ved drivhuset. Eg har faktist tatt stikling av denne og den står med knuppar no litt lenger borte i same bedet.
Humlene jobbar overalt i hagen også på denne klematisen.

¤  
Dette var eit regnvått innlegg frå meg.
Blir alt for lite kos i hagen når himmelen slepp ned så mykje fuktigheit. Men det er ivertfall ein ting som trivest godt i beda. Det starta på U...og slutta på .....S. 
Men....men, det ser ivertfall grønt og frodig ut  : D

Ha ein trivelig Laurdagskveld alle saman.

- MarJE -

torsdag 27. juni 2013

INSEKT I HAGEN.

Det har vore ein fin solfylt dag med besøk, grilling og feriekos.
Ei runde i hagen med kamera vart det også, og ein skulle ikkje tru at humlene er i fare for å bli utrydda. Det kryr av dei og frukttrea viser at dei har gjort ein god jobb. Det lavar av fruktkart.
Her kjem litt forskjellige insekt som viste seg når eg skifta linse på kameraet.


Humle i farta.


Sommarfugl på Strandnellik.




Fullhamstra humle på Alunrotblome.





Fluge på Peon.


Mindre sort fluge på Strandnellik.


På veg til å få seg ein godbit.


Mitt største insekt : )  Skrotten som følger meg overalt i hagen. Her ligg han i grusbedet å ventar på at eg skal bli ferdig å ta bilete.

¤ 

Støyperia mine er snudde og eg er veldig fornøgd med resultatet. Eg må berre få pirke vekk litt meir av rabarbrablada før eg viser dei. T - T - T = Ting tar tid veit dåkke, men snart : D.

¤

Eg har tatt så mange bilete at eg har vanskelig for å velge kva eg skal sende ut på bloggen. Luksusproblem.
Men no har bløminga starta av frø som eg har fått her via bloggane og dei skal øyeblikkelig fram i lyset.

Ha ein fortryllandes aften og kos dåkke med det dåkke måtte finne på.
Sommarhelsing frå MarJE som sit i utestova å kosar seg.