Ei veke er snart over, medan ei ny er i vente. Den siste heile før jul.
Det har vore veldig variert ver siste tida. Frå mildver til full vinter, og tilbake til mildveret igjen.
Stormen Ivar var så vidt han sneia innom her for å vise krafta si med å velte litt krukker. Han berre sa ifrå at eg måtte få dei i hus før han kosta vidare.
Litt helgekos har eg holdt på med no i kveld.
Heime åleine, då må eg finne på noko og jammen smakte det godt også.
Medan eg venta på at brøda skulle bli steikt laga eg brente mandlar.
Tok meg skikkeleg tid å brukte svak varme så denne gongen vart dei slik dei skal ver, ikkje brente men karamelliserte.
Farlig godt.
¤
Tidligare i dag oppdaga eg at det var fleire nye fugleartar i hagen. Bileta er tatt gjennom eit ikkje alt for reint vindauge og så har eg forstørra opp slik at det skulle ver mogleg å sjå dei. Kvaliteten er derfor dårleg. Eg har ikkje fått orientert meg om kva sortar det kan ver enda, men kanskje du som kikar innom veit det ?
Dei var i grusbedet å bada i støypekaret som er der. Der var så mange at det var kø for å få seg eit julelaug.
Spurven ville delta i selskapet.
Nokon som veit kven desse er? Det er dei som har dei gule stripene på vingane.
Eg regnar med at dette er par. Den eine er grøn på brystet medan den andre er meir grå.
Så var det denne som står i venstre hjørnet. Den har litt brunt bakover vingen og på brystet.
Veldig klare teikningar i fjøyrdrakta.
Her bada dei så det sprutar.
Slik ser den ut framme. Kan sjå ut som dette også er eit par. Ser det er fargeforskjel og så har den eine skarpare teikningar.
No må eg ha meg fuglebok så eg kan finne ut kva slags fuglar som dukkar opp i hagen.
Hmmmmmm......kanskje ein ide å ønskje seg no i desse tider : )
Litt late som tok alle bileta gjennom vindauget i dag, men dåkke veit at eg kan skreme dei visst eg vasa meg utadørs : ))
Eit tips som fungerte supert. I staden for å lage fuglematen i beger å fylle i mataren, lagde eg det denne gongen rett i mataren. Den i midten her. Kledde den med plastfolie og fylde den opp. Stakk eit par pinnar gjennom så fuglane kan stå på. Den må få tjukne litt før du fyller den i.
Har laga fleirdobbel oppskrift og brukar Moseplassen si. Den fell i smak hjå denne gjengen.
Fann nokre avsette koppar i buda som vart fylde med mat og hengt opp og eit fuglehus som vart hengt mat støypt i kakeformer inn i. Ser nærmast ut som eit jugletred med alle slags matarar dinglande oppi.
Slik blir det når det dukkar opp nye gjestar. Dei må få mat.
På pinnane akkurat no......tilbehør til juleantrekket til barnebarnet.
Blir nok ferdig i kveld.
Då gjenstår det å ønskje alle ein fortsatt trivelig Laurdagskveld.
Eg deler helgegleder hjå Vivishagerom og litt til.