Viser innlegg med etiketten Give away. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Give away. Vis alle innlegg

søndag 14. april 2013

VÅREN NÆRMA SEG.

Her i Møre og Romsdal på Sunnmøre er vi meir enn klare for våren ...og jammen er den endelig i anmarsj.
Ute bles deg og litt regn har kome, men tempraturen er i skrivande stund 10,1 varmegrader. Slikt kan eg like. - 0.6 på det kaldaste i natt. Så då blir det bra for plantene som er i drivhuset uten varme på.

Det er ikkje mange vårteikna i form av spirar enda men.........


.....eg har fått meg varmkompostbinge. Fredag blei denne tatt i bruk. Spennande å sjå om eg får det til.
Ringde på ein butikk som skulle selge kompostbingar, men i år hadde dei ikkje fått inn. Mannen eg prata med tilbaud meg sin binge. Han hadde ikkje brukt den. Den er av dei første bingane som vart laga og er av trevirke utvendig. Godt isolert innvendig. Den er faktisk fin og ser ganske ny ut sjølv om den har stått ute alle  desse åra. Eg sette den inn med olje. Superheldige var eg som fekk denne flotte bingen.
No gjenstår det å sjå om prosessen kjem i gang. 


Veldig mykje av plenen og beda er islagde. Tjukk is og glatt er det så eg heldt på å ramle fleire gongar på inspeksjonen min.
Det er så beinfrose at vatnet sildrar oppå jorda gjennom beda.
Buksbomhekken min er heilt innefrosen av is.


Litt som kom til syne. Primula, øverst Penstemon den sådde eg forrige sesong så det blir spennande å sjå om den blømer i år. Takløk nederst.


Ein tur innom drivhuset. I går prikla eg mange Cosmos (øverste biletet ).
Her er både stauder og sommarblomar. Nederst t. h. er ein liten plante av raud kvann. Dei frøa fekk eg av bloggaren Tua. Tok dei inn for spiring og det må eg sei var 100 %. Har mange småspirar :)


Her er litt av løkane eg kjøpte på salg alt for seint til å få plante ut, for då var frosten komen i bakken alt.  Dei har stått i garasja og der har vore omtrent like kaldt som ute, men alle har klart seg fint og dei spirer for fullt.....ååååå for ei vårglede.


Stor forskjel i dag og frå sist veke under.



Ein av tomatplantene har virkelig tatt laust med veksten cherrytomat Tiny Tim. Blodbegera veks godt, dei er toppa. Og nederst meir frø som vart sådde i går. Eg har ikkje god erfaring med å så direkte i beda så eg gir dei ein god start inne først. Valmuer av mange slag og ringblomar.


Medan eg ventar på at beda kan ryddast har eg gitt krukkene eit strøk med beis. Har 8 av desse firkanta + 3 tønner som er beisa. No ligg vassperlene så fint oppå treverket.
Litt forberedelsar til konfirmasjonen har det blitt i dag. Eg brukar å lage ein spesiell ting til kvar konfirmasjon, denne gongen er det i strikk. Det skal dåkke få sjå seinare kva det er.


Denne flotte boka fann eg i postkassa på Fredag. Eg var så heldig å vinne hjå Ranten med den flotte bloggen Rantenhagen. Gled meg til å lese den for barnebarnet mitt når ho veks litt til. Veldig flotte fargerike bilete i den også.
Tusen takk Ranten!!!

Dette var Vårteikn og Helgegleder hjå meg denne veka.


Klikk på bileta for å vere med eller gå inn og sjå.


Vårteikn hjå Elin med bloggen I hagen ved skauen .......



..........og Helgegleder hjå Vivi med bloggen Vivishagerom og litt til..

¤ ¤ ¤

Ha ein god Søndags kveld alle saman, frå MarJE.


onsdag 12. desember 2012

SJÅ HER............

.......... kva som kom flygande til meg i posten i går.

Julegåver som eg skulle pakke opp før jul : )


Julepynten eg vann hjå Amo med den innholdsrike og flotte bloggen " amo sin blogg ".
Fire søte hjerteforma oppheng i forskjellige grå / sølv fargar. Kjempefine.

Kortet som ho har skreve er ei dame frå nærområdet til Amo som har måla. Ho er lam frå halsen og ned etter at ho fekk  hjerneblødning som 40 åring. Er det ikkje fantastisk for eit pågangsmot !!!!
Veldig flott arbeid.


Tusen, tusen takk for gåva. Gled meg til eg skal pynte med den.

¤ ¤ ¤

Det er ikkje måte på for ei vinnarlykke eg har for tida. Kom eit brev også same dagen med 10 posar staudefrø.  
Eg vann to dagar i adventskalendaren til Anne Kari med bloggen Hagebo. 
Ein flott og informativ blogg. 


Dette er rein lykke. Når eg ser denne konvolutten får eg skikkelig såkløe. Det passa fint for frøda skal i jorda i kveld.
Tusen, tusen takk for premien og for fin såveiledning : )

¤ ¤ ¤

Her kom det litt snø i går og det var jammen på tide så ikkje plantene frys slik på fotane sine.
No har det vorte iskaldt igjen, så i ovnen er det full fyr.

Ha ein fortreffelig kveld og nyt livet i sofaen, på kjøkkenet eller kvar du skulle oppholde deg : )

MarJE.

lørdag 1. desember 2012

TREKNING AV GIVEAWAY

Koselig at så mange ville vere med å ta lodd.....det er eg veldig glad for : )



Brukte lappe metoden ved trekking.

Rødt sett Nina Kristin med bloggen Finnskoghuldra`s puslerier.

Kvitt sett Astrid med bloggen Livet på fjordheim.

Gratulerer !!

Send meg adressene så vert det sendt fortast råd.
hagenisvingen@gmail.com

Til alle nye medlemmar...hjartelig velkomne alle saman.

fredag 2. november 2012

HELG IGJEN.

Første helga i November er i anmarsj. 
Her har vinteren og kuldegradene gått over til mildvær og regn.
I går var det ekstra mildt og ein deilig fønvind.

Det som står på programmet denne helga er jobb.
Når ein har faste helgar instiller ein seg på det , og det går så greit.


Kva kan vel passe bedre enn November kaktus denne månaden....


....den har stått gløymde på eit kaldt rom. Det gjer susen, den sette fullt med knuppar.


No får den stå å pynte på kjøkkenbordet.

¤ ¤ ¤


Denne veka har eg fått overaskelsar i posten også. Trur eg har fått eit slags blogg flaks. Har fått slik vinnarlykke : )


Himalayafotblad og Silkebygg frå frølotteriet til Stubbetufsa. Bloggen finn du HER.
Det var skreve god så veiledning på pakkane. Supert.
Tusen takk !!

¤

Så vann eg 1. premien på Give away hjå Unn med bloggen Tins Rose. Den finn du HER.


Dette flott vaskefatet.
Tusen takk !!

¤ ¤ ¤

Koselig at Dykk tek lodd på Give awayen min  : )

Ha ei god varm helg alle saman og kos Dykk mykje !!!

onsdag 31. oktober 2012

GIVE AWAY......

No er det tid for ein
 JULE GIVE AWAY 
hjå MarJE.

Ikkje så stor men den er laga med omtanke og varmt hjarterom .
Det meste må feirast : )
Og mi feiring er den flotte deltagelsen og gode tilbakemeldingane  Dykk gir til meg her på bloggen.
Så har eg forsyne meg passert 60 følgarar.

Sida jula nærma seg med stormskritt passa det med litt julepynt.


Trekning 1. Desember

Det er 2 hekla trekk til lykter og 3 hjerter .
På lyktene er det små duskar i snorene og ei lita hekla stjerne til pynt.




Eit i raud jul.....


........og eit i kvit jul.

Då vert det 2 vinnarar :)


                        1. Eit lodd for å legge igjen kommentar . 

2. To lodd for å legge deg til som følgar eller at du er følgar frå før.

                        3. To lodd visst du linkar til innlegget. Bruk det øverste bilete.

Då vert det tilsaman 5 lodd.

Skriv i kommentaren din kor mange lodd du tek.

Alle som vil er hjartelig velkomne til å delta.

¤ ¤ ¤

Vinnarane vert annonsert på bloggen min.
 Dei som vinn sender adressa si på mail til meg. Står oppe i sidefeltet på bloggen her.

¤ ¤ ¤

Føler eg må gi ei lita oppfordring om varsemd når eg loddar ut gjenstandar som skal brukast til levande lys !!
Legg litt lys sand i glasa før du sett telyset ned i. Det hindrar oppvarming av glaset i botnen.
Og som med alle andre levande lys - ikkje forlat rommet medan lyset brenn.

LYKKE TIL  :)